Får vera sin eigen sjef

Randi Thrana steiker kjøtkaker. Oda Strømland (tv.) og Kaisa Rugland ser på. Foto: Snorre Standish Norheim

På Bryne ungdomsskule får elevane læra korleis det er å driva eiga bedrift, som kokkar i eigen kafé og tilbydarar av bilvask og hjulskift.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sju elevar frå 9. trinn ved Bryne ungdomsskule slåst om plassen inne på kjøkkenet til Ingeborg Undheim Gundersen. Sjølv doserer ho krydder, kjøtdeig, egg og potetmjøl, og får hjelp av Jimmy Xu til å hella på mjølk. Lenger ned på kjøkkenbenken står eit firkløver og veg opp 50 gram kjøtdeig, og triller kjøtkaker. Steikinga tek Randi Thrana seg av.

Anette Orre (tv.), Anne Malin Ree og Kaisa Rugland veg kjøtdeigen på ei vekt, før dei formar han til kjøtkaker. Foto: Snorre Standish Norheim

På slutten av skuledagen, første fredag i november, held elevane på å førebu kjøtkakemiddag, med erterstuing, brun saus og rørte tytebær. Nitten pakkar kjøtdeig og 12 kg poteter skal bli sundagsmiddag for gjestane til EB Bygdecafé, som held til i speidarhuset i Vardheia. Namnet valde dei fordi dei tenkte at Vardheia låg landleg til, utanfor Bryne sentrum, som ei bygd for seg sjølv. Ordet kafé hadde assosiasjonar til noko som er koseleg, og så var det heller ikkje heilt rett å kalla staden for restaurant.

- Me tenkte litt fram og tilbake, me ville gjerne laga mat, og då enda me opp med kafé. Me ville at det skulle vera ein koseleg stad, der folk kunne koma og vera sosiale, seier Ingeborg Undheim Gundersen, som saman med Randi Thrana og Anne Malin Ree kom opp med ideen til kafeen.

Jimmy Xu hjelper Ingeborg Undheim Gundersen med å laga farsen som skal bli til kjøtkaker. Foto: Snorre Standish Norheim

Måtte søkja om jobben

Kvart år får alle bryneelevane på 9. trinn moglegheita til å starta eiga bedrift. Når ideane til dei nye bedriftene er klare, må elevane utan eiga bedrift skriva jobbsøknad, som blir vurdert av lærarane, som tildeler dei ei bedrift.

Kokkane i EB Bygdecafé fortel om ei arbeidsfordeling der alle gjer litt av alt, og rullerer på arbeidsoppgåvene. Når dei skal i butikken for å handla inn mat til opptil 50 gjestar, hjelper det å vera mange til å bera posane. Og til å ha skuldrer å sitja på, når varene som ligg øvst i hyllene, skal takast ned.

Trongt på speidarhuset: Anne Malin Ree, Anette Orre, Randi Thrana, Ingeborg Undheim Gundersen, Oda Strømland, Kaisa Rugland og Jimmy Xu. Foto: Snorre Standish Norheim

Dei fekk ein vaksen til å stå som ansvarleg leigetakar, og fekk pengar til å betala for mat og leige gjennom å selja andelar à 50 kroner til slekt og familie. Når «skatt» er betalt til klassekassa, og andelshavarane har fått betalt tilbake pengane sine, får elevbedrifta behalda overskotet sjølv.

- Det er ein ekstra motivasjon, seier Undheim Gundersen.

- Men det viktigaste er å ha det kjekt, seier Kaisa Rugland.

Første sundagen kom det rundt 40 personar, og fleire la inn gode tilbakemeldingar på Facebook. Då serverte dei kyllingsuppe, som òg står på menyen sundag 11. november. Den siste sundagen blir det igjen servert kjøtkaker. Kvar helg er det ein ny type dessert.

Elevbedrift

Elevbedrift er den ideelle organisasjonen Ungt Entreprenørskap sitt bedriftsprogram i grunnskulen.

Lèt elevar erfara å starta, driva og avvikla si eiga bedrift, saman med ei gruppe av medelevar.

Bedriftsprogrammet er utvikla med tanke på ungdomsskulen. Gjennomføringa kan variera frå nokon få veker til eit heilt skuleår.

Kjelde: Elevbedrift.no, Wikipedia,

Hjulskift og bilvask

Ein del av arbeidet med å starta elevbedrift, er å profilera bedrifta si, fortel Ole Kristian Jonsbråten. Han har fått posisjonen som marknadsførar i EB Bilvask, fortel at bedrifta utfører hjulskift og innvendig og utvendig bilvask, og at kundar kan finna kontaktinformasjonen på Facebook.

- Det har vore veldig kjekt, me har fått veta meir om korleis det er å ha eiga bedrift, og å ha meir ansvar, meiner Jonsbråten.

Sander Slåtten Haugland kom opp med ideen til elevbedrifta. Dan Asheim har fått jobben som økonomiansvarleg, medan Sondre Pedersen, Teodor Skrettingland og Jan Nadar er medarbeidarar. Så langt har elevbedrifta hjelpt fire bileigarar, og seinare denne fredagen skal dei hjelpa to til.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...