Her er byassen som blei bonde, og som ikkje kunne tenkt seg eit anna liv.

– Eg tykkjer det er kjekt å bruka hovudet på andre ting enn gardsdrifta, seier Willy Finnbakk. Foto: Brit Romsbotn

– Alt saman er hobbyen min. Eg får gjera akkurat det eg har lyst til, seier Willy Finnbakk, bonde på Løge i Time.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 28.11.2018 kl 13:56

Frå stoveglaset ser han store deler av Klepp, Time og Hå. Willy Finnbakk, som fyller 60 år onsdag 28. november, serverer kaffi og summerer frå livet som starta på Madla ved Stavanger.

– På Jæren blir eg kalla byas, og på Madla går eg for å vera jærbu. Men far min er frå Korgen i Nordland. Når eg er i lag med slekta der, blir eg sett på som fullverdig nordlending,

Møtte odelsjente på Tomb

Han vaks opp som nummer tre i ein søskenflokk på fire.

– Far arbeidde som elektrikar, men det var mange gardar rundt oss der me budde. På skulen fekk eg ein kamerat som budde på gard, og eg var mykje i lag med han på fritida. Eg var mykje rundt på forskjellige gardar, og eg meiner at eg gjekk i tredje klasse første gongen eg kjørte traktor rundt Madlaleiren, fortel Finnbakk.

Han treivst med gardsarbeidet. Etter gymnaset reiste han på jordbruksskulen på Tomb i Østfold.

Planen var å gå vidare på Landbrukshøgskulen på Ås.

– Men på Tomb møtte eg odelsjenta Ingjerd Søyland frå Løge, og då me var ferdige på skulen, reiste me til Time for å driva garden hennar.

Ektefellen, som fyller 60 år i mars, arbeider ved ungdomsskulen på Lye. Willy Finnbakk har vore fulltidsbonde sidan 1982. På garden har dei gris og kyr.

Finnbakk ser verdien med å ha gardsarbeid som livsstil.

– Livet som bonde inneber mange ulike arbeidsoppgåver, ein dag fungerer du som snekker, ein annan er du røyrleggjar. Eg er nok ein type som kunne trevest med mykje forskjellig. Eg har alltid vore oppteken av å vera tilstade i eige liv, og eg prøver å gjer kvar dag så triveleg som mogleg.

Jubilant

  • Willy Finnbakk

Alder: 60 år komande onsdag.

  • Bur: Løge i Time
  • Yrke: Bonde
  • Sivil status: Gift med Ingjerd. Har fire barn og åtte barnebarn.

Ungdomsarbeid på Fotland

For Willy Finnbakk har det alltid vore naturleg å ha eit stort engasjement utanom garden.

I over 20 år har han vore med i soknerådet og i kyrkjeleg fellesråd i Time, han har ei fortid som tillitsvald både i Time Bondelag og i svinealslaget, no Norsvin.

Han gjekk ut av Norsvin då han blei ein av seks regionleiarar i Nortura. Finnbakk stod også på Sp-lista ved sist kommuneval, og han står på same partiliste ved det komande lokalvalet.

– I politikken karakteriserer eg meg sjølv som listefyll. Men eg er ein sosial type som liker å vera med og få ting gjort. For meg fungerer det veldig fint å vera engasjert i ulike lag og organisasjonar. Eg tykkjer det er kjekt å bruka hovudet på andre ting enn gardsdrifta. Eg er eit ja-menneske, og eg tykkjer det er vondt kvar gong eg må seia nei. Men livet har lært meg at døgnet ikkje har meir enn 24 timar.

Det mest engasjerande han kan sjå tilbake på, var då han som ung vaksen var med og bygde opp ungdomsmiljøet kring Fotland bedehus.

– Eg var ikkje så mykje eldre enn ungdommen. Men sidan eg var gift og hadde barn, blei eg definert som vaksen. Me skapte eit veldig aktivt miljø der det kom unge frå både Klepp, Time og Hå for å vera i lag på Fotland. Me hadde kor med 50 songarar, og mange andre aktivitetar. Det var utruleg gjevande år, summerer Finnbakk.

Feiring i kyrkjekjellaren

Ingjerd og Willy Finnbakk har fire barn, Kristi (37), Magnus (35), Børge (33) og Ingebjørg (28) Med åra er det blitt åtte barnebarn, sju jenter og ein gut.

60-års dagen blir feira med ope hus heime på Løge sjølve fødselsdagen.

Laurdag blir det feiring i kjellaren i Bryne kyrkje med familie og vener.

– Me blir cirka 60 personar. Me plar feira fødselsdagane våre, og me tykkjer det er greitt å samla til selskap desse dagane, seier Finnbakk.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...