Landslagstrenaren trena dei yngste

Landslagstrenaren for handballjentene, Thorir Hergeirsson, heldt tre treningsøkter under Potetcupen i helga. Foto: Snorre Standish Norheim

Ellevilt lurveleven då landslagstrenaren trena fleire titals dabbande ungar på éin gong, under helgas Potetcup på Kleppe.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 21.10.2018 kl 19:34

Turnering: - Er det kjekt?

- Jaaa!

- Har alle ein ball kvar?

- Neeei

Dei unge handballspelarane får instruksjonar om å henta seg ein ball. Viss det ikkje er nok ballar til alle, må dei dela, forklarer Thorir Hergeirsson.

- I handballen er det viktig å vera ven med ballen, forklarer han, og det er det ungane skal trena på i denne økta. Dei får melding om å gjera etter han, og følgja fløytesignala.

Først rullar dei ballen mellom beina. Så set dei seg på rumpa og triksar med ballen, før heile bølingen, landslagstrenaren og alle ungane paddeflate, ligg på magen. Deretter skal dei ballen i lufta, før dabbinga startar og lydnivået blir høgt.

Alle ned på rumpa, tid for å sjonglera med ballen. Foto: Snorre Standish Norheim

Tre dagar med handball

Fredag, laurdag og sundag vart Klepphallen delt i tre, for å gjera plass til den 16. turneringa, med handballspelande gutar og jenter frå heile Jæren. Omgangane varte 1 x 12 minutt, med få innbytarar, mange lag i kvar årsklasse og stor aktivitet. Alle spelarane vart premierte, medan det laget som stilte med flest lag, fekk ein ekstrapremie.

På magen under treningsøkta med landslagstrenaren. Foto: Snorre Standish Norheim

Ein halv time kvar dag vart det rydda plass til fellestreningar med Thorir Hergeirsson. Faktisk var det han som i 2002 hadde ideen om å laga ei turnering for dei yngste med stor aktivitet, hyppig ballkontakt og mykje moro utanfor handballbanen.

Trening på kast og mottak. Foto: Snorre Standish Norheim

Responsen frå dei unge handballspelarane var god. Når han bles i fløyta, stoppa dei å dabba ballen og samla seg i ring rundt landslagstrenaren.

To heimelekser

- Nå er de litt mange, så det vart litt kaos, sa han etter den korte treningsøkta, og gav handspelarane to ting dei skulle hugsa på.

- Ballen må vera så liten at de greier å klemma han. De må ha ein titen ball for å trena grepet, eller så må de ut litt av lufta i ballen.

Han såg rundt på dei unge handballspelarane medan han heldt ballen i eit dårleg grep, med ballen mellom handflata og handleddet.

- Me vil at de skal kunna gjera ting med ballen, men held de ballen sånn som dette, får de ikkje til nokon ting.

Oppgåve nummer to var minst like enkel.

- De skal sitja og klemma på ballen når de sit og ser Idol på TV, særleg dei minste fingrane. Det er utruleg viktig å trena styrken i fingrane, for å trena grepet.

Autografsignering

Etterpå samla spelarane seg i ein lang kø, for å få autograf. Jentene frå Tastavarden HK fekk nesten alle signatur, fleire av dei på skoen sin. Blant dei var Nora Kalheim Løndal (8), som syntest det var kult å få skoen sin signert.

Sannes Kjøsnes Ormøy (7, f.v.), Thea Amdahl (8), Lotte Pedersen Bjørnøy (8) og Othilie Marsli (8) var i strålande humør under Potetcupen. Foto: Snorre Standish Norheim

Ho og lagkameratane var knappe i omtalen av treningsøkta, men eitt ord gjekk igjen.

- Gøy, sa Kalheim Løndal.

- Gøy, sa Lotte Pedersen Bjørnøy (8)

- Gøy, sa Thea Amdal (8), som særleg likte å dabba ballen.

- Alt, sa Othilie Marsli (8), på spørsmål om kva som var gøy. Men ho hadde ikkje lært så mykje nytt.

- Nei, eigentleg ikkje.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...