Han er enkemann og aleinefar til fire. Ole Anton har god tru på at 40-åra blir bra.

40 ÅR: Ole Anton Liverud blir 40 8. januar og gler seg til å starta på eit nytt tiår. Foto: Jorunn Erga Steinsland

Ola Anton Liverud frå Spydeberg skulle aldri til Jæren og mjølka ku. Det var noko av det fyrste han sa til Monika Tjåland då dei to møttest på eit BU-treff i 2002. Nå er han bonde med nytt mjølkefjos på Tjåland.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 08.01.2019 kl 08:41

- Eg har vel lært at eg aldri skal seie aldri.

Han ler og heller oppi dagens fyrste kaffikopp. Frå kjøkkenbordet er det god utsikt til Tjålandsvatnet. I tunet sit hunden han eig saman med svigerforeldra og i stova kviler ein småsjuk unge. Dei tre andre ungane er på skule og i barnehage. Ole Anton sjølv har gjort seg ferdig med ein runde i fjoset

Kvardagen har så smått begynt å normalisera seg etter fleire år med ein unntakstilstand. I mai er det tre år sidan kona Monika døydde, bare 38 år gammal. Unntakstilstanden begynte to år tidlegare, same år som familien flytta til Monika sin heimegard.

Eigentleg hadde paret slått rot i hans heimbygd i Østfold. Dei hadde fått tre barn, teke over eit småbruk som var i familien, fått lafta draumehuset og hadde begge faste jobbar.

- Me hadde eit åtte-til-fire-liv, men var nok begge litt klare for eit skifte, fortel Ole Anton.

Då far til Monika kalla inn til møte og ville la garden gå vidare til neste generasjon, trengde ikkje dei to lang tenketid.

Jubilant

Ole Anton Liverud

40 år tysdag 8. januar.
Oppvaksen på Spydeberg, bure på Tjåland med fire barn frå tre til 11 år.

Kampen om medisinen

I mars 2013 gjekk flyttelasset til Jæren. I juni same år oppdaga legane føflekkreft hjå Monika. Monika hadde gode periodar, men kreften kom tilbake gong på gong. Midt oppi dette vart minstejenta født.

Immunterapibehandlinga som kunne vera redninga var ikkje godkjent for refusjon. Derfor måtte kostnaden på 1,8 millionar kroner dekkast frå eigen lomme. Då dette kom ut, mobiliserte bygda. Støttegruppe vart oppretta både på Undheim og i Spydeberg. Målet var å samla inn nok pengar slik at Monika skulle få behandlinga ho trengde utan å måtta ta opp store lån.

Media vart kopla inn og plutseleg var heile Norge interesserte i firebarnsmora sin kamp mot kreften og systemet. Helseministeren vart kalla inn på teppet, det var debatt på NRK og VG var på saka.

- Det vart mykje styr rundt dette. Me prøvde å skjerma både Monika og ungane. Samtidig tenkte med på andre som gjerne kunne bli hjelpte av at me tok kampen. Me følte me fekk sett noko viktig og urettferdig på dagsorden. Og all støtta og alt det gode frå alle rundt, gav Monika håp, seier Ole Anton.

Midt i behandlinga vart medisinen Monika trengde godkjent for refusjon.

- Eg vel å tru at den kampen me stod i var med på å gjorde at medisinen vart frigjort og at andre som er i same situasjon me var i, nå kan få hjelp utan kamp, seier han.

Takksam for all støtte

Dessverre tapte Monika kampen mot kreften og døydde i mai 2016.

Tilbake sat Ole Anton med fire barn frå to til ni år og ei overveldande sorg. Han legg ikkje skjul på at det har vore tøft.

- Men den støtta me har fått frå svigerforeldre, foreldre, familie, naboar, og både Undheimsbygda og mi heimbygd er bare heilt utruleg. Eg kan aldri få gitt nok tilbake for det folk har gjort for oss, seier firebarnsfaren og fortel om middagshjelp, kakebaking, kjøring og henting av ungar og hjelp til stort og smått elles.

- Det er fordeler og ulemper med små plassar, men det er aller, aller flest fordeler. Eg kan rett og slett ikkje få skryta nok av undheimsbygda og måten folk har stilt opp, og framleis stiller opp for oss. Små ting betyr mykje. Det er det som er med på å få kvardagen til å gå opp. Livet er brutalt, men det må gå vidare, seier han, og legg til at sorga nok aldri vil forsvinna.

- Men sorga endrar seg. Og det å oppleva noko slikt som dette har også endra meg. Eg prøver å ikkje utsetja ting og er flinkare til å bruka tid med dei som betyr noko for meg, fortel firebarnsfaren og illustrerer med ein mengde slalomturar fordi ungane hadde lyst. Han har også skaffa seg ein seglbåt han har liggjande på Tjålandsvatnet.

- Er det noko me tenkjer me har lyst til å gjera, prøver me å få det til, fortel han.

Noko han har høgt oppe på ønskelista for ikkje alt for fjern framtid er å vekka til live reiselysta igjen.

- Eg har alltid likt godt å reisa og hadde eit mål om å vera i 30 land før eg vart 30, seier han med eit smil. Akkurat det målet klarte han ikkje, men Ole Anton har vore på alle kontinenta og reist verda rundt med ryggsekk på ryggen. Nå er målet å ta ungane med på ei skikkeleg reise, anten til Afrika eller Australia.

Satsa på garden

Ole Anton og Monika dreiv garden i lag. Då ho døydde, stod han framfor eit stort val. Skulle han bli på garden eller skulle han flytta? Han valte å bli og driva garden vidare. Allereie i februar 2017 bygde han nytt lausdriftsfjos og er den fyrste til å innrømma at det var eit stort løft, både personleg midt oppi alt anna han stod oppi, men og økonomisk.

- Men det var noko eg måtte gjera. Det nye fjoset gjer at eg klarer det, at kvardagen går opp. Og heilt ærleg så veit eg ikkje kva annan jobb eg kunne hatt med fire ungar. Eg har ein enorm fleksibilitet som bonde, meiner han.

Delar av pengane som vart samla inn til Monika valde Støttegruppa for Monika Tjåland å gi til «Se meg - Barn som pårørande» på Vigrestad, eit tilbod som har vore viktig for både han og ungane. Etter kvart har også Ole Anton blitt med i det frivillige arbeidet, og skal blant anna vera med på å leda ei sorggruppe for barn.

- Det er veldig kjekt at eg kan bruka av den kompetansen eg har opparbeida meg, seier han og legg til at han nå ser lyst på framtida.

- Etter alt eg har vore gjennom så håpar og trur eg at 40-åra skal bli eit bra tiår, seier jubilanten og slår samtidig fast at når han nå passerer 40 må han vel vera vaksen nok til å invitera til ope hus. Derfor står kaffien klar og julekakerestane på bordet til alle som vil stikka innom ein tur på tysdag.

I tillegg skal han slå på stortromma og har invitert venner og familie til stor feiring til helga.

- Ein veit ikkje kva veg livet tar. Då er det viktig å bruka tid med dei som betyr noko, seier han.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...