– Ein stad der du får vera deg sjølv

MUSIKARAR: Peder Erga (fremst) saman med nokre av dei andre band-medlemmane, Jonas Hetland, Jesper Risa Egge, Halvor Kverneland og Fredrik Lindseth Nordby (til høgre). Foto: Brit Romsbotn

Peder Erga (26) gløymer aldri første gongen musikk han hadde laga blei framført under ei oppsetting med kulturorganisasjonen Unge spor.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 19.01.2019 kl 15:15

– Det er seks år sidan, og eg sat i salen med programbladet og venta på at musikken min skulle bli spelt. Eg hugsar at det var stort, seier 26-åringen til Jærbladet.

Han har vore med i Unge spor heilt sidan starten for ti år sidan.

– For meg har Unge spor vore ein stad der eg har fått lov til å utvikla meg som komponist. Det har vore ein stad der eg er blitt utfordra, samstundes som eg har fått lov til å utfalda meg. I Unge spor får du vera deg sjølv. For meg har Unge spor betydd mykje både personleg og kunstnarleg, seier Peder Erga.

Tre sjølvlaga songar

Han var først med i Unge spor som skodespelar. Etter nokre år fekk han lyst til å laga musikk.

– Det var i samband med den første oppsettinga av «Sønn av Synd» som hadde premiere i mars 2013. Hausten 2012 gjekk eg til Iren (Førland red.mrk) og spurde om eg kunne få lov til å komponera noko av musikken. Ho sa ja. Eg laga tre songar, og eg gløymer aldri kor stort det var då dei blei framførte på scena, fortel Peder Erga.

Etter den tid har han laga musikk til alle Unge spor sine hovudoppsettingar.

Saman med Iren Førland har han heile tida fungert som ein slags duo, Iren har skrive manus og tekstar, han har laga musikken.

«Sone 7» hadde premiere i januar 2014, var den første oppsettinga dei to hadde laga i lag.

Peder Erga har til no laga musikken til seks hovudoppsettingar med Unge spor.

Jubileumsfeiring

Fredag kveld markerte Unge spor ti-års jubileet sitt med fødselsdagsfeiring og inviterte gjester i Storstova på Bryne.

TI ÅRS JUBILEUM: Mord, mafia og lidenskap er stikkord for musikalen «Sønn av Synd», som er Unge spor si jubileumsførestilling. Foto: Brit Romsbotn

Jubileumsførestillinga var «Sønn av Synd», frå 2013, i ei ny utgåve.

Denne gongen er det Peder Erga som har laga all musikken. Komponisten speler også trompet og er ein del av bandet.

– Det er sju år sidan sist eg stod på scena, den gongen som skodespelar, og det kjennest godt å vera tilbake. Eg tykkjer det er spesielt kjekt å vera i Storstova på Bryne, seier Peder Erga.

Unge spor er 10 år

  • Under den interkommunale kultursatsinga Spor i 2008 fekk Iren Førland spørsmål om å dra i gang ei førestilling med Jærens unge talent, noko ho sa ja til.
  • Då prosjektet blei avslutta, innsåg Førland og hjelparane hennar at det ville bety slutten på tilbodet som ungdommane hadde fått smaken på.
  • Dei bestemte seg for å starta Unge spor, som blei ein realitet i januar 2009.

Han trur ikkje han hadde fått framført musikken han lagar offentleg, om det ikkje hadde vore for Unge spor.

– For meg har Unge spor vore ein stad der eg har fått leika, tulla og driva med det eg ville. Eg trur at eg uansett hadde laga musikk, men eg trur ikkje at eg hadde nådd ut om det ikkje var for Unge spor. Noko av det kjekkaste ved å skapa musikk, er å få andre til å spela det du lagar, seier Erga.

Utdanna politi

26-åringen er utdanna politi, men arbeider hjå faren der han kjører gravemaskin.

– Arbeidsdagane mine er veldig langt frå det som eg opplever gjennom Unge spor. Her har eg fått prøva ut ulike sjangrar, eg har fått prøva meg på musikalar og revyar, seier Erga.

– Korleis ser du på framtida når det gjeld engasjementet ditt i Unge spor?

– Det for eg nesten sjå. Ting endrar seg og eg veit ikkje heilt om eg vil vera med vidare. Når ein går i full jobb, forsvinn det meir tid, svarer Erga.

AKTIVE: Fengande musikk og flagrande skjørt i musikalen «Sønn av Synd» som i helga blir framført i Storstova på Bryne. Foto: Brit Romsbotn

I tillegg til jubileumsførestillinga med inviterte gjester i Storstova fredag kveld, er det opne førestillingar for publikum laurdag og sundag.

Samla talent

Unge spor blei etablert etter den interkommunale kultursatsinga Spor, som kom i stand i samband med kulturbyåret 2008.

Iren Førland fekk spørsmål om å dra i gang ei førestilling med unge talent frå Jæren, eit oppdrag ho sa ja til.

Speleglad ungdom frå kommunane Time, Klepp, Hå og Gjesdal blei samla, og musikalen «Maestro» blei ein realitet.

Då kultursatsinga og Spor-prosjektet blei avslutta mot slutten av 2008, innsåg Irene Førland og hjelparane hennar at det også ville bety slutten på tilbodet som ungdommane no hadde fått smaken på.

Saman med ektemannen Frode Førland, Johanne Steinsland og Linn Skretting bestemte ho seg difor for å starta Unge spor.

Fekk overta overskott

Dei fekk overskottet etter førestillinga «Maestro» som oppstartsmidlar, og dei fekk også støtte frå kommunane.

29. januar 2009 blei Unge spor registrert som ideell organisasjon i Brønnøysund, og same veke samla dei gjengen av unge som så absolutt ville vera ein del av eit scene-miljø på Jæren.

30 unge frå musikalen «Maestro» melde seg inn i Unge spor, og i tillegg kom det 15 nye.

Kulturorganisasjonen Unge spor var i gang.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...