Hå kommune i beredskap før Varhaug-rettssaka

Rådmann og beredskapsleiar Anne Berit Berge Ims i Hå kommune har ikkje planlagt ekstratiltak i samband med rettssaka, men følgjer situasjonen nøye, og er klar til å skalera opp tilbodet dersom det blir nødvendig. Foto: Åge Bjørnevik

Rådmann og beredskapsleiar Anne Berit Berge Ims er spent på kva reaksjonar som kjem når rettssaka etter Varhaug-drapet startar.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 15.05.2019 kl 09:33

– Dette er ei sak som har prega – og framleis pregar – bygda, folk og oss i Hå kommune. For meg er det viktig å seia at me i Hå kommune er der, dersom nokon treng nokon å snakka med, seier Anne Berit Berge Ims.

Brukar dei vanlege kanalane

Me møter rådmannen i Hå rådhus på Varhaug dagen før rettssaka startar. Som beredskapsleiar er ho klar over at det som kjem i aviser, på radio og på TV frå rettssalen, kan føra til påkjenningar og reaksjonar. Derfor følgjer Hå kommune nøye med.

– I første omgang baserer me oss på å vera tilgjengelege gjennom dei vanlege kanalane – skule, barnehage, fastlege, helsestasjon, fritidsklubb og så vidare. Viss nokon treng nokon å snakka med, har me mange som er tilgjengelege. Me set altså ikkje inn spesielle ekstratiltak i samband med rettssaka, men samstundes følgjer me situasjonen tett, og står klare til å skalera opp tilbodet på kort varsel dersom det skulle vera nødvendig, seier Berge Ims.

Kommunen har heller ikkje sett i gang spesielle tiltak i skulane no. Men då tiltalen vart kjend i slutten av mars, var det ei samling med begge skulane på Varhaug, kriseteamet, helsepersonell og politiet – som enda ut i ein felles epost til alle foreldre på Varhaug. Like etter var politiet på skulen og snakka, ikkje om sjølve drapet, men om kva ein rettssak er og kva som kan skje då.

Ein del ungdommar er kalla inn som vitne i rettssaka. Hå kommune er bevisste på ikkje å aktivt oppsøkja dei på grunn av rettssikkerheita.

– Men me veit at dei kan få ekstra belastningar, og dei er sjølvsagt velkomne til å ta kontakt dersom dei treng nokon å snakka med, seier Berge Ims.

Held på kvardagen

Eitt av dei første råda Hå kommune fekk etter drapet, var å finna tilbake til kvardagen så fort som mogeleg.

– Det gjeld både for enkeltpersonar, for bygda og for oss som organisasjon. Å halda på kvardagen når noko så dramatisk skjer, er ikkje alltid lett, men det har altså lege i botn for arbeidet me har gjort – både like etter drapet og gjennom hausten, vinteren og våren, seier Berge Ims.

Eit anna viktig råd er at folk reagerer ulikt, og at dét er heilt normalt.

– Enkelte reagerer veldig sterkt, og har behov for å gje uttrykk for det. Andre reagerer tilsynelatande mindre. Me er ulike, og det er heilt greitt. Me veit også at enkelte kan få skuldkjensle viss dei føler glede. Det er det ingen grunn til. Både sorg og glede er ein del av kvardagen, og dei kan gå hand i hand, seier Berge Ims.

Eit tredje viktig råd frå fagfolka, er å ikkje pressa folk til å snakka om hendinga og det dei føler rundt dette.

– Me laga ein rettleiar i fjor sommar om korleis me kan snakka saman om det som er vanskeleg. Den vart distribuert til heile bygda gjennom ulike kanalar. For oss i Hå kommune er det viktig at folk veit at dei kan koma til oss, men det er også slik at me ikkje skal pressa oss på nokon, seier Berge Ims, som også oppmodar foreldre og frivillige som jobbar med unge om å vera merksame og tilgjengelege.

– Tek vare på begge sider

For Hå kommune er det viktig å ta vare både på dei pårørande til den drepne jenta og på dei pårørande til den tiltalte guten.

– Dei har eit ståande tilbod om å ta kontakt med kriseteamet til einkvar tid. Me har organisert det slik at me har to team, eitt til kvar av familiane. Slik har det vore heilt frå starten, og slik er det framleis, seier Berge Ims, som fortel at Hå kommune har teke høgd for at dei pårørande kan koma til å trengja ekstra oppfølging under rettssaka.

– Saka handlar om to av våre ungdommar, som begge var i starten av livet. Den eine er død, den andre er tiltalt – så tidleg i livet. Livet skulle lege framføre dei, begge to. Det er det som gjer dette så vanskeleg og så sårt, seier Berge Ims.

Bygda som stiller opp

Sjølv om drapssaka har vore ei påkjenning for Varhaug, har ho også fått fram kva kvalitetar som ligg i bygda.
Anne Berit Berge Ims minnest kvelden 13. august i fjor, då rundt 1500 menneske var samla i Varhaug sentrum for å visa at dei slår ring rundt bygda si.

– Måten bygda stilte opp på då, var sterk. For eksempel korleis Varhaug bygdekvinnelag stilte med kaffi og lappar, og korleis Hå Hagelag spurte om dei kunne bidra med å pynta opp på plassen utføre her. Alt det me ikkje hadde tenkt på, men som andre kom og tilbaud seg. Orda og songane skapte ein fellesskap, og folk heldt rundt kvarandre. For meg var det ein sterk augneblink, og det samhaldet har eg stadig merka i tida som har gått, seier Berge Ims.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...