Her er Bryne-konferansens jentestemmer

Frå venstre: Mathilde Brunvoll (18) og Julie Helen Lopez Eilertsen (17) liker kjensla av å vera ung og ha livet framføre seg. Fredag 9. november er dei to av innleiarane på Bykonferansen på Bryne. Foto: Brit Romsbotn

Bykonferansen 2018 på Bryne er enno ikkje avvikla. Men allereie har han skapt reaksjonar.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Fredag 9. november klokka 8.30 opnar årets bykonferanse på Bryne. Dei to desidert yngste innleiarane er Julie Helen Lopez Eilertsen (17) og Mathilde Brunvoll (18), russepresident og elevrådsleiar og ved Bryne vidaregåande skule.

– Halvparten er kvinner

Då det i sist veke blei presentert eit program for konferansen der ein av innleiarane var ei jente i tenåra, og dei ti andre var velvaksne menn, fekk det fram eit stort engasjement blant mange kvinner. Gjennom Facebook blei kvinner i Time oppmoda om å spørja ordførar, rådmann og næringssjef om kvifor det var så få kvinner på programmet.

Initiativtakarane trudde at fem til ti kvinner ville engasjera seg. Resultatet blei nesten 180.

– Eg trur mange meiner at det grensa til det uhøyrte då arrangøren presterte å plassere nesten berre velvaksne menn, og ei så vidt myndig kvinne, på programmet, sa Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, som saman med Tone Steinsland starta kvinneopprøret.

I skrivande stund, onsdag føremiddag, er det oppført tre kvinner på programmet, i tillegg til dei to tenåringsjentene frå Bryne vidaregåande skule, som skal halda eit felles innlegg. Talet på menn er åtte.

Elevrådsleiaren og russepresidenten ved Bryne vgs tykkjer det var kjekt at dei fekk fram engasjement. – Me er sjølvsagt heilt samde med dei som tok initiativet til protestaksjonen, og me har stor forståing for initiativet. Halvparten av befolkninga er kvinner. Det bør visa igjen.

– Unge må bruka stemmane sine

Julie Helen Lopez Eilertsen budde i Egersund fram til ho starta i åttande klasse. Då flytta ho til Nærbø saman med mora og søstera. No bur dei på Bryne.

Mathilde Brunvoll bur i Egersund i lag med mamma, pappa og ei søster. Ho valde å byrja ved Bryne vidaregåande skule for å oppleva noko nytt, og ho kjende ingen då ho starta ved skulen.

Mathilde Brunvoll (18) og Julie Helen Lopez Eilert

  • Elevar ved Bryne vgs
  • Begge kjem frå Egersund.
  • Aktuelle: Elevrådsleiar og russepresident ved Bryne vgs og dei to desidert yngste innleiarane, blant mange menn, under Bykonferansen på Bryne som blir halden fredag 9. november.

– Ei veke før søknadsfristen gjekk ut, endra eg førstevalet mitt til Bryne. Eg har ikkje angra på endringa, og eg tykkjer eg er blitt veldig godt mottatt, seier Brunvoll.

Begge karakteriserer seg sjølv som feministar.

– Me er engasjerte i veldig mykje. Likestilling er noko me set veldig høgt. Me lever i 2018 og det bør syna igjen at halvparten av oss er kvinner. Men dessverre har me enno ein veg å gå, konstaterer elevane.

Lopez Eilertsen og Brunvoll opplever at mange unge har eit sterkt engasjement.

– Men dessverre er det mange som ikkje tør å heva stemmane sine. På mindre plassar som Bryne og Egersund, kan det kanskje opplevast som vanskeleg å gå tydeleg ut med meiningane sine. Heldigvis er ikkje me redde for å gje tydeleg beskjed om kva me meiner, og me liker å høyra våre eigne stemmar. Mange unge treng å læra at det er viktig at dei bruker stemmen sin, meiner dei to.

Begge har eit stort engasjement innan klima og miljø.

– Det handlar om framtida vår, og me tykkjer at det i mange saker burde vore større samarbeid mellom barn, unge og vaksne, seier Mathilde Brunvoll.

Hobbyvegetarianar

Mathilde Brunvoll er også med i russestyret ved Bryne vgs, der også visepresidenten er ei jente, Sara Dversnes.

I tillegg var Brunvoll ein av fire elevar frå Bryne som i haust fekk delta på ein tur til Vestbredden. Turen blei gjennomført saman med elevar frå to andre skular i Rogaland, Sandnes videregående og Stavanger katedralskole. No skal ho halda føredrag for elevar ved eigen skule, der ho fortel om opplevingar frå turen.

