Imponerte stort med ellevilt Prøysen-show

I Bakvendtland må ein sjølvsagt danse baklengs! Foto: Nils-Ove Støbakk

Elevane ved Klepp ungdomsskule var barnslege – med stil.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 12.06.2017 kl 08:50

Heilt sidan jul har elevar i åttande og niande klasse ved Klepp ungdomsskule jobba med ei Alf Prøysen-framsyning. Onsdag og torsdag fekk hundrevis av heldige barnehageungar og skuleelevar sjå det ferdige resultatet – eit sprelsk show der sprudlande ungdomsskuleelevar herja både på scena og i salen.

– Og så glir overgangane bra. Me treng ikkje å passe på, men står berre bake og kosar oss, slår lærar Anders Larsen fornøgd fast.

Dialog med publikum

I løpet av 45 underhaldande minutt blei me tatt med innom kjende songar og historier som «I Bakvendtland», «Helene Harefrøken», «Bolla Pinnsvin», «Snekker Andersen og julenissen» og fleire andre Prøysen-klassikarar. Og sjølvsagt «Hompetitten» heilt til slutt.

Dei andre dyra blei rasande då geitekillingen ville telle dei. Andrea Sophie Askø Sandvik (t.v.), Mats Aabrekk, Thomas Nordås Hegre og Andrea Arnø. Foto: Nils-Ove Støbakk

Med engasjerte smårollingar i salen var det heller ikkje vanskeleg å få med publikum, som både lo og song med.

– Det har vore viktig i arbeidet med framsyninga at alle innslaga skal vere ein dialog med publikum. Anten så er dei med og syng, eller så får dei spørsmål og er ein del av skodespelet, fortel Hilde Svela.

Saman med Larsen har ho hatt hovudansvar for prosjektet, som har vore ein del av valfaget sal og scene. Og dei to lærarane er utruleg stolte over elevane sine.

Elevane har brukt det siste halvåret på å lage danseinnslag til Prøysen-framsyninga. Foto: Nils-Ove Støbakk

– Det er dei som har øvd inn replikkane og laga dansane, skryt Larsen.

– Og så prøver me å lære dei å improvisere undervegs, seier Svela.

Trygge på scena

Undervegs sprett fem leikne programleiarar opp og ned frå scena. Teddybjørnen (Selma Sofie Vemmestad), skuleguten Olesander frå Bakvendtland (Eskil Friestad), Nøtteliten (Håkon Grude Røstvig), Bolla Pinnsvin (Tuva Holmen Reime) og Helene Harefrøken (Maren Brunes) dukkar opp både mellom innslaga og nokre gongar undervegs i songane, og gjer ein kjempegod jobb med å halde den leikne og raude Prøysen-tråden gjennom det heile.

Dei fem programleiarane hadde stålkontroll frå A til Å, og losa både publikum og medelevar elegant gjennom framsyninga. Eskil Friestad (t.v.), Håkon Grude Røstvig, Maren Brunes, Tuva Holmen Reime og Selma Sofie Vemmestad. Foto: Nils-Ove Støbakk

– Det er skikkeleg varmt på scena. Du har opptil tre lys på deg på ein gong, fortel Eskil.
Men både han og dei fire andre er einige om at det er gøy, og at dei har kosa seg skikkeleg på scena.

– Det er så kjekt, jublar Selma.

– Me har fått hjelp av lærarane, men har funne på alle replikkane sjølve, fortel ho.

– Og så har me blitt så trygge på scena at me klarer å improvisere. Om ein gløymer ein replikk, kan nokre av dei andre hjelpe til, seier Eskil.

Leik og latter

Skulen valde bevisst å lage framsyninga med små barn som hovudmålgruppe.

– Så blir det mykje leik og latter. Det er noko frigjerande med det, forklarer Hilde Svela.

Det var lett å sjå at ungdomsskuleelevane storkosa seg på scena. Foto: Nils-Ove Støbakk

Eskil og Håkon må rett nok innrømme at dei i starten følte seg litt ukomfortable med å vere barnslege. Heldigvis kom det seg etter kvart.

– Nå er det berre gildt, smiler Håkon.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...