Han har fleire skruer i kroppen enn han orkar telja. Kristian er bare takksam for at han overlevde.

TAKKSAM: Kristian Køhn har aldri sett på det som eit problem at han måtte amputera foten. Han er bare glad for at legane redda livet hans. Foto: Jorunn Erga Steinsland

Motorsykkel. Låste bremser. Betong. Hadde Kristian Køhn (37) blitt funnen få minutt seinare etter ulukka, hadde han vore død.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

- Fire til sju minutt. Det er om lag det du har på deg når hovudpulsåra ryk.

Kristian Køhn har akkurat byksa over golvet frå sofaen til kjøkkenet. Venstre fot er stødig planta i golvet. Den andre stoppar ein heil del centimeter over golvet, rett under hofta. Høgre skulder er så full av skruer at han gav opp å telja på røntgenbiletet.

- Eg var heldig. Eg overlevde, slår 37-åringen fast.

Ulukka

Me spoler tilbake til ein varm sommardag i 2013 i Rakkestad i Østfold. Kristian feirar 32-årsdagen sin på motorsykkelen på veg til Sverige. I bagasjen ligg fiskestanga. Målet er å fiska i flest muleg europeiske land på kortast muleg tid. Sola varmar og visiret på hjelmen blir vippa opp. Så blir alt svart.

Ulukkesstaden fortel historia som ikkje har festa seg på Kristian sitt minne. Ei historie om ein kropp som blir delvis knust i møte med ein betongkumme. Ei historie om små marginar og ein god dose flaks.

Medan Kristian ligg hardt skadd i grøfta, passerer tilfeldigvis ein politimann på vegen. Han stussar på dei rare bremsespora, snur og går ut i grøfta. Denne vesle tanken redda eit liv denne dagen.

Det politimannen finn er ein medvitslaus og hardt skadd Kristian Køhn.

Hell nummer to er at politimannen veit korleis han skal gjera tourniquet, ein metode som stoppar store blødingar. Gode råd er dyre og politimannen bruker det fyrste og beste han finn, fiskestanga, for å hindra at Kristian blør i hel. Han lukkast.

Neste gong Kristian opnar auga er tre veker seinare. Då er det framleis uvisst om han vil overleva.

Foto: Jorunn Erga Steinsland

Fugl i fjeset

Årsaka til ulukka var ikkje stor fart. Truleg fekk Kristian ein fugl i fjeset.

- Motorsykkelen har følgt ei dreneringsgrøft før eg trefte dreneringskummen i betong. Farten må ha vore rundt 60-70 km/t, seier han.

Røntgenbileta frå ulukkesdagen gir den brutale fasiten. To brot i nakken, tre brot i ryggen, knust skulder.

- Det var bare ein grå masse der beina i skuldra skulle vore.

Han stryk over høgre skulder som vart rekonstruert ved hjelp av bein frå hofta og skruer - mange skruer. Merkeleg nok er tatoveringa på overarmen framleis intakt. Høgre fot måtte amputerast etter ein infeksjon.

Den openbare skaden er den manglande foten, men det er skuldra som gir mest smerter i kvardagen. Nokre dagar er gode, andre dagar må bare gå over og gå i gløymeboka.

Det som ikkje vart skadd, er livsmotet og pågangsviljen. I sjukesenga fekk han kommentarar som «stakkars deg, du har vore uheldig».

- Då svara eg at nei, eg har hatt flaks og vore heldig, seier 37-åringen.

Til Preikestolen på krykker

For Kristian har det frå fyrste minutt handla om å sjå mulegheiter.

- Foten har aldri vore noko problem. Det meiner eg verkeleg, seier han med eit krav om å bli trudd.

Og bestemmer Kristian seg for noko, så blir det fort sånn. Til dømes då han på ein fest vart møtt av eit «det går ikkje», då han fortalde om planane om å gå til Preikestolen innan to år - på ein fot.

Det heile enda med at Kristian og ein kamerat sette seg i bilen allereie dagen etter. Vårsola hadde begynt å få tak og det var bare rundt ni månadar sidan ulukka.

- Det var nedover frå platået som var verst. Eg måtte låsa krykkene fast i underlaget for å få tak. Eg gjer det ikkje igjen, for å seie det slik. Men det gjekk. Eg klarte det, slår han fast, og legg til at han har eit mål til.

- Eg ser føre meg å sitja i rullestolen i dress på Tjeragbolten. Det hadde vore eit kult bilete, men det er ingen som vil vera med.

Han ler og hoppar kjapt vidare i tankane til eit anna prosjekt. Og dei er det mange av.

Mange prosjekt

Det vesle rekkehuset på eitt plan er innhaldsrikt. Stova ber preg av å bli mykje brukt. Golvet blir fort omgjort til arbeidsbenk. På kjøkkenbenken står det ofte ein loddebolt, frå hylla heng ei gassmaske og 3d-printeren har fått plass i eit hjørne.

To år etter ulukka bestemte Kristian seg for å blombera fjernsynet. Målet var å tvinga seg sjølv til å bli meir aktiv. Det verka. Etter det har det eksplodert med ulike prosjekt i den vesle bustaden. Veggane er dekorerte av bilete han sjølv har mala, noko han aldri hadde sett føre seg at han skulle begynna med.