Brunvoll har friluftsliv som fag på vidaregåande, noko som har ført henne både til Austerrike på ski og på sykkel langs Rallarvegen. Planen i vinter er å gå over Hardangervidda på ski.

Julie Helen Lopez Eilertsen er stolt over fokuset på solidaritet som elevane ved Bryne vgs har hatt gjennom mange år. Lopez Eilertsen har mor frå Filipinane, og ho har besøkt landet to gonger.

– Eg vil attende og eg reknar absolutt med at det blir fleire turar. Det er mykje som kan gjerast på Filippinane, både når det gjeld dyrevelferd og menneskerettar. Eg støttar arbeidet i forskjellige dyrevelferd, klima- og miljøorganisasjonar. Mellom anna Noah, Natur og Ungdom og WWF, fortel 17-åringen.

Begge dei unge kvinnene er elevar på studiespesialiserande ved Bryne vidaregåande skule. Brunvoll tek realfag, Lopez Eilertsen har valt samfunnsfag.

Julie Helen Lopez Eilertsen har vore vegetarianar i tre år.

– Eg er engasjert i dyra sine rettar, mi eiga helse og miljø- og klimautfordringar. Det var bakgrunnen for at eg valde å kutta ut kjøt.

Mathilde Brunvoll kallar seg hobbyvegetarianar.

– Det betyr at eg støttar saka, samstundes som eg er med og viser at det er viktig å kutta ned på forbruket. Eg har eit stort fokus på å eta mindre kjøt på grunn av klima- og miljøomsyn, forklarer Brunvoll, som også er lokallagsleiar i Natur og Ungdom i Egersund.

Mathilde Brunvoll (18) og Julie Helen Lopez Eilertsen (17) karakteriserer seg sjølv som feministar. Foto: Brit Romsbotn

Begge jentene opplever at vaksne i mange tilfelle ser på dei som naive.

– Å, er du i den fasen no, er ein reaksjon som ikkje er framand når eg har engasjert meg i noko nytt. Slik var det då eg blei vegetarianar, så den fasen har no vart i tre år. Andre seier at det ikkje er slik verda fungerer, men at det i alle fall er bra at me er engasjerte. På den måten let dei det tydeleg skina gjennom at dei ikkje trur på det same som oss, fastslår Lopez Eilertsen.

- Liker moglegheitene

På skulen har Lopez Eilertsen sosialkunnskap og psykologi som sine favorittfag. - Sosialkunnskap byggjer på sosiologi og sosialantropologi, og eg tykkjer det er veldig spanande, seier ho.

Mathilde Brunvoll er veldig interessert i realfag, sjølv om ho til tider tykkjer det kan bli litt tungt. – Men eg liker nesten alle fag, så då går det greitt likevel, seier ho.

– Kva er det beste med å vera ung i 2018?

– Alle moglegheitene som ligg der. Me har livet framføre oss, og me har moglegheiter til å gå mange ulike vegar, svarer Julie Helen Lopez Eilertsen.

Mathilde Brunvoll kan somme tider ha eit litt dystert syn når ho tenkjer på framtida.

– Ofte spør eg meg kva det er som skjer med jordkloden vår. Mange av dei vaksne som styrer, tek ikkje ansvar, og det er heller ikkje alle som trur at den globale oppvarminga er menneskeskapt. Det er for mykje fokus på kortsiktig profitt, og for lite fokus på framtida, og det tykkjer eg er alvorleg. For meg er det viktig å tenkja at alle kan vera med å gjera ein forskjell. Endringane skjer her og no, seier ho.

– Kva er verst med å vera ung i 2018?

– Når dei vaksne ikkje høyrer på oss og tek oss på alvor. Me er kanskje unge, men me har forstått mykje. Og alle må vera klar over at ting endrar seg, kjem det kjapt frå Julie Helen Lopez Eilertsen.

– Kva er planane etter vidaregåande?

– Eg er litt usikker, men eg kan godt tenkja meg eit år der eg utforskar verda. Etterpå vil eg utdana meg til lektor ved Universitetet i Stavanger, svarer Julie Helen Lopez Eilertsen.

Mathilde Brunvoll vil redda verda.

– Neste år vil eg gjerne reisa og gå i fjell både i Norge og i andre land. Seinare kan eg tenkja meg å studera noko innan biologi, gjerne noko som har med klima og miljø å gjera, seier ho.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...