Lydekspert flyttar til Bryne

Jan Olav Sandsmark, dagleg leiar i PAP, reknar med det må bli kring 20 turar til Bryne om dei skal få flytta alt utstyret. Foto: Kristine M. Stensland

Russetreffet i Kongeparken, Kraftwerk og Kaizers Orchestra har éin ting til felles. Alle har brukt lydselskapet til Jan Olav Sandsmark, PAP AS.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 13.12.2016 kl 10:37

Lyskastarar, høgtalarar og meter på meter med leidningar er noko av det som fyller lokalet til PAP AS i Kongeparken Amfi. No skal alt saman bli flytta til Bryne.

– Me er her ut månaden, seier dagleg leiar Jan Olav Sandsmark frå Bryne.
Han leiar ei bedrift som driv med utleige og rigging av lyd, lys og anna som ein treng på ei scene.

Faste kundar

PAP har vore på Ålgård sidan 1999, men har no vokst seg for store for lokala. No ser Sandsmark fram til å få eit over dobbelt så stort lokale i Vardheia på Bryne. Der får PAP breia seg på 1150 kvadratmeter.

– Det vil gje oss meir plass og system. Me vil bli meir effektive og representative overfor kundar i nye og fine lokale.

PAP blei etablert i 1993 og har i dag seks tilsette.

– Me har gode, faste kundar som har brukt oss gjennom fleire år. Me har brydd oss om dei, og dei har brydd seg om oss. Marknaden er ikkje stor. No er me den nest største aktøren i Rogaland.

I tillegg til å levera utstyr til fleire lokale festivalar og russetreffet i Kongeparken, har dei fleire kjende artistar på kundelista.

Mange store namn

– Me var med Kaizers Orchestra nesten heilt frå starten og fram til Siste Dans. Dei har vore lokalpatriotiske. Så lenge me har levert på det nivået dei har venta seg, har me hatt høve til å investera i det nødvendige ustyret. I haust har me levert til turneane til Sivert Høyem og Kvelertak. Då Kraftwerk spelte i operaen i Oslo, brukte dei oss.

Sandsmark meiner styrken til PAP ligg i at dei har bra utstyr til store konsertar.

– Me har investert dei siste åra for å vera langt framme med tipp-topp utstyr.
Sandsmark reknar seg fram til at PAP i 95 prosent av tilfella leverer ein totalpakke med både utstyr, folk, transport og prosjektleiing.

– Me sørgjer for lyd, scene og i ein viss grad også audiovisuelt utstyr. Dessutan er me dei einaste i distriktet med backline, seier
Sandsmark og forklarer at backline er utleige av instrument.

– Det er mykje forarbeid og dialog med musikarane i samband med backline. Særskild jazz-musikarar har spesifikke krav. Ein gong var det til dømes ein som ville ha eit bestemt modellnummer på symbal-stativet.

Svikt i 2015

I fjor gjekk bedrifta kring ein halv million kroner i minus. I 2014 hadde ho derimot eit resultat før skatt på 2,8 millionar kroner.

– I fjor svikta julebordsesongen. Eg hadde mitt beste år i 2014 og mitt dårlegaste i 2015. Det var ein svikt i bedrifts-event-marknaden.
Det er betre i år, men det er framleis ikkje heilt oppe att.

Sandsmark har ikkje gjort store omstillingar av den grunn.

– Me har ikkje gjort anna enn å vera litt meir forsiktige i år.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...