Fann gutane som kasta rakett inn i ope vindauge

For andre gong i løpet av to døgn har politiet rykka ut til melding om rakettar som er kasta inn i hus av ungdommar. Foto: Illustrasjonsfoto

For femte gong får politiet melding om ulovleg og farleg bruk av fyrverkeri på Jæren dette året når kalendere viser 2. januar.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 03.01.2018 kl 14:30

Politiet fekk klokka 19.22 tirsdag melding om ein gjeng med gutar som kasta ein rakett inn eit ope vindauge i eit hus i Klepp.

– Heldigvis ingen skade på huset som fekk raketten inn, skriver politiet på Twitter.

– Den kan ha slukka på vegen, det veit me ikkje ennå, seier operasjonsleiar Helene Strand til Jærbladet.

– Kva straff får dei eventuelt?

– Dei får som regel ein formaning om at det ikkje er greitt. Me tar ein telefon til foreldra for å informera om at dei har gjort det og det, og så snakkar me med ungdommane. Er det skadar må me sjå annleis på det, seier Strand.

Onsdag melder Hans Kyllingstad ved Klepp lensmannskontor at politipatruljen som var på staden, fekk tak i gutane, og fekk snakka med både dei og foreldra.

– Saka blei ordna opp i der og då, seier Kyllingstad.

Oppmoding til foreldre

Dette er ikkje fyrste gong ungdommar har skutt med rakettar etter nyttårsaftan.

Tirsdag kveld fekk også politiet ei melding rundt 19.30 frå Orre, der nokon har sprengt ein postkasse med fyrverkeri.

– Det er observert fem-seks gutar springane frå adressa, seier Strand.

Politiet valde ikkje å senda ut ein patrulje då dei var for seint ute, men fortel at dei rykker ut til dei fleste meldingane om rakettar.

Også medan politiet var opptatt med saka på Kleppe, i 20.30-tida, kom det inn melding om uvettig bruk av fyrverkeri. Denne gongen frå Nymannsvegen på Vigrestad.

– Det blei ikkje sendt nokon dit, fordi patruljen var opptatt med saka i Klepp, fortel Bjørn Søyland ved lensmannskontoret på Bryne.

Hans inntrykk er at det trass alt er blitt litt betre enn før, fordi ein no berre sel fyrverkeri eit par dagar før nyttårsaftan.

– Før starta det tidlegare, og heldt på lenger. Det er ikkje uvanleg at me har mykje å gjera med fyrverkeri rundt nyttår, men like fullt er det som skjer ulovleg og farleg, seier Søyland.

– Foreldre bør følgja med

Operasjonsleiar Helene Strand oppmodar foreldre om å følgja med.

– Følg med om ungane har fyrverkeri, i så tilfelle må dei holda det igjen slik at dei ikkje får gå ut med det, seier ho, og minnar om at foreldrene er ansvarlege for mindreårige.

Tre andre tilfeller

Også klokka 19.15 fyrste nyttårsdag skøyt ti ungdommar vilt med fyrverkeri, blant anna mot eit hus i Kløvervegen på Vigrestad.

Ein time seinare fekk politiet ein ny telefon frå same stad om uvettig skyting. Då fann politiet ei gruppe på nærare 20 ungdommar.

Også på nyttårsaftan mottok politiet melding om ein gjeng på Varhaug som dreiv med uvettig oppskyting av rakettar. Fyrverkeriet gjekk i retning togskinner, bilar, husveggar og personar. Ein halv time seinare var politiet i kontakt med ein gutegjeng på staden og tok med seg fyrverkeriet.

Om fem hendingar på Jæren etter nyttårsaftan er meir eller mindre enn vanleg, vil ikkje operasjonsleiaren uttala seg om.

– Det har eg ikkje grunnlag for å uttala meg om, men det er alltid litt slikt etter nyttår. Me tar imot meldingane og sender patruljane ut så langt me har kapasitet, seier Strand.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...