Her får dei siste elevane i Klepp sin eigen Ipad

Elevane i tredje klasse på Orre skule måtte på gangen for å få internett til å konfigurera læringsbrettet sitt. IT-ansvarleg på Orre skule, Anders S. Olsen fortvilar. Foto: Hilde Anette Ebbesvik

I Klepp blir dei siste nettbretta levert ut i disse dagar, medan Hå reknar med å vera ferdig innan månaden, og Time i løpet av august.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 12.01.2018 kl 15:24

– Dette har gjeve mange både svake og sterke elevar eit kjempeløft for motivasjon og prestasjon, sa Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese i sin nyttårstale om nettbrett til alle.

Tysdag fekk elevane i tredje klasse på Orre skule utdelt sin Ipad, og er blant den siste tredelen av dei 2706 elevane i kommunen som i desse dagar får tildelt sitt læringsbrett.

Det blei høgt lydnivå og store augo på dei forventningsfulle åtteåringane då dei fekk lys i skjermane og nettbretta byrja å leva. Men til tross for entusiasmen, gjekk det ikkje heilt knirkefritt som i andre klasserom.

Arne Tveranger, IKT-ansvarleg i Klepp kommune hjelper Tilde Hadland til høgre. Endre Haugland Røstvik (t.v.) spør om hjelp til å starta sitt nettbrett. Karen-Marie Grødeland har allereie fått sin Ipad opp og gå. Foto: Hilde Anette Ebbesvik

Dei ansvarlege fann fort ut at det ikkje var godt nok signal på internett, og måtte opp i tak og flytta sendarar for å gje elevane nettverk til å konfigurera nettbrettet. Fleire skular påpeikar at dette har vore ein utfordring i oppstarten, noko kommunane på Jæren jobbar med å forbetra.

Arne Tveranger, IKT-ansvarleg i Klepp kommune må på leit etter internett slik at IT-ansvarleg på Orre skule, Anders S. Olsen sine elevar får kopla opp sine nettbrett. Foto: Hilde Anette Ebbesvik

Tre millionar i reperasjon

Klepp kommune har brukt mellom 17 og 18 millionar kroner på nettbretta samt tilhøyrande tastatur, det er betydeleg meir enn Hå kommune må nytta på deira Chromebooks.

– Me valte Ipad fordi me såg fordelar med det kontra Chromebooks. Me følte Apple hadde komen lengre med å tilnærma seg skulen med appane. I tillegg er Ipaden liten, den kan nyttast utan nett og lyd og bilde er integrert, seier Arne Tveranger, IKT-ansvarleg i kommunen.

Skulane i Klepp nyttar eit virtuelt klasserom kalla Showbie der eleven leverer oppgåver, og får tilbakemeldingar frå læraren.

Marie Bore i tredje klasse på Orre skule var svært nøgd då eplet lyste på nettbrettet hennar. Foto: Hilde Anette Ebbesvik

– Ein språklærar fortalde meg at han hadde bedt elevane lesa inn tekstar, og fekk lettare oversikt over korleis dei beherskar språket. Det er det sjeldan tid til i timen med så mange elevar, seier IT-ansvarleg.

Det fører til at læraren kan følgja betre med på utviklinga til den enkelte, og kan gje meir konkrete tilbakemeldingar.

I løpet av dei neste åra reknar kommunen å nytta tre millionar kroner på reperasjon av utstyret. Tveranger fortel at det er store forskjellar på kva dei ulike modellane kostar å reparera.

– Det er ein tankevekkar at knust glas på dei dyraste modellane kostar tre fjerdedelar av prisen på ein ny Ipad, medan dei nyaste kostar ein tredjedel av prisen, seier han.

Sju millionar i Hå

I løpet av januar får dei siste av dei 2559 elevane i Hå kommune eigen Chromeboook å jobba på. Det ser Tommy Knudsen, skulefagleg rådgjevar i kommunen fram til.

– Dei felles pc-ane som me alltid har hatt sliter med mange brukarar, og det går mykje tid bort i oppstarten av disse. Å få eigen pc eller chromebook er ein føresetnad for å få suksess med det, seier han.

