Lagar animerte sketsjar for NRK

Marius Stene, her i både fotografert og animert utgåve. Teikninga er laga av kollegaen Arild Ørnholt. Foto: Privat

Marius Stene har teikna sidan han var liten. No blir animasjonane i «Norske Grønnsaker» sett av fleire hundre tusen i veka.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 02.01.2018 kl 11:02

– Når me kjem på jobb måndag morgon, ser me litt på nyhenda. Me snakkar om kva som har skjedd i det siste, og om kva folk snakkar om. Så skriv me ned idear. Innan onsdag klokka to skal me ha ein ferdig animert sketsj, seier Marius Stene frå Brusand.

Saman med Arild Ørnholt og Jan Petter Aarskog lagar han «Norske Grønnsaker». Dette er ein satirisk animasjonserie som er ein del av Satiriks-satsinga til NRK.

– Me gjer alt sjølve. Det inneber å animera, designa bakgrunnar og karakterar og spela inn stemmer. Det er ganske hektisk. Av og til går me litt over deadline. Men dei siste åra er me blitt flinkare. I starten hende det at me overnatta på kontoret hos NRK.

Starten

– For tre år sidan sende me inn pilotepisodar til NRK og fekk inn ein sesong under det som går under namnet NRK Satiriks, fortel Stene.

Han møtte Ørnholt og Aarskog då dei studerte animasjon saman på Høgskulen i Volda.

– Norske Grønnsaker er eit resultat av bachelorprosjektet me gjorde saman. Den einaste regelen me hadde, var at sketsjane skulle gå føre seg i Noreg. Namnet var ganske tilfeldig. Men i ettertid har me sett at det er eit veldig godt namn. Ein kan putta mykje symbolikk i det.

Respons

– Tilbakemeldingane frå publikum er overveldande positive. Det vil alltid vera nokon som ikkje klarer å le av det me gjer. Det er heilt greitt. Humor er så subjektivt. Nokon av dei mest betente temaa me tek opp, er det nokon som meiner at me ikkje kan tulla med.

Ein finn mellom anna pedofili i nokon av sketsjane. I ein video, som er inspirert av serien Skam, avslører ein godt vaksen mann at han er forelska i ein sjuandeklassing.

– Eg trur NRK skrudde av kommentarfeltet på Youtube under den sketsjen. Det seier vel noko om reaksjonane. Men det som plagar meg mest med den sketsjen, er at han ikkje blei så bra, ikkje sjølve temaet. Det skal alltid vera eit poeng bak det me lagar. Me håper me tilfører noko ingen har tenkt på før, eller i det minste ein litt ny synsvinkel. Det er kanskje litt høgare terskel for kva ein kan kødda med når ein lagar teiknefilm.

Stene synest det er vanskeleg å svara på spørsmål om kva som er dei personlege favorittane hans i produksjonen.

– Me har laga så mange at me mistar oversikta. Men det er mange eg liker. Mellom anna ein me laga då homofilt ekteskap blei lovleg. Sketsjen handlar om dei tre bukkane Bruse som skulle til seters for å ha homosex. Trollet syntest ikkje noko om at dei hadde oppdatert eventyret i den fine eventyrboka. Me fekk nesten berre positive tilbakemeldingar på sketsjen.

Norske Grønnsaker blir publisert både på Facebook og Youtube.

– Ein gjennomsnittleg sketsj blir sett kring 200.000 gongar på Facebook. Gjer me det bra, blir det 400.000. Om sketsjen floppar, ligg han rett over 100.000 visningar. På Youtube ligg sketsjane på over 100.000 visningar etter ei viss tid.

Lærte seg satire

Nokon endringar har skjedd sidan pilotprosjektet.

– Det me laga i Volda, var friare og meir absurd og rart enn det me lagar no. Då me selde det inn til NRK, var dei litt skeptiske fordi dei var usikre på om det var noko som kunne slå an blant folk flest. Dei ønskte seg dagsaktuell satire. Me sa til NRK at me sjølvsagt kunne laga satire, for me ville berre ha ein jobb. Men me måtte læra oss kva satire er.

Kameratane har no fått god dreis på satiren.

– Eg og Arild har dei siste åra hatt foredrag om satire på vidaregåande skular som ein del av Den kulturelle skulesekken. Kort sagt kan ein seia at satire er humor som har ein bodskap. Ein bruker humor som verkemiddel for å koma med eit poeng.

Frilansliv

Norske Grønnsaker fyller ikkje heile arbeidsveka til Stene.

– Eg lever eit frilansliv. Me er mellombels tilsette, og ting er bestemte for eit halvt år om gongen. Me tek sideprosjekt for å få ting til å gå rundt. Me har også eit anna prosjekt i NRK som me kallar for sommarsnuttar. Dei treng ikkje vera samfunnsaktuell satire. Desse har slått veldig godt an. Det er veldig oppløftande for oss, for det var slik frigjort humor me begynte med, seier han legg til at dei trivst godt hos NRK.

Stene, som om kort tid blir 30 år, har drive med teikning så lenge han har hatt evna til å halda i ein blyant.

– Då eg var 14–16 år hadde eg ei gjestestripe i fredagsmagasinet til Stavanger Aftenblad. Eg var veldig glad i å laga slike striper.

Teikninga følgde han som fritidssyssel då han gjekk på linja for media og kommunikasjon på det som då heitte Time vidaregåande.

– Det var fleire ting som peikte mot animasjonslinja i Volda. Etter å ha jobba eitt år som telefonseljar, blei eg rastlaus. Eg søkte i Volda, og kom inn. Alt etter det gjekk veldig av seg sjølv.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...