Klepp går vidare med bom

Dei seks representantane frå Frp (til venstre) og KrF-representanten Tore Bore (bak i midten) reiser seg og stemmer mot å gå vidare med ein eigen bompengepakke for Jæren. Foto: Åge Bjørnevik

Mot sju stemmer (Frp og 1 KrF) har Klepp kommunestyre vedtatt å seia ja til å gå vidare med Utbyggingspakke Jæren. Det er også fleirtal for å jobba for at innkrevingstida ikkje blir så lang som 15 år.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 18.09.2018 kl 08:40

Vidar Haugland (H) sette fram forslaget, som går ut på at ein eventuell Jærenpakke må avsluttast før eller samtidig med bypakken på Nord-Jæren.

– Betyr det høgare takstar? spurte ein bekymra Torbjørn Hovland (KrF).

– Me har ikkje rekna på det. Men med Hå ute, fell Buevegen vekk, det er 275 millionar spart. Dette er noko det må reknast på og forhandlast om, og reknestykket må gå opp, svara Vidar Haugland, Høgre sin gruppeleiar.

Forslaget blei vedtatt mot fire stemmer frå KrF.

Han har også sett fram fleire forslag som er nye sidan formannskapet behandla saka for to veker sidan.

– Eg ønskjer å sjå på om det er mogeleg å gjera kompenserande tiltak for småbarnsfamiliar, som blir urettferdig ramma. Eg vil også sjå på taket på passeringar: er det mogeleg å justera det til for eksempel 60 i månaden, frå 75 i månaden? sa Vidar Haugland (H)frå talarstolen.

Han har også føreslått fritak for bønder som har jord på to sider av ein bom, og som dermed må kjøra traktor gjennom bommen.

Alle tre forslaga fekk støtte frå eit samrøystes kommunestyre.

Også Einar Erga fekk fleirtalet med på sitt forslag: At det i det vidare arbeidet skal greiast ut om det er mogeleg å byggja veg først og krevja inn bompengane etterpå. Berre Venstre og Miljøpartiet dei Grøne stemde mot.

Kåsen-bommen skal bort 1. oktober, når den nye bomringen på Nord-Jæren blir sett i drift. Foto: Åge Bjørnevik

Frå debatten

Torbjørn Hovland (KrF) seier også ja, til liks med fire av fem i KrF-gruppa, sa han. Partikollega Tore Bore slår fast at det ikkje er alle pakkar han vil ha, og viste til dagens bompengering, som har stått mykje lenger enn føresett. Og at ein legg opp til å sponsa dei som har råd til elbil med halvparten av bompengekostnaden.

Bore fekk applaus av bompengemotstandarar på tilhøyrarplass – som på si side fekk åtvaring av ordføraren.

– Tidlegare betalte elbilane ingenting. Eg trur det er rett veg å gå at dei må betala noko, repliserte Roar Lima Grødeland (Sp), som også er innstilt på å gå vidare med Utbyggingspakke Jæren. Men han slår fast at det er mykje som må på plass i forhandlingane for at det skal vera aktuelt å stemma ja når saka kjem til avgjerd neste år.

Sigmund Rolfsen (Ap) vel, under tvil, å gå vidare med Utbyggingspakke Jæren.

– Bompengar er noko ingen av oss likar. Finansieringa burde vore annsleis, og hatt ein annan sosial profil. Men ingen vegprosjekt i Norge blir realiserte i dag utan at det blir teke i bruk bompengar, sa Rolfsen.

– Me kjem til å vera kritiske til det arbeidet som styringsgruppa legg fram, og som me skal ta stilling til neste år. Lista for oss ligg høgt for at me skal enda opp med eit ja når det endelege vedtaket skal fattast, la han til.

Partikollega Einar Erga spela inn ei annan løysing for bompengane: Kva om me byggjer vegane først, og krev inn bompengane etterpå?

– Eg trur det er større vilje for å betala bompengar viss ein får ein ny, fin veg, sa Erga, som har sett fram forslag om å utgreia noko slikt.

Arne Madland (Frp) seier klårt nei til å gå vidare.

– Denne pakken inneheld ikkje det som Jæren treng. Jæren treng fire felts eg sør for Ree.
Jæren treng ikkje kryssing til E39. Det er heilt feil. Det som ligg i denne bompakken, er å flytta køane nokre hundre meter fram, frå Kåsen til Re. Og tenk å bruka ein halv milliard på å ta inn to. Det er ikkje heilt lurt, heile greia, sa Madland.

Børge Brunes (V) peika på at Utbyggingspakke Jæren gjev mogelegheit til å realisera ein del av det han brenn for innføre samferdsel, som gang- og sykkelvegar og eit betre kollektivtilbod.

– Ordførar har stått stødig i kampen, og vore tydeleg. Eg vil gje henne fullmakt til å gå i forhandlingar, sa Brunes.

Markerte motstand

Då Klepp formannskap drøfta bomsaka for to veker sidan, var det knapt råd å høyra kva som vart sagt den første timen av debatten. I kveld var det ingen organisert demonstrasjon utføre Klepp rådhus, men nokre få bom-motstandarar hadde møtt fram på eige initiativ, og stod der med eit enkelt «Nei til mer bompenger»-skilt.

Ingen organisert demonstrasjon i kveld, men nokre bompengemotstandarar stilte utføre Klepp rådhus for å seia kva dei meiner om den påtenkte bomringen. Foto: Åge Bjørnevik

I kommunestyret minna ordførar Ane Mari Braut Nese (H) om reglane for kommunestyremøte, der det mellom anna ikkje er tillete med meiningsytringar frå andre enn representantane og dei frå administrasjonen som får ordet av ordføraren.

Ved starten av møtet fekk også politikarane informasjon om Utbyggingspakke Jæren av fylkessamferdselssjef Gottfried Heinzerling.

Hå har sagt nei, Time behandlar saka i morgon

Fleirtalet i Hå kommunestyre sa torsdag nei til å gå vidare med ein eigen bompengepakke for Jæren.

Time kommunestyre behandlar saka i morgon, tysdag. Eit klårt fleirtal i Time formannskap sa ja til å gå vidare med Utbyggingspakke Jæren.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...