Totalt nyttar kommunen rundt sju millionar kroner for pc til elevane.

– Valet fall på chromebook på grunn av god funksjonalitet og pris. Maskinane har rask oppstartstid og fungerer optimale i forhold til nettlesaren Google Chrome med chrome-appar, seier Knudsen.

Kommunen reknar med at maskinane har ei levetid på tre-fire år før dei må bytast. For å sikra at lærarane også henger med, nyttar dei forum, internopplæring og trening i skulane og nettverkssamlingar.

Time kommune

I Time kommune sitt budsjett som blei lagt fram i 2014 var det satt av 9,5 millionar i investeringar for IKT i skulen fram til 2018. Det innebærer programvare, internett og diverse. Kor mykje som faktisk er nytta på nettbrett, har ikkje Jærbladet fått ei oversikt over.

Time kommune var fyrst ut, men er sist i mål med deira utrulling av læringsbretta på skulen fordi kommunen valte å fordela utgiftene over fleire år. I august kjem dei i mål med Ipad til dei siste elevane, og ser fram til full dekning. Når det er på plass, reknar kommunen med å betala 4,2 millionar årleg i leasingavtalen.

Kommunen har valt å kursa lærarane godt før dei tar nettbretta i bruk.

– Ingen i Time får lærebrett utan at læraren er kursa, seier Pamela Sudmann, fagsjef for skule.

– Lærarane må ha opplæring i korleis læringa i det teknologiske klasserommet føregår, slik at ein får ei god økt. Dei må ha innsikt i ulike appar og programvarer, seier Sudmann.

Der læraren før hadde kunnskap om sitt fag, må dei nå også vera IKT-pedagogar med grunnleggjande ferdigheiter innan den digitale verda.

Klarar seg ikkje utan

Jærbladet har sende ut spørsmål til alle rektorar på Jæren og spurt kva deira erfaringar med nettbrett eller pc har vore. Rektorane som har svart, er alle positive til innføringa.

– Me nyttar Ipad til absolutt alt, den gjennomsyrer all undervisning, me kan ikkje lengre tenkja oss eit klasserom utan teknologi, seier rektor ved Frøyland ungdomsskule i Time, Siri Endresen.

Ein av fordelane ho påpeikar er at elevane får oversikt over oppgåvene då alt er på ein stad. I tillegg ser lærarane det som positivt å få innsyn i elevane sitt arbeid undervegs. Endresen påpeikar også disse fordelane:

– Eleven blir kreativ, meir produktiv og er aktiv sjølv. Teknologien gjer oss meir effektiv og betre.

Mange har påpeika at digitale verkty gjer at elevar som gjerne ikkje er så interessert, eller skuleflinke, heng meir med i skulearbeidet.

– Dei som ikkje er veldig skuleflinke kan få ganske mykje til med dette verktyet, seier rektor ved Orstad skule, Jan Harald Forsmo.

Endring for læraren

Fleire rektorar påpeikar at det har vore ei endring for lærarane.

– Når kvar elev har «internett på pulten» krev dette naturleg nok tydeleg og god klasseleiing, det aukar kravet til læraren, seier rektor ved Rosseland skule, Geir Soma.

– Læringsbrettet i seg sjølv gjer ikkje læring, det er den gode, fornuftige og pedagogiske måten å nytta det på som gjer læring, seier rektor ved Tu skule, Vibeke Sola.

Å ha klare reglar er viktig for alle skulane.

– Enkelte elevar sporar av og går inn på andre nettsider, bruker tid på å skifte bakgrunn på pcen, skiftar farge på overskrifter og så vidare, seier rektor ved Bø skule, Ingrid Marie Særheim.

Oppsummert er det dette skulane ser som fordelar: Fleire motiverte elevar, kan tilpassa oppgåver til den enkelte, betre oppfølging, får utvida fagstoff via internett, gjev meir variert skulekvardag, lærer elevane i tida og elevane skriver meir enn ved blyant.

Dette er ulempene: Handskrifta kan bli dårlegare, lærarane må følgja meir med, det er lett å gli over på andre ting og ein er avhengig av godt internett.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...