Her vil Klepp-politikarane ha skulen

Her, ved turstien frå BMX-banen og inn til Kleppeloen (ved skogen), vil Klepp-politkarane gjerne ha den nye skulen – viss dei får lov av Fylkesmannen. Området er i dag beite, og ligg på landbrukssida av jordverngrensa. Husa i bakgrunnen ligg på Kleppevarden. Foto: Åge Bjørnevik

Vrakar rådmannen sitt forslag om ein stor, todelt Kleppe skule. Satsar alt på å få til ein ny barneskule ved Kleppeloen.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 24.11.2016 kl 18:39

Det blei konklusjonen til eit samrøystes hovudutval for skule og barnehage i ettermiddag.

Politikarane forkasta rådmannen sitt spareforslag om å byggja ein todelt Kleppe skule. Forslaget gjekk ut på å ha 1.-4. trinn i dagens skulelokale og byggja nye lokale til 5.-7. på tomta ved Jærvegen, like ved innkjørsla til Sirkelen.

I staden vil eit samrøystes hovudtuval ha ein heilt ny barneskule på tomta mellom BMX-banen og Kleppeloen.

Om det lar seg gjera, er førebels usikkert. Tomta – som i dag i all hovudsak blir brukt som beite – ligg på jordbrukssida av jordverngrensa. Derfor ber skulepolitikarane om at forhandlingsutvalet i kommunen undersøkjer med Fylkesmannen korleis ein ny skule på BMX-tomta kan realiserast.

Sidan så mykje er uvisst rundt tomta, er det også uvisst når den nye skulen kan stå ferdig. Men politikarane ber om at planlegging og bygging skal skje «utan unødig opphald».

Opprusting av Kleppe skule

I tillegg til at dei ønskjer ny skule, vedtok skulepolitikarane også at dei ønskjer ei opprusting av Kleppe skule. 20 millionar kroner bør setjast av, meiner dei, og for dei pengane skal Kleppe skule mellom anna få aula, kantine og betre plass til språkstasjonen. Alt dette skal stå klart i 2020.

Prosessen med å leggja ned Horpestad skule og Vasshus skule skal også gå sin gang. Her vedtok eit samrøystes utval å setja i gang prosessen med høyring av foreldre og elevar.

Saka går no vidare til formannskap og kommunestyre for endeleg vedtak.

Må kutta andre stader

Kommunalsjef Trond Roy Pedersen minna om det økonomiske i saka. Alle etatane i Klepp har fått pålegg om å kutta 0,5 prosent årleg i budsjetta sine dei neste fire åra. Det var bakgrunnen for at Pedersen føreslo ein todelt Kleppe skule, som kan gje ei innsparing på heile ni millionar kroner årleg.

– Det er ingen tvil om at ein 1.-7. skule er den beste løysinga. Men i lys av Klepp kommune sin visjon – «Barna vår framtid» – kunne eg godt stå inne for forslaget om ein todelt skule også. Barna ville fått eit god tilbod om de vedtok det, sa Pedersen i møtet – etter at det var klart at vinden bles i ei heilt anna retning. Pedersen viste til at tomta ved BMX-banen også hadde vore hans førsteval – viss det ikkje var for usikkerheita – kombinert med at det hastar med å få på plass den nye skulen, og at det er behov for å spara mykje pengar.

– Pengar er ikkje alt

Kjersti Olimb Salte (KrF) viste til visjonen, og understreka at tilbodet til elevane er det avgjerande for henne i denne saka.

– Pengar er ikkje alt. Barna vår framtid, sa ho, og argumenterte for kor viktig det er med samspel mellom dei eldre og dei yngre elevane på ein barneskule. Ho minna også om at distansen frå Kleppe skule til tomta ved Jærvegen ikkje er lang for ein vaksen, men mykje lenger for ein seksåring. Sidan det låg i korta at fellesfunksjonar som aula kunne bli lagt til nybygget, ville den todelte skulen føra til meir stress i ein allereie travel skulekvardag.

Vedtaket i hovudutvalet byggjer på eit fellesforslag frå fleirtalskameratane Høgre, KrF og Sp. Men i det første forslaget var ikkje tomta ved BMX-banen nemnt.

– Dette er eit halvhjerta forsøk. Eigentleg ser det ut som eit skjult forsøk på å få til noko anna, sa Børge Brunes (V) om det første forslaget frå fleirtalskameratane. Han viste til at tomta ved BMX-banen skil seg ut, fordi svært mange elevar – både frå Kleppevarden og Verdalen – får kortare og tryggare skuleveg.

Nett det meinte Olav Røysland (H) burde vera eit viktig argument, også for Fylkesmannen.

Så vil tida visa om det blir opning for å byggja på «feil» side av jordverngrensa.

Mange politikarar drøymde i vår om ein skule i sentrum, men den draumen er blitt svekka etter at det viser seg at både Sirkustomta og Meieritomta er for små. Ein ny skule med plass til 350 elevar krev rundt 19 dekar med tomt for å stetta alle krav til uteareal med meir.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...