Dette kan du få med deg i Storstova dei neste månadane

Janove Ottesen skal på turné – og då er sjølvsagt Bryne med på lista. Foto: Pressefoto

Lokkar med nasjonale kjendisar og talentfulle barn.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Denne hausten flyttar kinoen ut av Storstova på Bryne, og bygget blir dermed eit reint kulturhus. Kulturhussjef Åse Skrudland har planar om å fylla bygget med eit rikt kulturprogram.

- Og her er noko for både liten og stor, slår ho fast.

Anita, Karl og gospel

Anita Skorgan er først ute. Onsdag 12. september skal ho ha ei framsyning der publikum får bli betre kjende med Skorgan og hennar over 50 år lange karriere som musikar og artist. Her blir det forteljingar og musikk, som Skorgan sin eigen «ønskekonsert».

Veka etter blir det live humor frå situasjonskomedien «Mot i brøstet», som i år har 25-årsjubileum. Serieskapar Tore Ryen og hovudrolleinnehavar Nils Vogt (Karl) ser tilbake på kva som skjedde på settet, både framføre og bak kamera. Med andre ord eit standup-show som oppsummerer Noregs største komedie-suksess på TV, med høg mimrefaktor og hysteriske klipp på storskjerm.

I september kjem Anita Skorgan, Tore Ryen og Nils Vogt til Storstova. Foto: Pressefoto

I september blir det også ein musikalsk laurdagskveld på Bryne. 80 kor- og bandmedlemmer i Jæren Gospelkor og nimannsbandet Ållveltes slår seg saman og lagar ein konsert med innslag av gospel, rock og blues. I tillegg kjem Volya Theatre Company på besøk med intimframsyninga «Nære Relasjonar, et oppgjør med menneskets mørke sider».

Akustisk Janove

I oktober opnar den nye kinoen ved torget på Bryne, og då blir Storstova delvis stengd på grunn av ombygging. Men heilt på tampen av månaden kjem Vamp på besøk. I år er det 25 år sidan det første albumet frå bandet, med mellom anna velkjende «Tirn'a Noir». Øyvind Staveland og co. har sidan då fått fem Spellemann-prisar og Prøysenprisen for musikken sin, og denne konserten blir ein god miks av nye og gamle songar.

Vamp blir første band ut når Storstova nyopnar utan kino. Foto: Pressefoto

8. november er det musikalpremiere i Storstova. «Kamilla og Tyven» blei sett opp i Storstova i 2009, og nå er den norske familiemusikalen tilbake i regi av Triangel - ei teatergruppe med base på Vigrestad. På scena vil det vera rundt 20 lokale aktørar, med ei blanding av både barn, ungdom og vaksne.

Milrid Grove har hovudrolla som Kamilla, medan Asbjørn Lindland spelar tjuven Sebastian. Manus og regi er ved Rut Haaland Voll, og publikum får tre sjansar til å sjå Kari Vinje-klassikaren i jærsk drakt.

Teatergruppa Triangel set opp familiemusikalen «Kamilla og Tyven» i Storstova. Foto: Pressefoto

23. november er det duka for nok ein lokal helt. Janove Ottesen gir ut EP-en «Spindelvevriff» i september, og i oktober reiser den tidlegare Kaizers-vokalisten på noregsturné. Heimplassen er sjølvsagt med på turnélista, og denne gongen skal Bryne få sjå ei ny side av Janove. Han skal sjølv spela piano, orgel og gitar, og framfører sine beste låtar frå solokarrieren slik dei blei føydde og komponerte - nedstrippa og akustisk.

- Eg har alltid hatt teatralske element i min musikk, mine tekstunivers og liveshow, men i dette formatet går eg endå litt lenger. For sjølv om det i utgangspunktet er eit nakent «one man show», vil eg by på ein konsert der eg òg tar i bruk enkle triks frå sjangeren «Fattigmannssirkus», seier Ottesen sjølv om det nye showet sitt.

Advent med «Annie»

I månadsskiftet november/desember er det Fantefølge som inntar Storstova. Årets juleframsyning med teatergruppa er den hjartevarme historia om barneheimsjenta Annie, som har blitt vist med stor suksess på Broadway og andre musikalscenar over heile verda.

Fantefølge har med eit ensemble med barn og vaksne frå heile Jæren, med Eivor Undheim Lygren (11) i hovudrolla som Annie. Det er sett opp fem framsyningar.

Fantefølge har «Annie» som årets juleframsyning. Foto: Pressefoto

Etter «Annie» kjem juleframsyningane som perler på ei snor. Først «Julestjerner» med Hanne Sørvaag, Randi Tytingvåg og Britt-Synnøve Johansen, så «Dans i desember» ved Time kulturskule. Den siste veka før jul kjem «Snekker Andersen og Julenissen», før Magnus Staveland og Tenorane syng jula inn - tradisjonen tru.

Sjølv håpar Åse Skrudland på å få med seg alle arrangementa dei neste månadane.

- Det er noko med å få seg stemninga på huset og ulike typar publikum, seier kulturhussjefen.

- Me gler oss i alle fall til å både kunne opna ny kino og ha Storstova som eit reint kulturhus!

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...