Gutane må flytte kvar gong UDI legg ned eit mottak

Abel (15) og Hekmatullah Shinwari (17) bur på Hå mottak, avdeling einslege mindreårige (EM). UDI legg ned mottaksplassane frå 1. desember, og gutane må flytte. Foto: Hilde Garlid

Dei er 15 og 17 år. Dei har budd to og fire stader i Norge sidan dei kom som einslege, mindreårige asylsøkjarar. Nå må dei flytte igjen.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Før helga fekk ungdommane som bur på Hå mottak, avdelinga for einslege mindreårige asylsøkjarar (EM) beskjed om at UDI seier opp plassane. Det betyr at 35 ungdommar må flytte. Ingen veit kvar, men mest sannsynleg til eit nytt mottak.

Flyttar for tredje gong

For 15 år gamle Abel blir dette tredje gong han må flytte til nye, ukjente adressar i Norge. Han kom til Hå mottak for fire veker sidan fordi hans forrige mottak blei lagt ned. No skjer det igjen.
Innan 1. desember må alle dei einslege mindreårige flytte frå Jæren.

Omflakkande liv

Hekmatullah Shinwari (17) har etter to år i Norge fått opphaldsløyve og har er blant dei heldige som også har fått kommune. Han skal til Åmot kommune. Men når? Det veit han ikkje.

Hekmantullah er likevel blant dei heldige av dei 35 ungdommane på avdelinga for einslege mindreårige (EM) på Hå mottak. Han har god tru på at Åmot blir hans neste adresse, og at dette blir hans permanente heim.

– Kjennar du nokon der?

– Eg har budd på mottak i nærleiken, og har blitt kjent med mange andre som bur på Austlandet. Først budde eg ein kort stund i Oslo, så Hønefoss, så Ringsaker før eg kom hit til Jæren i starten av mai. Eg feira 17. mai på Nærbø, smilar Hekmantullah.

Det er sundag i solskin på Nærland. Folk kjem og går innom oss som står og pratar. Det er smil og handtrykk, ulike språk og ein viss organisert aktivitet fordi kafeen i det blå huset snart skal opne.

17-åringen frå Afghanistan har lært seg godt norsk i løpet av desse åra i sitt omflakkande tenåringsliv. Nye vaksne som skal vere hans omsorgspersonar, har kome og gått i livet hans, men Hekmantullah vel å sjå lyst på framtida.

– Eg skal gå meir på skule og lære meg eit yrke slik at eg kan jobbe. Og så vil eg spele cricket.

Eitt einaste spørsmål om cricket og så snakkar Hekmantullah som ein foss. Han har kjenninga i Hamar og omegn som spelar cricket og gode forhåpningar om å få etablert eit cricketlag i Åmot. Han vil gjerne lære norske ungdommar opp i sporten, og på Austlandet finst det andre lag å spele mot. Dei er berre sju på Nærland som trenar cricket; det er for lite til å vere eit lag. Men han trenar kvar dag, og drar til Stavanger for å spele med andre.

Jæren blir berre ein kort stoppestad for Hekmantullah som han nok kjem til å gløyme ganske fort. Ikkje alle dei 35 ungdommane er i same situasjon.

– Nokre av gutane synst det er svært trist. Dei har fått venar på Nærbø, spelar fotball der, og har har budd her lenge. For dei er dette trist, seier Hekmantullah.

Ingen veit neste stopp

Abel sit taus og høyrer på. Han har ikkje vore like lenge i Norge som Hekmantullah og er ikkje like stødig i norsk. Han er berre 15 år, og er ikkje i same situasjon. Han flytta til Hå mottak for tre-fire veker sidan fordi mottaket i Oslo blei lagt ned. Før jul må han flytte igjen.

– Eg vil helst attende til Oslo. Der har eg blitt kjent med nokon, seier den stille guten, på god engelsk. – Men eg likar alt med å bu her på Jæren. Det er trist å måtte flytte igjen, seier han, men innrømmer at første gong han så mottaket tenkte han; – Kva er dette for ein stad? Kvar bur det folk?

15 av dei som bur på EM på Hå mottak har fått tildelt kommune. Med det har dei eit håp om snart å flytte til ein varig heim. Men om deira kommune er neste stoppstad i flytteprosessen, er det ingen som veit enno. Det kan like godt blir eit nytt mottak der livet deira held fram med å stå på vent.

Uforståeleg

– Me må berre prøve å halde motivasjonen oppe. Me som jobbar her, veit like lite som dei. Men det er fortvilande å sjå korleis desse ungdommane brukar fleire år av sine liv på å vente, seier Helga Øglænd.

Ho seier at bebuarane får kome med ønskje dersom dei vil flytte til ein ny stad i lag med nokon av dei andre. Ønska blir tatt omsyn til, men ingen garanti. Andre vil attende dit dei har budd før og har eit nettverk, seier Øglænd.

– Bebuarane forstår ikkje kvifor UDI stengjer mottak etter mottak. Nokre i UDI burde treffe dei folka som vedtaka deira får konsekvensar for, seier ho.

Ho er mest oppgitt på ungdommane sine vegne. Nokre av dei har berre vore nokre veker på Nærland, og kjem frå opprivande prosessar med venar og tilsette på andre mottak som er lagt ned. Og så skjer det same igjen.

- Det er ikkje din feil, Abel. Ikkje din feil, seier Øglænd, og ser 15-åringen djupt inn i auga for å forsikre seg om at han forstår. Øglænd har jobba på EM på Hå mottak sidan oppstarten i juli 2015, og stortrivst. Sidan ungdommane er mindreårige, er det døgnbemanning på avdelinga. I alt 25 personar jobbar her.

Særleg gild jobb

– Me er folk frå 15 ulike nasjonar og det er spanande. Me har det kjekt på jobb i lag. Det blir trist å miste kvarandre. Dette er ein spesielt super jobb, seier Øglænd.

Ein tredje bebuar dukkar opp. Abel forsvinn ut i sola i lag med han, og syklar på plassen rundt oss slik andre 15-åringar leikar seg med ein sykkel; litt på to hjul, litt på eitt, med og utan hendene på styret.

– Tone, eg trur eg vil flytte til Kristiansand i lag med han, i staden for Oslo. Kan eg det?, spør Abel.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...