Hå fryktar SV meir enn FrP

- Eg vart ikkje overraska då Hareide kom med den konklusjonen han gjorde, men eg er djupt usamd. Det er nok rett som det er sagt, at partiet er djupt splitta, frå topp til botn. Men han har ikkje samla partiet ved å gå til venstre. Me får håpa partiet besinnar seg, men eg trur nok landsmøtet blir endå meir splitta, seier Rasmus Pollestad, og viser til at mellom anna Sandnes KrF har støtta Hareide. Foto: Snorre Standish Norheim

Hå KrF vedtok å senda ein heilblå delegasjon til fylkesårsmøtet 20. oktober, som skal velja delegatar til landsmøtet 2. november. Men det vart ikkje gjort forsøk på å binda delegatane til den klare bodskapen frå Hå, om at regjeringa bør vera blå.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 11.10.2018 kl 12:20

- Eg vil ønskja dykk velkommen til ekstraordinært årsmøte i Hå KrF, opnar møtedirigent Vegard Ask, og unnskyldar at teknikken i kommunestyresalen ikkje er på plass frå første sekund.

To minutt over sju, då møtet skulle vore starta onsdag kveld, er partimedlemmane på tur frå formannskapssalen over til den større kommunestyresalen på Varhaug, slik at alle skal få ein stol å sitja på. Tjueto personar med rett til å røysta, er møtte opp.

Den politiske situasjonen rundt KrF ber med rette etiketten «ekstraordinær», som noko utanom det vanlege. Bakteppet er naturlegvis at partileiaren i KrF, Knut Arild Hareide, har anbefalt partiet å gå inn i forhandlingar med Arbeidarpartiet og Senterpartiet, med å sikte på å danna ei regjering til venstre i norsk politikk.

Sparer regjeringsdiskusjonen til slutt

Møtet startar med spørsmål om sakslista, som ikkje blir vedteke før etter to rundar med votering; det viser seg å bli det mest dramatiske som skjer onsdag kveld. Punktet «Innspill/diskusjon rundt KrFs retningsvalg» kjem sist på lista, etter valet av delegasjon til fylkesårsmøtet, og etter vedtak om innspel til kandidatar frå Rogaland til landsmøtet.

- Denne eine saka er den som er avgjerande, då må me veta kva delegatane står for, sa éin.

For mange folk til å få plass i formannskapssalen, men godt med plass i kommunestyresalen, under møtet til Hå KrF. Foto: Snorre Standish Norheim

Elleve av tjueto støttar dette synet. Men då ein annan påpeikar at det skal vera omvendt, at det er framlegg om å endra på sakslista som krev fleirtal, blir sakslista ståande. Dermed blir diskusjonen om vegval spart til etter at dei to viktigaste spørsmåla er avgjort

Den første saka gjeld val av delegasjon til fylkesårsmøte. På eige initiativ presenterer fem av seks som er innstilte, sitt syn. Alle peikar på Erna Solberg og høgresida, eller til eit status quo-alternativ.

- Eg ønskjer ikkje at me skal gå i regjering med Ap. Eg ønskjer ikkje at me skal gå i regjering med FrP. Eg støttar linja til Grøvan, seier éin, Oddmund Gravdal, som i førekant av møtet hadde spøkt med at møtet skulle starta med «Internasjonalen».

Fleirtalet vil klargjera KrF sin posisjon

Stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan ønskjer at KrF held fram med å vera eit opposisjonsparti som søkjer samarbeid fra sak til sak, og markerer seg som eit kristendemokratisk sentrumsparti på ikkje-sosialistisk side.

Oddmund Gravdal (tv.) og Andreas Bjorland er usamde om kor realistisk status quo er for partiet. Framlegget som er sendt inn til landsmøtet, er formulert slik av Hans Fredrik Grøvan og Steinar Reiten: «Dagens parlamentariske situasjon innebærer at KrF fortsatt bør være utenfor regjering. KrF fortsetter å være et konstruktivt opposisjonsparti som søker samarbeid fra sak til sak. Vi forutsetter at denne opposisjonstilværelse innebærer at dagens regjering fortsetter, og at KrF markerer seg som et kristendemokratisk sentrumsparti på den ikke-sosialistiske side.» Foto: Snorre Standish Norheim

I prinsippet har Grøvan-alternativet stor støtte på møtet i Hå. Men Andreas Bjorland er éin av fleire som følgjer opp innlegget frå Gravdal, ved å seia at han ikkje reknar det alternativet som realistisk. No har leiaren og nestleiarane indikert at skal partiet gjera eit retningsval og gå i regjering, og då føretrekkjer Bjorland å gå til høgre.