Han har latt seg fasinera av kjemiens spanande verd og dyrkar fram fargerike krystallar av kronestykke.

Men eitt av dei aller største prosjekta bur i ein liten garasje: Ein Lada Vaz21 1994-modell. Hovudgrunnen til at han har akkurat denne bilen er kort og godt at ingen andre har det. Bilen har han strippa heilt ned. Akslingar og girkassen skal han behalda. Alt anna blir nytt - originaldeler, sjølvsagt. Når garasjen blir for liten, hamnar også dette prosjektet på stovegolvet.

- Eg skulle så absolutt hatt ein stor garasje, sukkar han.

I tillegg har han, saman med ein kamerat, eit firma som importerer solcellepanel og sjølvsagt det nyaste prosjektet: Eit sjølvmiksa skjeggkremiddel som nå er under testing.

VARIERTE HOBBYAR: Ein sniktitt inn på Kristian sitt kontor. Foten på biletet har han laga til ei øving med Folkehjelpen der han sjølv var markør. Han maler bilete, dyrker fram krystallar av metall, mekker bil og lagar eigne lommelykter. Sjølv seier han at han kan finna absolutt alt interessant. Foto: Jorunn Erga Steinsland

Oppveksten

37-åringen har så mange ballar i lufta og prosjekt på gang at det er lett å mista tråden, iallfall for utanforståande. Sjølv liker han det sånn. Han hoppar gjerne frå det eine til den andre, både i tankar og handling.

- Eg klarer ikkje tenkja ei heil setning. Det er akkurat som om orda passerer forbi utan at eg får tak i dei, forklarer han og legg i same setning til at han har adhd.

- Eg hugsar veldig godt fyrste dagen på ritalin. Då fekk eg plutseleg fekk med meg alt, skyt han inn.

Men det tok tid før han kom så langt. I oppveksten var det mykje kaos i hovudet.

- Eg var ein typisk adhd-unge.

Kristian smiler litt og bruker ord om seg sjølv i barne-og ungdomstida som ikkje gjer seg så godt på trykk.

- Eg var inne i ppt frå eg var tre år. Det seier vel sitt. I plassen for å delta vanleg i barnehage og barneskule, var eg mykje med vaktmeisteren. Det var der eg treivst best, fortel han.

Fagbrev

Kristian var høgt og lågt og ikkje alltid på den gode måten.

- Eg trur eg var 8-9 år fyrste gong eg tjuvlånte bilen til mor mi. Du kan sei at politiet ringde nokre gonger.

Han strekker fram armen og når snusboksen på bordet og fortel om ei tidleg interesse for motorar. Ei interesse som for alvor skaut fart då han kom inn i gocart-miljøet som ti-åring.

Alternative opplegg med mekkesenter, utplassering og gocart fekk unge Kristian gjennom ungdomsskulen. Så stoppa det litt opp. Han er heilt ærleg på at han vore på både på kant med lova og eit stykke over. Såpass over at han vore bak fengselsmurar.

- Eg starta på vidaregåande tre gonger. Eg forstod at eg måtte ha ei utdanning, men eg fekk ikkje med meg noko, forklarer han.

Til slutt møtte han ein lærar på mekaniske fag som fekk Kristian til å sjå annleis på blant anna matematikk.

- Me fekk beskjed om å gløyma alt me hadde lært. Det var ikkje same fokuset på tal. Det var redninga for meg.

22 år gammal fekk Kristian fagbrevet sitt som motormann.

- Du kan sei at mor mi var glad då, seier han og ler.

Sjølv med sine utfordringar har Kristian alltid vore i arbeid. I fleire år arbeidde han offshore, og har vore boltetrekkar på både Snøhvit-prosjektet og Ormen lange. Friperiodane vart også fylde med jobb. To jobbar var akkurat passe. Før ulukka hadde han landfast jobb og kjørde lastebil.

Det største prosjektet får ikkje plass inne - ein Lada Vaz21 1994-modell. På ønskelista står ein stor garasje. Foto: Jorunn Erga Steinsland

På pause

Smertene og skadane gjer at Kristian i dag er uføretrygda, men han håpar å få gjort noko med akkurat det med tida. Ei endring i lovverket sette restriksjonar på medisinen han hadde god effekt av. I dag er status at han ventar på å få klagen sin behandla.

Motgang gjer sterk, heiter det. Og ein ting er sikkert. Motgang stoppar ikkje Kristian Køhn. Det fører han bare i ein litt annan retning. Då han fekk avslag på cnc-utdanninga, til dømes, kjøpte han seg i staden ein 3d-printar. Og kva er vel meir naturleg når ein har ein 3d-printar, men manglar ein fot, enn å printa ut sin eigen protese.

- Men eg bomma litt. Protesen vart ti cm for kort, ler Kristian, som er klar på at sjølv med sine utfordringar, kan han gjera alt.

- Det tek bare litt lengre tid, slår 37-åringen fast, og passar på å leggja til:

- Og gjer litt vondt.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...