Hugsar du tida med filmleige på Videoland? Det var blide Siv Nordmark som ekspederte deg.

Siv Nordmark vart kjent med mange då ho i over enn 20 år arbeidde ved Videoland på Bryne. Mange ville drøsa, mange ville leiga film, og veldig mange ville ha slush. Foto: Snorre Standish Norheim

Siv Nordmark kjenner du kanskje. Ho styrte Videoland-sjappa på Bryne.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 07.03.2019 kl 08:07

Før Netflix, HBO og NRK-appen, måtte heimefilmpublikummet oppsøkja eit fysisk eksemplar av filmen dei ønskte å sjå. Bak disken på Videoland på Bryne, stod Siv Nordmark, frå ho var elev i den vidaregåande skulen, til den teknologiske utviklinga utraderte eksistensgrunnlaget for videosjappa, meir enn 20 år seinare. Då var prisane på DVD-ar blitt reduserte til 99 kroner, medan kundane kunne leiga filmar til 60-70 kroner hjå Videoland.

- Det var ei tid for alt. Det siste året såg me at det ikkje gjekk så godt, og då fann me ut då var det like greitt å leggja ned medan leiken ennå var god.

Ho vart tilsett av sjefen Grethemor (Grethe Nordbø Taksdal), og stod først i lokala der rammemakar L.A. Pedersen held til nå, og seinare i Sveinsvollsvegen, i bakken nedanfor Bryne ungdomsskule. Den livlege 50-åringen har berre gode minne frå utleveringa av VHS-ar og DVD-ar, og det same har tydelegvis dei gamle kundane hennar, for ho blir stadig kjent att av folk som hadde vore innom for ein drøs, ein film eller slush, som har selde «enorme mengder av».

- Folk stoppar ennå opp, og seier: Å, du er videodama! Ja, veit du kva, eg jobba der i så mange år, over 20 år.

Jubilant: Siv Mari Hundsnes Nordmark

  • Blir 50 år fredag 8. mars.
  • Bur på Kvernaland.
  • Arbeider ved Espira Ormedalen på Orstad.
  • Gift med Magnus Nordmark. To døtrer og to søner, frå 18 til 26 år.

Glad i å vera med folk

Siv Nordmark har aldri vore aktuell for ein kontorjobb. Ei stund arbeidde ho som seljar for matvareprodusenten Knorr, drog rundt og presenterte varer i daglegvareforretningar. Ein dag kom ho heim og klaga over å ha snakka på seg ømme kjevemusklar. Då svarte ektemannen Magnus Nordmark at det ikkje kunne vera nokon tvil om at ho hadde funne rette jobben, ho som evna å snakka seg støl i andletet.

Nordmark er ei utadvendt dame, og har fått oppleva mykje i arbeidslivet etter tida som «videodame». Ho har arbeidd hjå skomakar, på Nille, i Coop-kafeen på Bryne, hjå b.young på Jærhagen og i designforretninga Classic Design på Maxi Sandnes. Nå arbeider ho 80 prosent i barnehagen Espira Ormedalen på Orstad, og held orden på rundt 25 fireåringar.

Hennar blide åsyn vart også sett pris på i daglegvarebransjen, då ho arbeidde for Sele Potet. Tidleg på morgonen drog ho ut med oppkutta råvarer, til Madla handelslag, Randaberg, Helgø matsenter, til dei tilsette i butikkane som trong oppkutta grønsaker for å kunna begynna å laga rettane sine.

- Det var ei gild tid. Eg likte veldig godt å køyra rundt med varer, seier Siv Nordmark.

Dugnad og idrett

- Eg føler eg har opplevd utruleg mykje på desse 50 åra, og så har eg ein god familie, som er utruleg flink til å støtta opp, køyra og stilla på dugnad.
Ho speler volleyball for mikslaget på Orstad, og ho driv med turn i Frøyland-Orstad. Ungane, som er mellom 18 og 26 år, har fått velja fritidsaktivitetar sjølve. Begge sønene har teke etter far sin, og halde fram med motocross, med mor som solid støttespelar for alle tre.

- Eg har følgt ungane i alle idrettane dei har vore innom. Det har vore barneidrett, fotball, turn og motocross, som det er den dag i dag.
Ho har delteke på mang ein dugnad i bygda, vore oppmann og trenar i fotball. Då dei fire ungane skulle øvingskøyra, var det mor som sat i passasjersetet, sjølv om turen ikkje gjekk lenger enn til butikken. I tillegg til sine eigne, har to tvillingbrør og ei syster, med barn.

- Eg seier mange gongar til systera mi at døtrene våre på 18 år, går så godt i lag, at det er som å ha ei ekstra på huset. Eg liker godt å ta med tantungane på turar, og vera i lag med familien, rett og slett.

Videoland på Bryne pleidde å ha ei 10 på topp-liste over favorittfilmar. Siv Nordmark trekkjer fram «Dagboken», på engelsk «The Notebook», som ein film som lenge låg i toppen av lista. Foto: Snorre Standish Norheim

Liker i å kle seg i kostyme

Stova i huset på Kverneland er fullt av DVD-ar, og samlinga av Disney-filmar lèt til å vera nær sagt komplett. To favorittar Siv Nordmark har teke med seg frå Videoland, er to filmar om dagbøker; den første komedien om kløna Bridget Jones, og den andre den romantiske dramafilmen «The Notebook», der ein kjærleg ektemann prøver å vekkja tilbake minna om ungdomstida, hjå ei kone som lir av demens.

Siv Nordmark liker godt å kle seg ut, har mellom anna vore sjørøvar, indianar, pokémonen Pikachu, den gule teletubbien Laa-Laa. Då ho fylte 30 og 40 år, var det kalas med kostyme, men den siste tida har det vore så mange feiringar at 50-årsfeiringa blir skubba litt fram i tid. Ikkje at dét gjer noko, fest og moro blir det likevel.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...