Gabriel fekk 18 barn. No er han heidra med eigen veg.

Alf Bjarne Laland (t.v.) og Magne Grude frå Klepp kommune er klare til å setja opp skiltet som beviser at bonde og 18-barnsfar Gabriel Edland har fått si eiga gate på Orstad.
 Foto: Åge Bjørnevik

23 personar har fått ein veg oppkalt etter seg i Klepp. Kommunen har begynt å bruka vegskilta for å formidla historia om dei.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 21.02.2017 kl 15:18

– Står det beint no? spør Alf Bjarne Laland frå Klepp kommune.

Kollega Magne Grude siktar og stadfestar. Det er berre til å skru skiltet fast. Skiltet som beviser at Gabriel Edland (1871-1943), lokal bonde og far til 18 barn, har fått ei gate oppkalt etter seg.

Dei to karane frå Klepp kommune befinn seg høgt og luftig på Orstad, i det nye feltet kalla Orstad Utsyn. Parallellgata nedføre skal heita Jorine Edlands veg. Jorine var gift med
Gabriel, levde frå 1877 til 1950 og var bondekone og mor til 18 barn.

– Det er litt spesielt med desse to, som hadde så mange barn, seier Alf Bjarne Laland.

– Har du lært mykje nytt av å setja opp skilta, eller kjente du til alle frå før?

– Det er ikkje alle eg har høyrt om før, men det er kanskje ikkje så rart, heller. Han her, for eksempel, levde ei god stund før vår tid, seier Laland og smiler.

Begynte på nyåret

Klepp kommune begynte å setja opp dei nye skilta på nyåret. Om ikkje lenge er alle på plass.

Inspirasjonen har dei henta frå Stavanger, som gjorde noko liknande for eit par år sidan, opplyser kulturvernkonsulent Thorbjørg Isafold Kristjansdottir.

Ho har jobba tett saman med Klepp historielag for å finna fram til dei korte stikkorda som skal forklara kven personen bak gatenamnet er.

– Det har ikkje alltid vore like opplagt. Lensmann Carlsens veg, for eksempel. Det har vore minst tre lensmann Carlsen i Klepp, og eigentleg kunne gata vore oppkalt etter alle tre, men me valte å seia at ho er oppkalt etter den første av dei – Carl Carlsen, fortel Kristjansdottir.

Fleire kvinner har kome til

Ho har spesielt latt seg fascinera av adelskvinna Helle Rosenkrantz (1618-1685), som lenge var den einaste kvinna som hadde ein veg oppkalt etter seg i Klepp; Rosenkrantzvegen på Klepp Stasjon.

– Ho budde aldri i Klepp, men ho kjøpte Anda-garden, som tidlegare hadde tilhøyrt Utstein kloster, fortel Kristjansdottir.

Ifølgje Jærbladet sitt arkiv blei vedtaket om Rosenkrantzvegen gjort i 2003.

Dei siste åra har det kome fleire kvinner på lista. I 2013 – samband med 100-årsjubileet for at kvinner fekk stemmerett – blei tre gater oppkalte etter kvinner som har sett spor etter seg i Klepp.

– Sofie Steinnes, den første kvinna som var medlem av heradsstyret, sa seg nesten sjølv. Og i tillegg fekk Marta jordmor og søster Gerda gater oppkalt etter seg, fortel Kristjansdottir.

Jorine Edland har som nemnt også fått sin eigen veg. I tillegg ventar Klepp kommune på ein god sjanse til å heidra diktaren Åse-Marie Nesse med ein eigen veg.

– Ho er ein viktig kulturperson, så me ventar på den rette vegen – ein veg som er henne verdig, seier Kristjansdottir.

Når nye gater skal få namn, samarbeidar ho tett med Klepp historielag og språkprofessor Inge Særheim. Det hender også at andre kjem med innspel.

Alle forslag blir sende til Statens namnekonsulentar for Vestlandet, som gjev sine råd. Det er politikarane i hovudutval for lokal utvikling som fattar endeleg vedtak.

Desse har fått gater oppkalt etter seg i Klepp

  • Adolf Hatteland (1857-1932), landhandlar og bonde.
  • Lars Tjøtta (1864-191), landhandlar og lokalhistorikar.
  • Carl Carlsen (1830-1910), lensmann, (Lensmann Carlsens veg).
  • Ole Kyllingstad (1860-1947), smed og fabrikkgrundar.
  • Ola Engelsvoll (1909-1990), bonde, (Olavegen).
  • Karl K. Kleppe (1877–1959), bonde, ordførar og stortingsrepresentant.
  • Olav Håland (1920-1999, rådmann.
  • Peder Krohn (1882-1962), ordførar.
  • Peder Erga (1891-1969), bakar, (Peder Bakars veg).
  • Helle Rosenkrantz (1618-1685), godseigar og adelskvinne, (Rosenkrantzvegen).
  • Søren Øvretveit (1864-1923), høgskulestyrar.
  • Theodor Dahl (1886-1946), forfatter og journalist.
  • Thore Ellingsen (1826-1908), lærar og ordførar.
  • Trygve Bore (1896-1973), bonde.
  • Donchard Carlsen (1882-1966), ordførar, (D. Carlsens veg).
  • Christian Sole (1896-1980), sokneprest, (Presten Soles veg).
  • Ole I. Bore (1936-2008), ordførar.
  • Sofie Steinnes (1865-1939), heradstyremedlem og bonde.
  • Marta Malena Hatteland (1860-1947), jordmor,(Marta jordmorsveg).
  • Gerda Herigstad (1904-1992), sjukesøster, (Søster Gerdas veg).
  • Torvald Tu (1893-1955), forfattar.
  • Gabriel Edland (1871-1943), bonde og far til 18 barn.
  • Jorine Edland (1877-1950), bondekone og mor til 18 barn.

Her er nokre av dei nye gatenamn-skilta som har kome på plass etter nyttår. Foto: Åge Bjørnevik

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...