Lagar økonomihus i fabrikken til TKS på Nærbø

Bodil Høyland (t.v.), Marlin Furuløkken Jespersen, Johannes Helland og Elisabeth Heggland er med når Secant AS skal bli eit kompetansesenter innan økonomi. Foto: Snorre Standish Norheim

Secant AS gjer rekneskap med store endringar. Det nye, samanslegne firmaet riggar seg for vekst.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 18.02.2019 kl 08:07

Bodil Høiland starta Regnskapsservice Nærbø i 1986, saman med tre andre kvinner. Då bedrifta før nyttår slo seg saman med rådgjevingsselskapet MEaccount, var dei 11 tilsette.

Namnet på det nydanna selskapet, Secant, er henta frå matematikken. Termen er brukt om staden der ei kurve knekk, og er meint å signalisera at selskapet vil breia seg ut, frå primært å ha drive med rekneskap sidan 1986, til også å driva med finans og strategisk rådgjeving.

– Framtida blir heilt annleis. Det er for å vera klar for framtida, at me har gjort dette, seier Høiland.

Tradisjonell rekneskapsføring står framfor ein revolusjon, der datateknologi gjer at bedriftene sjølve kan gjera fleire oppgåver som rekneskapsførarar tidlegare har gjort for dei. Skiljet mellom revisorar og rekneskapsførar er så blitt mindre skarpt, og krava som blir stilte til dei, er blitt likare.

– Digitaliseringa er ei endring som gjer at ting blir enklare teknologisk sett, stundes som krava blir større på andre område. Tenestene blir annleis, me går i retning av å kunna tilby «alt». Både rekneskapsføring, rådgjeving og strategisk økonomistyring, finansiering og analyse, seier Marlin Furuløkken Jespersen, som er ny dagleg leiar i Secant.

Ho trekk fram den breie kompetansen og faglege tyngda til medarbeidarane i Regnskapsservice Nærbø, og trur at det, kombinert med nye teknologiske løysingar, vil koma kundane til gode.

Starta rådgjevingsbedrift i fjor

Furuløkken Jespersen og Elisabeth Heggland møttest då begge arbeidde i konsernleiinga i utleigeselskapet Naboen. I mars i fjor forlét begge stillingane sine, for å starta MEaccount.

Med seg hadde dei lang erfaring frå finans- og rekneskapsbransjen, og ein portefølje med kundar. I løpet av året vart dei fem medarbeidarar, før dei i november kunne fortelja at dei skulle slå seg saman med Regnskapsservice Nærbø.
Heggland og Fureløkken Jespersen har 50 prosent av aksjane i det nye selskapet, medan investeringsselskapet Tinghaug AS eig dei resterande 50 prosentane.

Tidlegare dagleg leiar i Regnskapsservice Nærbø, Johannes Helland, skal vera ein aktiv styreleiar, og blir ein viktig mann dei første månadene, når nye system skal på plass, ikkje minst fordi Elisabeth Heggland fekk to tvillingbrør, Brage og Eik, 1. januar.

Skal rydda i økonomistrukturar

– Litt av bakgrunnen til meg og Elisabeth, som gjorde at me starta med dette, er ein påstand om at dei færraste treng ein dyr økonomisjef innomhus.

– Du skal vera ganske stor før du treng den ressursen, fordi mykje av tida då går med til lette oppgåver som du kan få andre folk til gjera, seier Marlin Furuløkken Jespersen.

Ho og Elisabeth Heggland skal bidra med strategisk planlegging i Secant. Til dømes ved å hjelpa bedrifter nokon månader med å rydda i økonomistrukturen, før dei trekk seg ut.

Ser etter fleire folk

Det samanslegne selskapet, Secant, har 16 medarbeidarar. Dei leiger lokale i fabrikken til TKS på Nærbø, og er storfornøgde med å ha fått opp stort Secant-skilt, som viser kvar dei held til.

Om nokon år kan det bli aktuelt å flytta på seg, til ein annan stad, men i første omgang konsentrerer dei seg om å rekruttera og følgja opp nye medarbeidarar. Per i dag er tilgangen på oppdrag så stor at Secant ikkje har kapasitet til å seia ja til nye kundar.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...