Klepp og Rema 1000 spleisar på støyskjerm

Støyskjermen kjem på høgre side av vegen bak Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese. Bak til venstre ser me industriområdet som er bygd opp sidan tusenårsskiftet.

Nabolaget langs fylkesveg 505 på Orstad har klaga over redusert livskvalitet på grunn av trafikkstøy. No kjem løysinga.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

- Dette nabolaget har falle mellom mange stolar. No måtte me få gjort noko med støyen, seier Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese.

Både små og store bilar susar forbi den vesle stunda me står der ved fylkesveg 505 rett nord for Øksnevad Næringspark. Støyen er plagsam, men ikkje så høg at han utløyser lovkrav om støyskjerm mot bustadhusa langs vegen. Sidan tusenårsskiftet er det også bygd ut eit stort industriområde på den andre sida av fylkesvegen - utan at det vart sett krav til støyskjerming mot bustadhusa. Resultatet har blitt ein uhaldbar kvardag, og mange år med innspel frå nabolaget.

Ferdig i mai neste år?

I eit års tid har Klepp kommune jobba for fullt med å få på plass støyskjermen. Ein viktig del av arbeidet har vore å snakka med alle naboane.

- Så lenge ein må inn i private hagar, er det alltid ein risiko for at nokon ikkje vil vera med. Men me har fått positive signal frå alle, og det ser ut som om me skal klara å plassera støyskjermen i eigedomsgrensa, slik at inngrepa i privat eigedom blir små, seier Nese.

For nokre dagar sende Klepp kommune ut informasjonsbrev til alle grunneigarane. Kommunen har allereie leigd inn ein ekstern konsulent som skal laga dei tekniske planane for støyskjermen og få dei godkjende hos Statens vegvesen. Viss alt dett på plass, håpar Klepp kommune at støyskjermen kan vera ferdig til midten av mai neste år.

Spleiselag

- Rema 1000 har, på frivillig basis, sagt seg villige til å bidra med to millionar kroner til støyskjermen. Det er ein betydeleg sum. Eg synest det er flott at dei viser eit slikt samfunnsansvar i denne saka, seier Nese.

Bakgrunnen er den betente saka mellom Sandnes og Klepp om den nye verksemda på næringsområdet Vagle i Sandnes. Sandnes gav dispensasjon til at Rema 1000 og Posten/Bring kunne opna dei nye sentrallagera sine på Vagle før den nye vegen til godsterminalen og fylkesveg 44 var ferdig. På grunn av den låge jernbanebrua og andre trafikkhindringar på Ganddal, går tungtrafikken frå Vagle no omvegen over Orstad og Øksnavad i Klepp.

- Det vart ikkje så ille som me frykta, i og med at Posten/Bring ikkje startar opp før tverrvegen er ferdig. Trafikken frå Rema 1000 er også blitt mindre enn signalisert i utgangspunktet, seier Nese.

Den nye vegen mellom fylkesveg 44/godsterminalen og fylkesveg 505 Kvernelandsvegen er godt påbegynt, og skal vera ferdig til neste sommar.

Støyskjerminga på Orstad er kostnadsrekna til rundt 5,5 millionar kroner, og Klepp-politikarane har sett av dei nødvendige pengane på årets budsjett. Kommunen skal også gjera ein jobb med ei vassleidning i same slengen, men det går av eit anna budsjett.

- Heilt fantastisk

Sommaren 2016 skreiv Jærbladet om vegnabo Svein Dagfinn Asbjørnsen sitt engasjement for å få støyskjerming. Han fortalte om ein kvardag med uuthaldeleg støy, som mellom anna har resultert i hovudverk og søvnlause netter. No er han glad for at støyskjermen kjem.

- Det er heilt fantastisk, slår han fast.

- Eg følte at dette var ein kamp me kom til å tapa, men så vart det siger! Eg er imponert av kommunen, med ordføraren i spissen, legg Asbjørnsen til.

Over 10 år har gått frå første gong han tok kontakt med Klepp kommune. Trafikken har auka jamt og trutt, år for år.

Då konflikten mellom Sandnes og Klepp om Vagle-utbygginga kom opp, med utsikter til endå meir trafikk, tok han saka opp på ny med Klepp kommune.

- Me kjem til å få ein heilt ny kvardag når støyskjermen kjem på plass. Eg var ein liten runde og informerte om at det ser ut til å ordna seg. Det var fleire som sat med tårer i augo då, seier Asbjørnsen.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...