Høge mobbetal skremmer Klepp-politikarane

Ove Horpestad (H) fekk heile kommunestyret med seg på ein full gjennomgang av mobbearbeidet i Klepp. Foto: Åge Bjørnevik

No har kommunestyret bestilt ein full gjennomgang av mobbearbeidet på alle skulane.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Mobbetala i Klepp har auka, og heile 8,3 prosent av 6. og 7. klassingane i Klepp sa i fjor at dei blir mobba. Det gjer inntrykk på politikarane.

I kommunestyret måndag kveld trekte fleire av representantane fram mobbetala som det aller mest alvorlege i tilstandsrapporten for Jærskulen 2018.

– Me har altfor store utfordringar med mobbing, slo Ove Horpestad (H) fast.

Går inn i mobbetala

Ove Horpestad sette fram forslag om ei eiga sak som «belyser korleis mobbearbeidet blir utført på dei forskjellige skulane i Klepp, om ein oppnår målet med arbeidet og om det bør gjerast endringar i dagens praksis».

– Eit knakande godt forslag, sa Kjersti Olimb Salte (KrF), som berre var litt lei seg for at ho ikkje hadde kome på det sjølv.

– Det mest alvorlege i rapporten er at me ikkje har klart å få ned mobbtala. 8,3 prosent på 6. og 7. trinn er altfor høgt, sa Olimb Salte.

– Igjen ser me at Time kommune har færrast elever som blir mobba. Kor avgjerande er det at Time er sertifisert Olweus-kommune? spurte Olimb Salte, som viste til at spørsmålet om val av mobbeprogram – og om det skal styrast politisk – har vore diskutert i hovudutval for barn og unge fleire gonger. I dag er det slik at Klepp-skulane sjølve vel kva metode dei ønskjer å bruka i kampen mot mobbing.

Også Einar Erga (Ap), som er leiar i hovudutval for barn og unge, trekte fram mobbetala.

– Me kan ikkje sjå på at me har så høge mobbetal som me har i Klepp-skulen. Me har eit mål om null, og det skal me framleis ha, sa Erga, som også hadde

– Korleis me vaksne i heimane går føre med eit godt eksempel, er utruleg viktig. Me må tenkja over korleis me sjølve snakkar om andre. Der kan det vera mykje å henta, sa Erga.

Eit samla kommunestyre stilte seg bak forslaget frå Ove Horpestad. Dermed har kommunestyret bestilt ein full gjennomgang av arbeidet mot mobbing i Klepp-skulen.

Frustrert over leseresultat

Fleire av politikarane uttrykte også frustrasjon over at forbetringane i skulen går sakte – og at resultata også på enkelte område også går tilbake – trass i klåre politiske prioriteringar for å ha mange lærarar i skulen.

Etter nokre år med bevisst satsing på lesing – og reduksjon i talet på 5. klassingar på lågaste nivå i lesing – viser tala for 2018-2019 igjen ein tilbakegang for Klepp. Heile 31 prosent av 5. klassingane var på lågaste nivå på dei nasjonale prøvane i lesing. Berre 13,8 prosent er på det høgaste nivået. Det er langt dårlegare enn landsgjennomsnittet, og dei svakaste tala i Jærskulen.

– Eg er frustrert at me ikkje får opp leseresultata. Me har altfor mange på nivå 1, altså det lågaste nivået, på nasjonale prøvar. Rapporten viser også at elevane våre framleis manglar motivasjon. Det er heller ikkje bra, sa Einar Erga, som understreka at mykje går godt også.

– I engelsk og rekning ligg me godt an, eksamensresultata er bra. Når det gjeld gjennomføring av vidaregåande, er ikkje resultatet godt nok, men me skal ta med oss det gledelege; at det går rett veg. Me var langt bak, men no er me på nivå med dei fleste av jærkommunane, sjølv om me ligg under landssnittet, sa Erga.

Har Jærskulen livets rett?

Ove Horpestad (H) viste til at Klepp jamt ligg på eller under det nasjonale snittet, og meiner at Klepp bør ha høgare ambisjonar enn det. Han stilte også spørsmål ved

– Skulen i Klepp er sannsynlegvis hakket betre enn om me ikkje hadde vore med i Jærskulen. Men er dagens organisering av Jærskulen den rette for dei neste fem, ti og femten åra? Kva får me igjen for Klepp si satsing inn i Jærskulen? Og har Jærskulen livets rett? spurte Horpestad.

Kommunalsjef for barn og unge, Trond Roy Pedersen, var ikkje utprega klår i sin tale, sidan Jærskulen for tida er under full evaluering – etter seks års drift.

– Me legg fram evalueringa i mai, og så kjem saka til kommunestyra i juni. I den saka skal me seia om skal me halda fram, om me skal halda fram med endringar, eller om me skal seia at dét var det kapitlet, sa Pedersen.

Han meiner at Jærskulen har livets rett.

– Men eg kan ikkje underbyggja det med konkrete resultat, For eg får like mykje grå hår i hovudet som dykk når eg prøver å finna ut av tala år for år. Me har tilsette som jobbar med entusiasme, men så opplever me likevel det meg gjer, at me kjem ut med tal som ikkje er gode nok, sa Pedersen, som er nøgd med at foreldra no er komen meir på banen gjennom Lesetrøkk, der kommunalt FAU har teke initiativ til å få foreldre til å jobba med kvardagslesing.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...