Her er dei glad for vind - men for sterk vind stoppar produksjonen

Kenneth Puntervold, plassjef ved Høg-Jæren Vindpark smiler dei dagane det bles godt, det betyr god produksjon i møllene. Foto: Hilde Anette Ebbesvik

Vindfull haust fører til at Høg-Jæren Vindpark ligg 3-4 prosent over forventa produksjon.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Dei siste dagane har vore prega av sterke vinddrag på Jæren og Vestlandet. Vindmøllene på Høg-Jæren har fått ekstra god fart på seg, og gjeve litt meir straum enn vanleg. Men for mykje vind stoppar faktisk heile produksjonen, og gjer at dei må henta straum frå Lyse til å halda drifta oppe.

Det er nå over ti år sidan parken blei ein snakkis på bygda, i dag har møllene snurra i seks og eit halvt år. Det er på tide å sjå korleis det har gått.

– Det har gått veldig bra. Me var heldige som låste prisane i 2011 for 12 år. Etter det stupte nemleg kraftprisane, og bindinga sikra oss ei god inntekt, seier Kenneth Puntervold som er plassjef ved Høg-Jæren Vindpark, og er tilsett gjennom Eurus Energy Norway.

– Korleis vil det gå når dei 12 åra er omme?

– Då er me omtrent gjeldfri, og er ikkje så avhengig av kraftprisen. Om 12 år kan me gå over i den opne marknaden, seier han.

Før sommaren såg det ut til at vindparken ikkje skulle nå måla, men ein vindfull haust gjer at dei er 3-4 prosent over estimata. Fjoråret hamna bak året før i regnskapa (sjå faktaboks), men i år ser dei ut til å nå måla.

Kan bli for sterk vind

Dei 80 meter høge møllene har kvar 24 kvadrat å boltre seg på, og eit vengespenn på 45 meter. Møllene står på rekkje og rad, og snur seg mot vinden til ei kvar tid.

Kvart minutt snurrar dei enkelte møllene mellom seks og 16 gongar, som igjen set fart på eit gir som roterer med ei utveksling på 1 til 91 gongar i forhold til vengene og er kopla til generatoren.

Totalt kan dei 32 møllene frå Siemens gje 73,6 megawatt straum i timen, som er nok til 14.500 husstandar. Bles det 13 meter per sekund, har Høg-Jæren Vindpark full produksjon, og er det optimale vêret. Men av og til stoppar vindmøllene.

– Er det mindre enn 4 meter per sekund med vind eller over 25 meter per sekund, vil ikkje møllene gå meir, seier Puntervold.

Lite vind seier seg kanskje sjølv, men for mykje vind?

– Vindmøllene er som eit segl, og har ei slags mast som skal halde mot vinden. Blir det for sterk vind, må dei stoppe produksjonen slik at utstyret inni mølla ikkje ryker, seier han.

I slike tilfeller må faktisk anlegget hente straum frå Lyse for å halde alle maskinar og anlegg gåande på tomgang. Og det kan bli for mykje vind. Produsenten har garantert for vind med kast opp til 55 meter per sekund. På Høg-Jæren har dei sidan oppstart registrert vind opp til 47 meter per sekund to gongar, ikkje langt frå garantien.

– Men det er ein garanti, eg har snakka med Siemens som fortel at dei nok minst kan tåle rundt 100 meter per sekund, fortel
Puntervold som ikkje er redd ekstremt vêr.
Meir vind vil heller gjeva auka produksjon for selskapet, og noko han gler seg over.

– Når eg køyrer til jobb og eg merkar at det bles smiler eg, men når eg sit i bilen på veg til hytta ein fredag ettermiddag vil eg helst at det skal vera roleg, seier Puntervold og ler.

Høg-Jæren Vindpark som strekker seg over Time og Hå kommune har i dag 32 møller i drift. Foto: Hilde Anette Ebbesvik

Ikkje til Sveits direkte

Høg-Jæren Energipark produserer om lag 250 GWh, og har ført til at vindparken har vunne bransjeprisen «Årets vindkrigar» som beste prosjekt i 2012, 2013 og 2014 i regi av bransjeorganisasjonen Norwea.
Framtida til parken ser også lys ut. Puntervold trur Høg-Jæren Vindpark vil vera i drift ut konsesjonstida på 50 år, men trur ikkje parken blir utvida - til glede for dei som har vore imot parken.

– Sugerøyret er fullt, seier han og forklarar at ein ikkje klarar å levere meir straum gjennom vindparken sine kablar til Lyse.

Puntervold seier mange trur straumen går direkte til Sveits, som betaler for energien, men det er ikkje det fulle bildet.

Plassjefen teikner eit kart som viser at straumen i fyrste omgang går til Lyse som sender straumen til kundane i Rogaland. Overskotet går vidare til Statnett som leverer straumen til resten av landet.

– Norge produserer mykje straum, og overskotet frå landet blir levert til NorPol i Skandinavia, som igjen leverer til Europol.
Puntervold samanliknar det med pengar i banken, du får ikkje nødvendigvis ut dei lappane du sat inn, når du tar ut pengane i ein minibank.

Meir til lokalsamfunnet

Vindparken som strekker seg over Time og Hå kommune betalar ikkje eigedomsskatt til kommunane, då det ikkje er innført i dag. I staden betaler selskapet tre millionar kroner til dei to kommunane som ein kompensasjon. Til samanlikning vil den nye vindparken i

Eigersund betale skatt, noko som vil føra til ei utgift på rundt 10 millionar i året for dei to kraftverka, ifølgje Dalane Tidene.

– 10 millionar, då hadde eigarane skrudd igjen og gått, seier Puntervold.

Om Time eller Hå ein gong innfører eigedomsskatt, vil det altså få store konsekvensar for vindparken.

Han er likevel klar på at lokalsamfunnet skal få noko igjen av å ha dei omdiskuterte møllene ståande. Han viser til at garantien på utstyret er gått ut, og selskapet blir meir avhengig av lokale leverandørar av ulikt utstyr, sjølv om det ikkje blir direkte fleire arbeidsplassar enn fem på kontoret hos vindparken.

– Eg fakturerer alt sjølv, og ser at det går millionar til lokale bedrifter, seier Puntervold.

Vil ikkje utvide på Håland

Nå har parken som ligg mellom Varhaug og Vigrestad, levert straum i to år, og ser at dei får inn dei kronene dei har budsjettert med.

Røyrmyra vindpark AS omsette i fjor for 3,6 millionar kroner, og hadde eit driftsresultat på 1,2 millionar kroner.

– Det har gått som forventa fyrste år, og har ikkje hatt uforutsette utgifter, seier prosjektleiar Torstein Thorsen Ekern i Norsk Vind Energi.

Også dette året vil det gå som planlagt økonomisk.

– Største variabel er produksjon. Så lenge vi produserer det vi skal, og ikkje får driftsproblem får vi det litle overskotet som vi har budsjettert med, seier han.

Til nå har alt fungert som det skal, og dei tre møllene har levert omtrent så mykje dei skal, rundt 8 gigawattimar med strøm per år, som tilsvarer forbruket til rundt 450 husstandar.

– Er de avhengig av slikt vêr me har hatt denne veka?

– Haustmånadane produserer me godt. Det er eigentleg best med kuling på 11 meter i sekundet. Det er det ofte på Jæren. Me har full produksjon frå 11 til 30 meter per sekund, det treng ikkje vera storm for å produsere godt, seier Ekern.

Han fortel at det ikkje er aktuelt å utvide per i dag på grunn av økonomi og låg kraftpris. Skal dei utvida, må dei også søkja nye rundar med Hå og NVE.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...