Hå-ordførar Jonas Skrettingland viser til intervju han har gjort i media, der han har uttrykt at KrF skal vera eit blått parti, men seier at «FrP er eit forstyrrande element, som eg og mange andre ikkje liker».

I valkampen i fjor hadde folk kome bort til standen til Skrettingland og KrF, og snakka om politikk, noko dei ikkje plar å gjera; det var fordi veljarane lenge ikkje visste kva politisk alternativ dei fekk med KrF.

- No må me ta eit val, respektera det valet, og så må me gå vidare. Det er ikkje haldbart at alt blir hengjande i lufta slik det har gjort til no, seier Skrettingland, og seier han håper at tonen vil bli like konstruktiv på landsmøtet, som i lokallagsmøtet i Hå.

Innstillinga blir vedteken mot to røyster, som begge håper KrF vil søkja seg til venstre.

Silte ikkje kandidatane til landsmøtedelegasjonen

Hå er eitt av dei største lokallaga i Rogaland, som igjen er eitt av dei viktigaste fylkeslaga i KrF. Fylkeslaget skal senda 15 valde delegatar pluss fylkesleiaren – flest av alle fylkeslag, ettersom Agder-fylkeslaga enno ikkje er slegne saman (har 18 delegatar til saman) – til partiets ekstraordinære landsmøte 2. november.

På lokallagsmøtet blir innspelet til landsmøtedelegatar vedteke utan kontra-røyster.

- Me har ikkje lagt til grunn kva retning desse personane vil gå i. Me speler inn dei fremste politikaraane i fylket, seier møteleiar Vegard Ask.

På lista står fylkesordføraren, ordførarane, vararepresentantar til Stortinget, leiaren i Rogaland KrFU og nestleiar i Rogaland KrF. Fleire bed Hå-delegasjonen om å vidareformidla preferansen for eit alternativ til høgre, men det blir ikkje gjort noko bindande vedtak.

Før fylkesårsmøtet er det venta at posisjonen til dei aktuelle kandidatane blir kjent. På det avgjerande årsmøtet blir det skriftleg røysting.

Nestleiar i Rogaland KrF, Reid Ivar B. Dahl, seier han vart overraska over meldinga frå Hareide, om å søkja saman med Ap. - Det vil vera eit historisk skiljepunkt for KrF, seier han. Foto: Snorre Standish Norheim

Prinsippdebatt i etterkant

Tilhengjarar av partileiarens retningsval peikar på at den blågrøne regjeringa er avhengig av FrP. Motstandarane, som er i klart overtal på møtet, peikar på at Hareides regjeringsalternativ må ha røystene til SV for å danna fleirtal i Stortinget.

– Me ønskte ei ny regjering. Forslaget var med Høgre og Venstre, det gjekk ikkje. Då meiner eg det må vera rett å sjå til venstre. Eg meiner at me har meir til felles med venstresida, både når det gjeld verdispørsmål og menneskesyn, enn med høgresida, i alle fall FrP, seier Arne Reidar Hæåk.

– Eg meiner det bør vera heilt uaktuelt for KrF i denne perioden å gå i regjering med FrP. Me har trass alt lova, før valet, at me ikkje skulle i regjering med FrP, seier Hæåk, som også understrekar at ikkje alle i Hå er samde i kva retning partiet skal gå.

Han er éin av ei handfull personar på møtet som uttrykkjer ein preferanse for ei løysing til venstre. Kjersti Skjæveland spør om KrF kan stola på høgresida. Anne Fløysvik vil framfor alt unngå å sitja i regjering med FrP, og ønskjer å prøva forhandlingar med Ap og Sp.

Arne Reidar Hæåk og Anne Fløysvik vil mot venstre. Sistnemnde meiner det har vore vanskeleg å få dei som er på venstresida i Hå KrF, til å engasjera seg. Foto: Snorre Standish Norheim

– Me sa i valet at me ikkje ønskte å gå i regjering med FrP, og det tykkjer eg er vanskeleg i denne saka, for det har me sagt. Men me gjekk til val på at me ville i regjering med Høgre og Venstre, og me peika på Erna Solberg som vår statsministerkandidat, svarer Andreas Bjorland.

– Altså låg vårt regjeringsalternativ til høgre for den politiske aksen. Å gå til Jonas Gahr Støre, det var i alle fall ikkje det eg stod på stand og argumenterte for då veljarane kom og spurde kva KrF ville. For meg vil det vera eit løftebrot å gå til Arbeidarpartiet, seier han.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...