Terje Mjåtveit er ordførarkandidaten til den nye Hålista

Terje Mjåtveit får med seg Elin Hetland Mong (t.v.) og Grete Vikedal, på toppen av Hålista. Foto: Snorre Standish Norheim

Terje Mjåtveit og Elin Hetland Mong står på topp. Nå er også resten av dei 39 namna på Hålista presenterte.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 14.03.2019 kl 18:47

- God dag, sjefen! seier ein av dei oppmøtte og rekkjer ut labben til Terje Mjåtveit, nokre minutt før klokka blir 19.00, tysdag kveld i kjellaretasjen på Vigrestad misjonshus. Ei gruppe på nokre titals personar er samla for å danna eit nytt politisk alternativ i Hå.

Hålista

1. Terje Mjåtveit, Nærbø (kumulert)
2. Elin Hetland Mong, Vigrestad (kumulert)
3. Grete Hove Vikedal, Nærbø
4. Mariann Skjærpe, Nærbø
5. Magnar Matningsdal, Vigrestad
6. Sefany Mesfin, Nærbø
7. Merethe Elin Kvia, Nærbø
8. Andrea Reime Tjøtta, Vigrestad
9. Reidar Håland, Nærbø
10. Tor Henrik Søiland, Nærbø
11. Rolf Jørgen Lauritsen, Vigrestad
12. Maria Leonora Våland, Nærbø
13. Rangnvald Riis, Nærbø
14. Anette Jensen Gimre, Vigrestad
15. Kay Stokkeland, Ogna
16. Agnes Vold, Vigrestad
17. Kjell Tore Skretting, Varhaug
18. Henriette Mjåtveit, Nærbø
19. Ingunn Høiland, Nærbø
20. Alf Kåre Sirevåg, Sirevåg
21. Geir Undheim, Nærbø
22. Majken Gudmestad, Nærbø
23. Bjørnar Gimre, Vigrestad
24. Cathrine Telstø Pedersen, Nærbø
25. Arne Varhaug, Varhaug
26. Marit Sæland, Brusand
27. Asgeir Vikedal, Nærbø
28. Rune Grinde Pedersen, Ogna
29. Torstein Varhaug, Varhaug
30. Anja Ulriksen Rygg, Nærbø
31. Sigbjørn Lebrekk, Nærbø
32. Emil Vatne, Nærbø
33. Olaug Håland, Varhaug
34. Sven Harbo, Nærbø
35. Mona Ueland, Nærbø
36. Madelene Mæland, Nærbø
37. Bergljot Gausland Aunet, Nærbø
38. Bjørn Helge Kvia, Nærbø
39. Sofie Njærheim, Nærbø

Møteleiar Tor Rune Gudmestad, kommunestyrepresentant på utgang for Nærbølista, les stille og roleg gjennom utkast til programmet på seks A4-sider. Om lag midtvegs bed Mjåtveit om ei saksopplysing.

Det er ikkje så mykje det som står i programutkastet, som det som ikkje står der, han ønskjer å klargjera, ettersom det er journalistar i rommet: Bommar skal ikkje vera aktuelt i Hå, og nokon ny diskusjon om storkommune kjem ikkje på tale.

Ved enda programgjennomgang, blir det også understreka at Hå skal ha eiga legevakt, med forslag om at dette bør programfestast. Terje Mjåtveit tek ordet og viser til at det sitjande kommunestyret har invitert Klepp og Time til Bekkeheien, men at Hå kommune uansett skal ha eiga legevakt. Møteleiar noterte seg signalet.

Møteleiar Tor Rune Gudmestad (t.v.) og Terje Mjåtveit i førekant av møtet. Begge understreka at programmet ikkje var meir enn eit utkast. Foto: Snorre Standish Norheim

Programutkastet er inndelt i kapitla barn og ungdom, vaksne, folkehelse, arbeidsgjevarar, og til sist skule og kultur: skule og barnehage; kultur og fritid. Utkastet får mykje skryt, men fleire bed om reinskriving. Eit av dei meir kuriøse punkta, finst i utkastets siste del: «Ognabukta (Sirevåg-Ogna-Brusand) skal bli havets svar på snøen innen turisme.»

Eit punkt møtet eigentleg er samde om, men som ikkje blir programfesta, er å prioritera prioritera å få fullført sykkelvegen og gatelys langs Fv. 44, mellom Nærbø og Vigrestad. Grunnen er at dette er ei fylkeskommunal oppgåve. Det siste punktet dukkar opp på tampen, under talen då listetopp og ordførarkandidat Mjåtveit takkar for tilliten, og seier at Hålista skal vera tverrpolitisk og hegna om den kristne kulturarven.

Varhaug fryktar ny polarisering

Etter gjennomgangen av programutkastet, tek Arne Varhaug ordet. Han har sett etter, men ikkje funne nokon omtale om bygging av nytt symjebasseng, som lenge har stått høgt på ønskelista i Varhaug, der ungane anten må til Nærbø eller Vigrestad for å få sumt. Han seier rett ut at han er bekymra for samansettinga av lista.

Arne Varhaug rørte ved eit sårt punkt då han peika på manglande representativitet frå Varhaug. Han etterlyste prioritering av sykkelsti langs Fv. 44, symjebasseng på Varhaug og klårleik i legevaktsaka. Terje Mjåtveit takka for innspelet, og lova at han hadde spurt mange frå midten av Hå. Foto: Snorre Standish Norheim

- Eg ser jo at dette er eit produkt av Nærbølista og dei frå sør, men det er ikkje veldig mykje som dreiar seg om dei som bur imellom, på Varhaug. Noko er det jo, men eg er redd det vil bli polarisering, ei ny polarisering i kommunen, fordi dette er blitt veldig delt etter det som er sør i kommunen, og det som er på Nærbø.

