– Fagforeiningane har bidrege til konkurransekrafta vår

Administrerande direktør Magne Svendsen (t.v.) og Stein Mossige, klubbleiar for Fellesforbundet, snakkar ofte saman. Foto: Kristine M. Stensland

Dette seier direktøren på plogfabrikken til Kverneland Group i Klepp. Meir enn 70 prosent av dei tilsette er fagorganiserte.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

- Me er einige om at me har felles mål. Me skal levera det me ha lova til kundane, og me skal sikra at Kverneland er ei lønsam bedrift, seier Stein Mossige.

Han er klubbleiar for dei som er fagorganiserte gjennom Fellesforbundet hos Kverneland Group i Klepp. Fellesforbundet er ein del av LO.

Fagforeiningar på Jæren

  • Denne helga publiserer Jærbladet ei serie med saker om fagforeiningar på Jæren.
  • Her uttaler tillitsvalde frå eit utval fagorganisasjonar seg om korleis det er å driva fagforeining på Jæren.
  • Tillitsvalde hos Risa AS og Aarbakke AS fortel kvifor dei vel å ikkje vera fagorganiserte.

- Det er 320 medlemmar i verkstadklubben til Fellesforbundet. Me har ein organisasjonsgrad på 95 prosent. I tillegg til Fellesforbundet, er også Forbundet for Ledelse og Teknikk, Tekna og YS representerte med klubbar hos Kverneland. Nokon tilsette er også organiserte hos Nito, fortel Mossige.

- Eg vil hevda at det stemmer at me har eit felles mål. Eg lever etter den grunnleggande regelen at folk ønskjer å gjera ein god jobb om tilhøva ligg til rette for det, seier Magne Svendsen som er administrerande direktør i Kverneland Group Operations Norway, som er det fulle namnet til selskapet i Klepp.

Ein ringerunde til dei andre klubbleiarane i bedrifta fortel at det totale talet på fagorganiserte er 420 av 550 tilsette.

LES OGSÅ: Risa møter krav om fagorganisering

Organiserte partar

Mossige trur begge partar er tente med at dei tilsette er ein del av ei fagforeining.

- Eg har aldri tenkt tanken på å vera utan ei fagforeining. Gjennom fagforeininga blir me skulerte. Då lærer me om samarbeid og om at me har same mål som bedrifta. Det er ikkje ein kamporganisasjon. Eg synest LO er ein ansvarleg organisasjon. Etter mi meining er dei for ansvarlege i nokon tilfelle. Dei tek ansvar når dei legg føringar i sentrale forhandlingar, seier Mossige.

Direktøren fortel at bedrifta er medlem av NHO.

- Der har me ei støtte som er parallell med fagforeininga. Me får eit rammeverk og eit regelverk. Om det finst problem, kan me ringa NHO og få hjelp av ekspertar på ulike område. Dessutan kan me læra av andre selskap, seier han.

- Det same gjeld for vår del. Me får rådgjeving og hjelp frå fagforeininga, seier Mossige.

- Det kostar pengar å vera med i NHO, men det er verdt det. Bortsett frå det ser eg ikkje noko negativt med at bedrifta er i NHO, og at me har organiserte tilsette, seier Svendsen.

LES OGSÅ: Aarbakke er utan fagforeining

Annleis utan fagforeining

Svendsen har hatt ti månadar i direktørstolen hos Kverneland Group Klepp. Totalt har han vore tilsett i Kverneland i 16 år, og dei siste fem åra har han vore administrerande direktør for Kverneland i Nederland.

- Der var ikkje fagforeininga like tydeleg som her. Organisasjonsgraden var låg. Då visste me ikkje kor stor støtte dei tillitsvalde hadde blant dei tilsette når dei uttalte seg. Når eg sit med Stein, veit eg at han har 95 prosent av arbeidarane bak seg.

Svendsen er også administrerande direktør for Kverneland Group Business Partner, som er sentral IT-avdeling og tek seg av reservedelar og service for konsernet.

- Der er fagforeiningsgraden mykje lågare. Det blir ein annan måte å jobba med dei tilsette på som er litt meir tungtvint. Me prøver å få dei tilsette til å velja tillitsvalde.

Den vanskelege løna

Sjølv om Svendsen og Mossige har felles hovudmål, hender det også hos Kverneland at arbeidsgjevar og arbeidstakar har ulike interesser.

- I lønsforhandlingar har me same mål, men me har ulike måtar å sjå det på. Det er ikkje alltid begge partar er like glade. Opp gjennom historia har me slost med kvarandre, mellom anna om det som gjeld bonusordningar, leiarløn og tillegg, seier Svendsen.

- Me har hatt mykje utfordringar under lokale lønsforhandlingar. Oljeindustrien ønskjer å rekruttera mange av dei same folka som oss. Det ville ha sett arbeidsplassane våre i fare om me stilte same lønskrav som oljeindustrien. Sjølv om me blei einige til slutt, var det mange av medlemmane våre som syntest at me var for moderate i krava våre i gullalderen til oljebransjen, seier Mossige.

- I periodar har me mista ein god del folk grunna lønskonkurransen med oljenæringa. No har dei tilsette vore her gjennomsnittleg i 15-16 år. Før var gjennomsnittet betydeleg høgare. For vår del er det bra om oljeprisen held seg lågt, seier Svendsen.

Han kallar 2015 og 2016 for særleg tøffe år.

- Me har hatt eit godt samarbeid med fagforeiningane gjennom desse tidene. Det har hjelpt at dei har vore moderate både sentralt og lokalt. Fagforeiningane har bidrege til konkurransekrafta vår. Eg synest dei har teke ansvar.

Frykta utflagging

- Eg har vore her i 40 år. Både klubben og leiinga har endra seg. Det er ikkje dei same kampane som før, seier Mossige.

Han har vore gjennom fleire rundar der det er blitt vurdert om bedrifta skal flagga ut.

- Me tilsette har ønskt å vera her. Samarbeidet me har hatt med leiinga, er avgjerande for at me er her i dag, seier klubbleiaren.

- Me har vurdert utflytting mange gongar dei siste 20 åra, mellom anna på grunn av lønsnivået, høge, norske kostnadar og forholdet mellom den norske krona og euroen. Men det er her vogga vår er, og her har me tenkt å bli i 100 år til, seier Svendsen.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...