Eldsjela som brenn for Vigrestad IK

Etter fleire tiår med trenar- og styreverv i Vigrestad IK har Jorunn Byrkjenes Aarsland no «berre» ansvaret for å vaska alle treningsapparata ein til to gonger i veka.

Jorunn Byrkjenes Aarsland anar ikkje kor mange timar ho har brukt på klubben i sitt hjarta. – Heldigvis, seier ho.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

- Viss du ikkje var på arbeid, så var du på klubbhuset, seier døtrene mine til meg. Men då visste dei i alle fall kor eg var, fortel 58-åringen med eit smil.

Ho måtte ha struktur på kvardagen når ho skulle kombinera jobb, hus og barn med trenarverv og styreverv i Vigrestad IK. Ein lang periode kjørte ho også dei to døtrene på riding på Foss-Eikeland to ettermiddagar i veka, i tillegg til å vera korpsmor med styreverv.

Nærbilde

Jorunn Byrkjenes Aarsland

Alder: 58 år.
Bur: På Vigrestad.
Sivilstand: Gift med Ove, to vaksne døtrer, to barnebarn.
Aktuell: Eldsjel i Vigrestad IK gjennom 25 år, og fekk førre veke Hå idrettsråd sin eldsjelpris.

Eit ja-menneske

Det 25 år gamle engasjementet i Vigrestad IK begynte då yngste dottera var fem år og ville begynna med barneidrett. Klubben trengte trenar, Jorunn hadde drive med allsidig idrett før og sa seg villig til å bidra.

- Så sant eg kan, seier eg ja, slår ho fast.

Derfrå gjekk det slag i slag, og ho har kombinert trenargjerninga med både leiarverv i barneidretten og styreverv i hovudstyret. I åtte år, fram til for tre år sidan, var ho også leiar av hovudstyret.

- Då fekk eg ikkje fornya tillit på årsmøtet. Det var skuffande der og då, men det tok ikkje mange dagane før eg var tilbake på klubbhuset. Vigrestad IK er klubben i hjarta mitt. Det har gjeve meg mykje tilbake å engasjera meg her, slår Jorunn fast.

Det ho veit sikkert om tidsbruken, er at ho har teke over 100 timar med trenarkurs. Og at ho no har mykje rolegare dagar enn før.

- Eg brukar eit par timar i veka på å vaska alle treningsapparata ein til to gonger, pluss at eg lagar ein del mat til alle dugnadsfolka som stiller opp på det store byggjeprosjektet me er godt i gang med. Det er mange med eit stort engasjement rundt klubben, slår Jorunn fast.

Fekk eldsjel-pris

I førre veke fekk ho Hå idrettsråd sin eldsjel-pris, og det innramma diplomet har fått heidersplassen på veggen heime i stova.

- Ja, eg måtte jo gjera plass. Men det er litt overveldande å få ein slik pris. Eg veit jo at eg har bidrege med mykje gjennom dei siste 25 åra, men likevel.. Eg måtte la det søkkja inn eit døgn før eg hengte opp diplomet, fortel Jorunn, som for øvrig også har engasjert seg som natteramn på Vigrestad.

- Det har vore kjekt å kunna bidra til eit godt oppvekstmiljø her på Vigrestad. Eg trivst godt saman med ungar og ungdom.

Flytta heimefrå som 16-åring

Jorunn vaks opp i Grimo i Hardanger.

- Det ligg i Ullensvang, på vestsida av Sørfjorden. Den beste sida, seier ho med eit smil.

På den vesle garden, med kyr og fruktdyrking, budde ho saman med mor, far og tre brør.

- Me var tidleg med og arbeidde på garden. Eg var nok ikkje meir enn 5-6 år då eg begynte å ta eit tak med riva under slåtten. Særleg i slåtte- og fruktsesongen om sommaren var det travelt. Og frå eg var 11-12 år hadde eg ansvaret for å vaska og baka kvar laurdag, året rundt. Slik var det, og oppveksten har gjort at eg aldri har vore redd for å ta i eit tak. Eg trur me hadde godt av å læra tidleg å jobba, fortel Jorunn.

På fritida dreiv unge Jorunn med allslags idrett, i tillegg til at ho var aktiv i 4H. På vinteren var det skeiser og ski, på sommaren friidrett, terrengløp, handball og fotball.

Som 16-åring flytta ho på hybel og begynte på husstell-lina på yrkesskulen i Åsane. Deretter følgde to år i Os, eitt på skule og eitt som praktikant, før ferda gjekk vidare til husmorvikarskulen på Voss.

