- Kor mykje handel skal Varhaug ha?

VARHAUG: Dette området blir truleg definert som sentrumskjernen på Varhaug i sentrumsplanen. Politikarane ønskjer seg meir liv her. Foto: Jorunn Erga Steinsland

Mens næringslivsaktørane har planar klare, slår rapport fast at Varhaug ikkje treng fleire matbutikkar.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 07.02.2019 kl 08:16

Ein handelsanalyse laga av Norconsult slår fast at det ikkje er behov for fleire matbutikkar på Varhaug.

- Daglegvarebutikkane på Varhaug har i dag lågare omsetning enn landsgjennomsnittet og me meiner det ikkje er behov for fleire, sa Anna Grødem i Norconsult til kommuneplanutvalet i Hå tysdag.

- Omdisponer handelsareal

Politikarane har starta arbeidet med ein sentrumsplan på Varhaug og analysen fekk politikarane til å klø seg litt i hovudet. Analysen seier nemleg at kommunen i dag har tilgjengeleg fire gonger så mykje handelsareal i sentrum som dei truleg vil trengja.

Norconsult tilrår derfor kommunen å omdisponera handelsareal til andre formål og samla handelen i eit konsentrert sentrum for å styrka sentrum som handelsstad og møteplass.

I utgangspunktet ser Hå kommune føre seg at ny sentrumskjerne på Varhaug skal vera mellom dei to butikksentra med rådhuset som sentralt i midten. Målet er at denne sentrumskjernen skal utviklast til ein attraktiv møteplass for alle og at det er her handelen skal gå føre seg.

- Næringslivet må få bestemma

Like utanfor det som rådmannen ønskjer å definera som sentrum, ligg det som på folkemunne blir kalla for «statoil-tomta», der Herredsvela transport held til i dag.

- Her har aktørar arbeidd i tre år. Det er snakk om butikk og leilegheiter i etasjane over, sa varaordførar Mons Skrettingland (H).

Denne eigedommen er i dag regulert til handel og næring. Skrettingland frykta at ein ny sentrumsplan kunne hindra utbyggjarane i å gjennomføra sine planar her og fekk med seg eit knapt fleirtal på å innlemma denne tomta i det som blir definert som sentrumsareal.

- Det er ikkje vår oppgåve som politikarar å bestemma at me ikkje skal ha fleire matbutikkar på Varhaug. Det må næringslivet sjølv gjera. Viss det kjem ein butikk her, kan det like gjerne auka den totale handelen, meinte Skrettingland.

Ordførar Jonas Skrettingland var ikkje samd.

- Me må løfta blikket litt og tenkja på kva me trur vil gagna utviklinga av Varhaug sentrum. Eg trur ikkje sentrum er tent med å breia seg ut, sa han og fekk støtte av både Tone Elin Berge (Ap) og Merethe Elin Kvia (uavhengig).

Rådhuset som møteplass

Politikarane ønskjer eit meir levande sentrum på Varhaug, men er usikre på vegen dit. Dei drøymer om eit rådhus som skal vera samlingsplass også på kveldstid, eit levande torg, grøne område og aktivitetar som trekkjer folk til sentrum.

- Det er ingen grunn til at kommunehuset skal vera låst etter halv fire. Her er mulegheiter til å gjera noko. Det er eg sikker på, sa ordførar Skrettingland.

Også Tone Elin Berge delte den draumen.

- Rådhuset ligg på torget. Me må tenkja korleis me kan laga det til ein god møteplass, la ho til.

Politikarane var samde om å leggja handelsanalysen frå Norconsult til grunn for det vidare arbeidet med sentrumsplanen på Varhaug.

Kommuneplanutvalet ber også rådmannen vurdera om nye kommunale funksjonar og/eller eksisterande funksjonar skal plasserast i sentrum.

Varhaug får visjon

Hå kommune har valt gjestebodsmodellen i sitt sentrumsplan-arbeid. Det vil seie at innbyggjarar har meldt seg som gjestebodvertar. Desse igjen samlar ein gjeng som skal meina noko om ulike tema. Alle desse innspela vil bli ein del av arbeidet med planen som til slutt skal seie noko om korleis Varhaug skal bli i framtida.

Fyrste del av arbeidet var å få på plass ein visjon for Varhaug sentrum. Alle gjesteboda spelte inn sine forslag. Her var meir kreative forslag som «VIL, vakker og våt», der «VIL» speler på Varhaug idrettslag og «våt» på ønsket om eige symjebasseng på Varhaug, men dei aller fleste spelte på Varhaug som ein triveleg og aktiv samlingsplass. Eit samla kommuneplanutval valde å gå for rådmannen sitt forslag «Varhaug sentrum - ein møteplass for alle», som den nye visjonen for Varhaug sentrum.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...