Klepp flyttar jordverngrensa på Siri sin eigedom

Industrien har kome tett på Siri Mossige sin gard, og ein del av jorda hennar til høgre er allereie omregulert til næringsområde. No blir ho sitjande att med ein smal kile med dyrka mark mellom turvegen og næringsområdet. Foto: Åge Bjørnevik

Eit stort fleirtal i kommunestyret ville landa den langvarige og vonde saka no. Dermed sit Siri Mossige på Tu att som taparen i svarteper-spelet om erstatningsjord for Q-utvidinga.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 14.02.2017 kl 09:26

Torunn Austdal Rasmussen (Frp) sette i kommunestyret mandag kveld fram forslag om heller å ta 13 dekar av jorda som Klepp kommune nyleg har kjøpt nord på Kleppe, for at Klepp kommune skal unngå å gripa inn i privat eigedom mot eigaren sin vilje. Forslaget fekk berre støtte frå Frp sine seks representantar pluss Einar Erga og Maria Tjaum Eimstad frå Ap.

Dei 23 andre representantane i kommunestyret stemte for rådmannen si innstilling, som går ut på at 13 dekar på Siri Mossige sin eigedom på Tu skal tilbakeførast til jordbrukssida av jordverngrensa. Eigedommen blei flytta til utbyggingssida i 2006, i samband med planleggina av næringsutbygging i området Vardheia/Tu.

– Må tenkja langsiktig

I kommunestyret slo kommunalsjef Kåre Strand fast at det ville bli krav om ein heilt ny prosess, med ny høyring, dersom ein skulle gå for Frp sitt forslag og peika på eit nytt område no.

– Dette kjem på bordet for seint. Me må landa denne vanskelege saka no, var ein gjennomgangstone frå dei som var oppe på talarstolen og argumenterte for rådmannen sitt forslag til vedtak. Eit anna gjennomgåande argument var at området på Tu ikkje er omregulert enno, men ligg inne som såkalla LNF-område i kommuneplanen. Det betyr at ein ikkje har rett til å få byggja ut der i framtida, sjølv om området ligg på utbyggingssida av jordverngrensa.

– Viss me no skal bruka eit halvt år til på denne saka, kjem me til å mista truverdet når me skal snakka med fylkeskommunen og Fylkesmannen om erstatningsareal for å få frigjort skuletomta ved BMX-banen, sa Vidar Haugland (H).

– Når me snakkar om jordverngrensa, må me tenkja i eit langsiktig perspektiv. Ikkje fem år eller ti år, men 100 år eller kanskje til og med i eit evig persepektiv. Er det nord på Kleppe, inne i eit område som allereie langt på veg er utbygd, at me har mest bruk for jord. Eg vil seia nei, sa Børge Brunes (V).

Langvarig jakt på areal

I over to år har Klepp vore på jakt etter eit erstatningsareal for dei 13 dekarane med jordbruksjord som blei frigitt til utvidinga av Q-Meieriet på Øksnavad. Kommunen sitt eige område på Åna-Gruda blei underkjent av Fylkesmannen, og i etterkant har saka blitt eit svarteper-spel, der tre private grunneigarar har kunna bli sitjande att som taparar.

I siste runde peika rådmannen på Siri Mossige, til grunneigaren si store skuffing. Overfor Jærbladet har ho sagt at ho opplever det Klepp kommune gjer som eit stort løftebrot.

– Kommunen har signalisert at dei ønskjer dette området til næringsutbygging. I 2006 blei jordverngrensa flytta til der ho er i dag, og eg har innretta meg med å kjøpa meir jord lenger oppover for å sikra gardsdrifta. Dei som byggjer ut industriområdet har også lagt sine planar – og dimensjonert sine anlegg – ut frå at heile området skal byggjast ut. Men no skal kommunen plutseleg setja ein strek over det, sa Mossige nyleg til Jærbladet.

– Eg er enormt skuffa over dei, seier ho no, etter at fleirtalet i kommunestyret mandag kveld gjorde endeleg vedtak om å flytta jordverngrensa på Tu.

Bakgrunn
Både Fylkesmannen og fylkeskommunen opna i desember 2014 for å frigje 13 dekar med jordbruksjord på Øksnavad. Løysinga gjev rom for utviding av Q-Meieriene og ei privatfinansiert flytting av fylkesvegen/trafikksikring. Vilkåret var at jordverngrensa skulle flyttast på Tu, Kleppe eller Åna-Gruda, slik at eit tilsvarande jordbruksområde får varig vern.

Kommunen sitt eige område på Åna-Gruda er ikkje god nok jordbruksjord til at Fylkesmannen ville akseptera det. Ingen av dei tre grunneigarane på Tu og Kleppe som kommunen har peika på, ønskjer flytting av jordverngrensa på sin eigedom.

Store pengeverdiar står på spel for grunneigarane. Utbyggingsområde kan fort vera verdt rundt ein million kroner per dekar med dagens tomteprisar.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...