Haugstad på Vigrestad undersøkjer om dei kan femdobla omsettinga utan å tilsetja fleire folk

– Norge heng langt etter resten av Europa når det gjeld bruk av ny teknologi. Me er rett og slett ikkje flinke nok til å nytta teknologien som finst, seier Steinar Gulaker, dagleg leiar ved Haugstad. Foto: Brit Romsbotn

Forskarar undersøkjer no om det er mogleg for Haugstad Trevarefabrikk å få ein kraftig vekst i produksjonen utan å bruka meir pengar på løn.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 03.10.2018 kl 10:01

Møbelfabrikken på Vigrestad er ein av fire norske fabrikkar som sidan mai i år har vore med i forskingsrådsprosjektet Digifab. Målet er at ein ved å bruka moderne teknologi skal få kvar arbeidar til å stå bak ei større omsetning enn i dag.

- Nyttar ikkje teknologien som finst

- Norge heng langt etter resten av Europa når det gjeld bruk av ny teknologi. Me er rett og slett ikkje flinke nok til å nytta teknologien som finst. Tanken er at den auka produksjonskapasiteten fører til at me kan produsere større volum, ha kortare leveringstid og betre kvalitet, seier Steinar Gulaker, dagleg leiar ved Haugstad.

F.v: Anne Marie Frafjord, Silje Sande og Maren Osaland Sele trivest som lærlingar ved Haugstad. Foto: Brit Romsbotn

I Tyskland står ein tilsett i møbelindustrien bak ei omsetning på åtte til ti millionar kroner. Her i landet er talet 1,5 til to millionar.

- Skilnaden mellom oss og andre europeiske land, illustrerer dei store moglegheitene som finst. Me ønskjer ei utvikling som er i samsvar med resten av Europa. For oss er dette også ein måte å trygga arbeidsplassane på Vigrestad, fastslår Gulaker.

Omsetninga i år blir på kring 40 millionar, nesten dobbelt så mykje som i 2015 då Gulaker starta som dagleg leiar ved Haugstad.

Skal dela erfaringar

Tunge aktørar som NTNU (Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet), Sintef og Høgskulen i Oslo og Akershus er inne i forskingsprosjektet, som etter planen skal gå over tre år. Representantar frå dei fire verksemdene som det blir forska på, er også aktive i prosjektet.

Det heile kom i gang etter at regjeringa i 2017 sette konkrete mål for utviklinga innan norsk industri og teknologi. Planen er at dei fire verksemdene som er under forskarane si lupe, skal dela sine erfaringar vidare til andre.

Haugstad Trevarefabrikk

  • Haugstad blei etablert i 1946. I 1963 flytta fabrikken til nye lokale på industriområdet ved Vigrestad der dei framleis held til.
  • Haugstad har 23 tilsette, fordelt på 20 årsverk.
  • Verksemda produserer eit breitt spekter av møblar med hovudfokus på skule- og barnehagemøblar, kjøkken, kontormøblar og spesialmøblar/innreiingar.
  • Mange av møblane blir skreddarsydde i tett dialog og samarbeid med kundane.

- Poenget er å etablera pilotfabrikkar som ved hjelp av nye verktøy og metodar kan hjelpa norsk industri vidare. Å vera ein del av prosjektet medfører også at me blottstiller oss, sidan me skal visa andre korleis ting blir gjort. For eigen del tykkjer eg dette er noko av det mest spanande eg har vore med på i arbeidslivet, seier Gulaker.

Den daglege leiaren ved møbelfabrikken på Vigrestad veit ikkje sikkert kvifor dei blei valde ut til å delta i forskinga.

- Men eg har lenge meint at det bør vera rom for å auka omsettinga ved hjelp av ny teknologi. Dette er sannsynlegvis noko som fleire har fått med seg. Etter det eg kjenner til, har det ikkje vore så enkelt å finna bedriftsleiarar som har tru på at dette går an. Sjølv er eg overtydd om at dette er noko som me vil klara, så lenge dei får det til i Sveits og Tyskland, seier Gulaker som nett er tilbake på Jæren etter eit besøk ved tyske møbelfabrikkar.

Haugstad på Vigrestad, her representert med dagleg leiar Steinar Gulaker (t.v.) og nyutdana møbelsnekker Martin Eikeland, er ein av fire norske fabrikkar som det blir forska på for å finna ut korleis ny teknologi kan gje større produksjon. Foto: (Brit Romsbotn)

Vurderer nybygg

For møbelfabrikken på Vigrestad er det to alternativ på vegen vidare.

- Truleg kan me dobla produksjonen i dei noverande lokala. Eit anna alternativ er å byggja ny produksjonshall og fem- til seksdobla omsettinga. Sjølv er eg ikkje i tvil om at nybygg og stor vekst i produksjonen er det som er mest spanande. Samstundes er det også dette som krev størst mot til omstilling. Blir resultatet ny fabrikk, reknar eg også med at me vil stå sterkt når det gjeld støtte frå det offentlege, seier Gulaker.

Møbelfabrikken har ei arbeidsgruppe som arbeider parallelt med dei to alternativa.

- Me vil sjølvsagt også ha ei nøye vurdering av marknaden før me bestemmer oss for kva me kjem til å gjera vidare. Men situasjonen i dag er at me ikkje klarer å levera raskt nok til alle dei som ønskjer å handla hjå oss, opplyser Gulaker.

Han ser store moglegheiter i den norske marknaden.

- I dag konkurrerer me mot mange utanlandske. Samstundes veit me at mange entreprenørar helst ønskjer å levera bygg med norskprodusert fast innreiing. Dersom me nå får auka produksjonen utan at lønnsutgiftene går vesentlig opp, blir ikkje utanlandsk konkurranse ein like stor trussel. Meir effektiv produksjon vil gjera oss meir konkurransedyktige, fastslår Gulaker.

Produksjonssjef Bård Borgersen i samtale med dagleg leiar Steinar Gulaker (t.v.). Foto: Brit Romsbotn

Dei tre andre deltakarane i prosjektet er Molstad modell og form, som held til i Moelv, Ertec i Tvedestrand og Knudsen dørfabrikk i Skånevik.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...