Hentar Ola Nordsletten fram i lyset

FARGAR: Dette bildet frå Gudbrandsdalen er ein av Herborg Kverneland sine favorittar. Ho er særleg imponert over fargebruken. Foto: Åge Bjørnevik

– Desse bilda er for gode til å stå på eit lager, seier Ola Nordsletten si dotter, Herborg Kverneland.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 07.04.2019 kl 08:54

Då Ola Nordsletten døydde i 1976, etterlet han seg ei stor samling med bilde han hadde laga gjennom mange tiår.

- Dei tre søskena mine har flytta mykje over heile verda, så det vart til at bilda vart lagra heime hos oss på Kvernaland, fortel Herborg Kverneland.

Minneutstilling nummer to

I 1982 henta Bryne kunstforening fram ein del av kunstverka, og laga ei stor minneutstilling i Time rådhus. Men framleis var det mange gode bilde att, og Bryne kunstforening og Herborg Kverneland har lenge sysla med tanken om at også dei bør fram i lyset.

- Dei er for gode til å stå på eit lager, slår Kverneland fast.

No skal bilda stillast ut i Bryne kunstforening, som opnar den nye utstillinga i Bryne Mølle laurdag ettermiddag. Det er snakk om godt og vel 30 verk, dei aller fleste pastellteikningar.

- Sist gong tok me mange av dei største bilda. Denne gongen er det fleire mindre, seier Kverneland, som opplyser at dei aller fleste verka vert til sals.

Ulike landskap

Styret i Bryne kunstforening og Herborg Kverneland har samarbeidd tett om utvalet. Dei aller fleste bilda er landskap, nokre frå Gudbrandsdalen, nokre frå Jæren og nokre frå Frankrike. Ola Nordsletten teikna og måla også mange blomar, og ein del av dei er med på utstillinga. Og i tillegg nokre bilde som skil seg ut med eit heilt anna formspråk enn dei andre.

- Far likte å prøva seg fram, og var alltid open for å læra seg noko nytt, seier Kverneland.

Ho er sjølv kunstnar, og fortel at ho og faren snakka mykje om kunst, særleg etter at ho tok kunst- og handverksskulen i Oslo.

- Eg såg på det han gjorde på ein annan måte etter at eg kom heim frå kunstskulen. Bilda var veldig personlege for han, og han var særleg god med fargar. Sjølv om mange av bilda er landskap, var han aldri ute og laga skisser. Han arbeidde med bilda heime, ut frå minnet - eller inspirasjon, seier Kverneland.

«Eg trur det er målar eg er», sa Nordsletten sjølv. Det var gjennom biletkunsten han verkeleg fekk uttrykkja seg, sjølv om han også skreiv eigne dikt og gjendikta tysk og fransk lyrikk til norsk.

Sonen, diplomaten Øyvind Nordsletten, skal for øvrig halda føredrag om Ola Nordslettens liv og kunst i Bryne Mølle om kvelden torsdag 11. april.

Ein av stiftarane

Både Herborg Kverneland og leiaren av Bryne kunstforening, Kirsti Sandved, synest det er stas med utstillinga.

- Dette er noko me har jobba med av og på i lang tid, og me gler oss til å visa desse bilda for publikum, seier Sandved.

- Bryne kunstforening har heilt sidan starten hatt som eitt av sine føremål å visa lokal kunst av høg kvalitet, samstundes som ein også rettar blikket utover. Denne utstillinga er ein fin måte å få gje noko tilbake til foreininga som betydde så mykje for far, seier Kverneland.

Ola Nordsletten var sjølv ein av initiativtakarane til Bryne kunstforening, og vart vald til nestleiar i det første styret i 1955.

Tidleg på 1960-talet teikna Nordsletten også logoen som Bryne kunstforening framleis brukar.

Utstillinga av Ola Nordsletten sine bilde står i Bryne Mølle fram til søndag 12. mai.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...