Har snudd og seier ja til BMX-tomta

I dag går det tursti gjennom beitearealet mellom BMX-banen og Kleppeloen. Her vil Klepp-politikarane ha den nye barneskulen på Kleppe, og no er det største hinderet rydda av vegen. Foto: Åge Bjørnevik

Klepp-ordføraren er letta etter at Fylkesmannen no opnar for at Klepp kan få byggja den nye barneskulen på «feil side» av jordverngrensa.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

– Det var ein lettelse. No kan me gå vidare med planane, seier Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese.

12. januar var fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og landbruksdirektør Geir Skadberg sjølv på synfaring på Kleppe, saman med sitt lag av saksbehandlarar.

I slutten av førre veke fekk Klepp kommune brevet dei har drøymt om: Fylkesmannen slår no fast at dei kan opna for ein ny barneskule på tomta mellom BMX-banen og Kleppeloen.

Lokalt sjølvstyre

Fylkesmannen meiner framleis at ein ny barneskule i sentrum – til dømes på Sirkustomta – ville vore det beste. Men dei lyttar til kommunen sine argument om nærleik til friområde, sikker skuleveg for elevane, lettare inndeling i naturlege skulekrinsar med meir.

– Grunna dei aktuelle samfunnsinteressene, og av omsyn til lokalt sjølvstyre, er me opne for at langsiktig grense jordbruk kan bli justert i denne saka om reguleringa gjev ei god totalløysing for samla arealbruk, skulen og sentrumsutviklinga, heiter det i brevet frå Fylkesmannen.

Klepp-politikarane har jobba for å få ei prinsipp-avklaring før dei går vidare med konkrete planar for den nye barneskulen som dei ønskjer seg. Fylkespolitikarane opna for BMX-tomta allereie i fjor vår.

– Med Fylkesmannen sitt brev er den største risikoen for motsegner mot planen rydda av vegen, konkluderer ordførar Ane Mari Braut Nese.

Ferdig i 2021?

Når den nye skulen kan stå ferdig, veit ingen heilt sikkert. I økonomiplanen har politikarane lagt inn totalt 205 millionar kroner til prosjektet i 2020 og 2021.

– Det hastar litt, særleg fordi me ser at det kjem til å bli trongt på Bore skule i åra framover, seier Nese.

Berre arbeidet med å få laga ein reguleringsplan kjem truleg til å ta eit års tid. Det er også sannsynleg at det må gjennomførast arkeologiske utgravingar på tomta før bygginga kan ta til.

Ny skulekrins

Dei øvre delane av Verdalen skal sokna til den nye skulen. Dei høyrer i dag til Bore-krinsen.

I tillegg skal Horpestad skule leggjast ned, og elevane overførast til den nye skulen. Fleirtalet av Horpestad-elevane bur på Kleppevarden sør, kort veg frå den nye skulen.

Også ein del av Kleppe skulekrins vil bli innlemma i den nye krinsen som skal lagast når Kleppe/Verdalen får sin tredje barneskule.

Har funne erstatningsjord

Den rundt 20 dekar store tomta ved BMX-banen er i dag eit steinete beitearael. No skal jordverngrensa flyttast, slik at minst like god jordbruksjord andre stader skal få langsiktig vern.

Ordføraren opplyser at dei skal flytta jordverngrensa på kommunen sin eigen eigedom på Åna-Gruda. I tillegg har Klepp forhandla fram ein avtale med ein grunneigar vest for Haugabakka om justering av jordverngrensa.

– Jordbruksjorda som no får varig vern, er betre enn den me skal byggja på, så for jordvernet totalt sett blir løysinga god, seier Nese, som sjølv melde seg ugild og let varaordføraren ta forhandlingane om området vest for Haugabakka.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...