Starta som brevvener

I tida i Os vart ho kjent med ein spennande ung mann, Ove Aarsland frå Vigrestad.

- I dagens samfunn har ein internett. På 70-talet hadde me brevvener. Ove og eg begynte som brevvener, og så utvikla det seg til giftarmål og familie, fortel Jorunn.

Det var altså kjærleiken som var hovudgrunnen til at ho flytta til Hå i 1980. Året etter bygde ekteparet huset i Helmikhølen, og etter kvart kom det to jenter, som no er 32 og 30 år. Ho yngste bur i USA, ho eldste bur i Sande i Vestfold. I Vestfold har Jorunn også barnebarn - to jenter på sju og ni år.

- Eg skulle gjerne hatt dei nærare, men eg reiser ofte austover, så det går ikkje meir enn halvannan til to månader mellom kvar gong eg ser dei. Å verta mor var kjekt, å men å verta mormor.. Det er desserten i livet!

Jorunn har både brør og mor att i Hardanger, så ho reiser dit to-tre gonger i året.

- Saknar du fjorden og dei bratte fjella?

- Nei, i grunnen ikkje. Eg er ei slik som finn meg til rette og trivst overalt. Det er veldig godt å bu her me bur, med gode naboar. Mange har budd her heilt sidan feltet var nytt, akkurat som oss.

Snart 40 år i Hå kommune

Jorunn har snart 40 års fartstid som tilsett i Hå kommune. Ho starta yrkeskarrieren som husmorvikar. Då gjekk ho inn i heimar og tok alle husmora sine daglege oppgåver når husmora skulle føda, måtte på sjukehus eller av andre grunnar måtte vera borte frå heimen. Som husmorvikar måtte ho vaska, laga mat, passa ungar, ta imot ungar som kom heim frå skulen med meir. Èin gong måtte ho til og med ta seg av ein nyfødd kalv.

- Ein av ungane kom og fortalde at no hadde ei av kyrne fått ein kalv. Mannen på garden var på arbeid, men eg fekk tak i han på telefon, og han fortalte kor eg kunne finna ei varmelampe. Så då måtte eg trø i nokre svære mannfolkstøvlar, gå inn i fjoset, få tent varmelampa og få lagt kalven under. Jo, det var eit variert arbeid, fortel ho med eit smil.

Men på starten av 1990-talet var det slutt på husmorvikarane, og Jorunn vart heimehjelp i staden. Det er ein jobb som i større grad handlar om vasking, men som også inneheld element av omsorgsoppgåver. Då ho fekk problem med ryggen for 16 år sidan, vart litt av stillinga hennar omplassert frå heimetenestene til ein bustad for psykisk utviklingshemma. Å jobba i bustaden er variert og utfordrande arbeid, synest ho, og frå mai skal ho ha den største delen av stillinga si der.

Spøt, musikk og husstell

Jorunn steller ikkje berre for andre. Ho steller heime også, og stiller med heimebakst når Jærbladet er på besøk.

- Eg må alltid ha noko i frysaren. Eg likar godt å baka og laga mat. Men noko av vaskinga kunne eg godt vore utan.

- Må du ha det ryddig rundt deg?

- Eg lever godt med litt rot, så lenge det er reint og ryddig i skuffer og skap. Då veit eg at eg raskt kan få kontroll.

På stovebordet står det ei lita korg med spøt. På golvet under eldsjelprisen står det ei større.

- Eine dotter mi sa; du kan jo ikkje sitja stille, utan å ha noko å halda på med. Nei, det er vel ikkje heilt slik, svara eg. Men ho hadde rett. Det er godt å halda på med noko, så når eg set meg ned, finn eg som oftast fram spøtet, seier Jorunn, som er stamkunde på garnutsala både på Foss-Eikeland og i Oltedal.

Jorunn er også interessert i musikk.

- Eg putlar litt på gitaren innimellom. Og så er eg glad i å spela blokkfløyte - instrumentet som alle andre hatar, seier ho med ei smil.

Framleis brenn ho for at alle - og særleg barn - skal få oppleva gleda ved variert fysisk aktivitet. Sjølv har ho på grunn av helsa ikkje kunna trena så mykje som ho har ønskt sidan i fjor sommar.

- Eg har alltid halde meg i form, gjennom turar, sykling og treningane eg leia - i tillegg til at me i mange år hadde hund som måtte ut og luftast. For snart tre veker sidan hadde eg ein operasjon, som eg håpar var vellukka, slik at eg kan koma i gang med mi eiga trening att. Alt går lettare når ein er i form.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...