På same tida som Hålista oppstår, forsvinn Bygdeliste for søre Hå og Nærbølista. Bydgelistene er leivningar frå den førre store kommunesamanslåinga, i 1964, då kommunane Nærbø, Ogna og Varhaug vart samla til eitt rike.

- Eg var veldig optimistisk til at det skulle koma ei ny tverrpolitisk liste, men eg vart jo litt vonbroten då eg såg at det var relativt få representantar frå mi eiga bygd. Men det er sånt me må rekna med, med tanke på kven som står bak.

Fire kandidatar frå Varhaug

På nominasjonslista som blir delt ut på starten av møtet, kjem to av 36 personar frå Varhaug. Under røystinga bed den øvste varhaugkandidaten, Kjell Tore Skretting, om å bli løfta frå 17. til 13. plass, mest for syns skuld. Møtet røystar ned forslaget. Éi motrøyst mot forslaget poengterer at endringa ville ha øydelagt mønsteret med éin person frå søre Hå og to frå Nærbø, som pregar store delar av den førebelse lista.

Fleire på møtet bed varhaugbuane om å nytta moglegheita til å nominera namn. I pausen blir både Arne Varhaug og Torstein Varhaug overtalte til å stilla seg på lista. Terje Mjåtveit er blant dei som lukkast i å overtala varhaugbuane.

- Når det gjeld kandidatar, skal eg vera «jysla» ærleg, for det svarer seg, og seia at me har spurt ganske mange på Varhaug om å stilla på lista. Det er første gongen me har denne lista, og me må nok forventa å måtta gå litt skrittvis fram. For er det noko me ikkje ønskjer, så er det å gjera skil på nokon, sa han til Arne Varhaug, før pausen.

- Så viss du har nokon som er villige til å vera med, har me to plassar på lista som ikkje er tekne. Viss de har namn, er det ingenting me heller ønskjer enn å ha dei med.

Arne Varhaug seier til Jærbladet han vart overrumpla over førespurnaden, men tykte ikkje godt han kunne seia nei, sidan han sjølv hadde kome med innspel. Han meiner heimstaden kan ha mykje å seia for potensielle veljarar frå Varhaug. På den ferdige lista kjem fire av 39 moglege namn, frå heimbygda hans.

Terje Mjåtveit (midten) har slite med få personar frå midten av Hå, til å stilla på den nye lista. Under ein pause vart både Torstein Varhaug (t.v.) og Arne Varhaug overtalte til å stilla. Foto: Snorre Standish Norheim

Resirkulerer ordførarkandidat

Dei to øvste på lista, Terje Mjåtveit og Elin Hetland Mong, blir førehandskumulerte, og vil få dobbeltrøyster ved kommunevalet. Møteleiar Tor Rune Gudmestad informerte om at dei var valde fordi dei kom frå nord og sør i kommunen. Valkomiteen hadde dessutan innstilt på Mjåtveit, tidlegare ordførar i Hå for Nærbølista, som ordførarkandidat.

- Eg vil takka for tilliten. Det me gjer denne gongen, er ganske spesielt. Me går saman om ei felles tverrpolitisk liste for heile Hå, og det skal gjennomsyra det arbeidet me gjer i lag, i perioden, seier Terje Mjåtveit etter å ha sikra seg førsteplassen.

Etter nominasjonsmøtet spør Jærbladet ordførarkandidaten om kva han tenkjer om bakgrunnen hans, som profil for Nærbølista. Han seier først at det ligg eit stort ansvar i å levera på programmet, men at òg Nærbølista forsøkte å sjå alt under eitt.

- Eg har vore med i politisk arbeid lenge, og eg kunne aldri tenkt meg å vore med på noko anna enn ei tverrpolitisk liste. Det er ei liste der me ikkje spør etter medlemsskap, me spør ikkje etter kvar dei held til politisk. Me spør om du vil vera med og gjera ein jobb for kommunen, om du vil vera med og ta eit tak, ut frå programmet. Samfunnsengasjerte folk er fantastisk flott å ta med seg, seier Terje Mjåtveit på tampen av møtet. Foto: Snorre Standish Norheim

Du er ordførarkandidaten, og har vore sentral for Nærbølista lenge. Korleis skal folk greia å skilja mellom Nærbølista og Hålista med deg?

- Der har sjølvsagt eg ei oppgåve i å visa at eg greier det. Nå representerer me ei felles liste, for alle, og det at det nå kjem inn folk frå heile Hå. Fekk to ekstra frå midten av Hå, nå i dag, er med og gjer at det blir lettare for meg å få dette til. Eg ser veldig fram til å arbeida ut frå det programmet som me skal laga. Det skal gjennomsyra det me står for.

Vurderte du å tre til sides og la ein annan ta jobben, som ikkje var så nært tilknytt Nærbølista?

- Ja, det gjorde eg. Men eg vart veldig oppmoda til å stå på for dette. Spesielt nå i starten, då me skal dra i gang dette nye, fekk eg beskjed om at det var viktig at det var med nokon som hadde erfaring. Det var ønsket dei kom til meg med. Derfor er det veldig gledeleg å registrera at me får dette til utan nokon motkandidatar og utan nokon strid, men eg er veldig audmjuk med tanke på det som skal skje nå, det må eg berre seia.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...