– Me blir meir sosiale utan telefonane

MOBILFRI: På Tryggheim ungdomsskule er det heilt mobilfritt, også i lunsjen. Bak frå venstre: : Vegard Bjelland, Adrian Braut, Sander Kjølvik, Tore Mauland. Framme: Kristian Håland, Benjamin Jonasmo, Donatas Maskliunas. Foto: Jorunn Erga Steinsland

Fleire og fleire skular vel å bli mobilfrie. På Tryggheim ungdomsskule på Nærbø har mobiltelefonane eige hotell.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

- Effekten er at elevane snakkar med kvarandre. Det er den aller største gevinsten, seier leiar på Tryggheim ungdomsskule, Tron Arild Grødem.

Det er ikkje forbode å ta med seg mobiltelefon til den private ungdomsskulen på Nærbø, men kvar dag må elevane setja telefonen i eit mobilhotell. Mobilhotellet er eit låsbart skap med trygg oppbevaringsmulegheit for telefonane. Når skuledagen er slutt, får alle telefonane tilbake.

- Bruker tida med kvarandre

Det er lunsjtid då Jærbladet gjestar ungdomsskulen. I matsalen går drøsen lett over borda. Men det er ein ting som manglar viss ein samanliknar med andre stader ein stor gjeng ungdommar er samla. Her er ingen mobiltelefonar.

- Før såg me at elevane sat med mobilar bortover heile rekkene. Nå når det er forbode, bruker dei tida med kvarandre, seier skuleleiar Grødem, og legg til at ein ser det same i friminutta. Elevane bruker tida i lag i staden for på ein skjerm.

Skuleåret som nyleg har starta er det tredje året den private ungdomsskulen på Nærbø er mobilfri.

- Då me starta var det ein gjengangar i elevrådsmøta at dette her måtte skulen få ein slutt på. Nå er det ikkje eit tema. Eg trur elevane opplever at det er meir avslappande. Me har fått tilbakemeldingar på å at det er godt at det ikkje er telefonar i garderobane, seier Grødem.

- Enklare å bli kjent med andre

Tiandeklassingane Jærbladet snakkar med er stort sett einige i at mobiltelefonane ikkje skal brukast på skulen, men dei skulle gjerne hatt dei i lommen likevel.

- Me blir meir sosiale utan mobil. Hadde eg hatt mobiltelefonen nå, så hadde eg sete med han i hendene og ikkje snakka med andre, seier tiandeklassing, Sander Kjølvik.

Dei andre rundt bordet nikkar. Hadde dei hatt lov, er det nok sosiale medium som hadde vore i fokus og ikkje drøset over bordet.

- Det er enklare å bli skikkeleg kjent med andre utan mobilen, legg Benjamin Jonasmo til.

Gjengen rundt bordet kom frå fleire ulike barneskular og vart fyrst kjende då dei begynte på ungdomsskulen.

MOBILHOTELL: Slik blir mobiltelefonane lagra gjennom skuledagen. Foto: Jorunn Erga Steinsland

Fyrste kull

Dei som går i på tiande trinn i år er fyrste kull på Tryggheim som har heilt mobilfri skulekvardag heile ungdomsskulen.

- Viss de plutseleg fekk bestemma, hadde de valt å ha telefonane på skulen eller ikkje?

Gjengen rundt bordet drar litt på det.

- Det er litt både og. Nokon kjenner seg kanskje litt tryggare med telefonen på, seier Sander Kjølvik.

- Kanskje i matfriminuttet, meiner Jonasmo, men blir usikker og innrømmer at det nok hadde blitt mykje telefon i pausen då.

Til slutt endar tiandeklassingane på at det nok er det beste at telefonen iallfall ikkje er på i skuletida.

- Men det hadde vore greitt å hatt han i lommen i staden for i skapet, legg Kjølvik til.

SOSIALT:  Me er meir sosiale utan mobilar, seier Karina Gullestad (t.v), Linne Paulsen, Eline Svendsen og Viyan Aarsland. Foto: Jorunn Erga Steinsland

Ville hatt telefon i pausane

Også jentegjengen på nabobordet landar på at dei helst ville stengt mobilhotella for godt og heller hatt telefonen avskrudd i lommane i timane.

- Eg syns kanskje det burde vore forskjell på 8. og 10. trinn. Eg trur me hadde klart å ha kontroll på telefonane sjølv, meiner Viyan Aarsland.

Eline Svendsen er einig.

- Eg ville gjerne hatt telefonen i pausane, for å fylgja med på kva som skjer, seier ho

-  Men treng du telefonen på skulen?

- Nja, eg ser ikkje heilt problemet med det, men det hadde nok blitt mindre sosialt. Folk hadde hatt litt nok med seg sjølv viss dei hadde hatt mobilane, legg Svendsen til.

Ønskjer betre uteområde

Leiar Tron Arild Grødem er ikkje i tvil om at det er rett å la mobilane liggja avskrudde i eit skap heile dagen.

- Som skule skal me jo også læra ungdommane å snakka i lag og å vera i lag, seier han.

Men ved å fjerna mobiltelefonane har skulen fått eit ekstra press på seg til å leggja meir til rette for aktivitetar i pausane. Elevane må nemleg vera ute i fleire av friminutta i løpet av skuledagen.

- Me ser at dei lett kan bli passive. Elevane sjølv ønskjer eit betre uteområde, så det arbeider me med, seier leiaren.

Det finst ingen nasjonale reglar som styrer mobilbruk på skulen. Det er anten kommunane eller dei enkelte skulane som styrer dette.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...