Kronikk: - Å skape ein skule for alle

Kronikkforfattar Camilla G. Hagevold er assisterande rektor 
på Undheim skule. Foto: Arkivfoto

- Eg trur alle som jobbar i skulen kjenner desse elevane. Dei som hatar skulen, skriv Camilla G. Hagevold i denne kronikken.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 14.02.2019 kl 20:33

Det var med klump i magen og eit blødande skuleleiarhjarte eg las diktet «Er skulen for alle?» i Jærbladet fredag. Eg og ein kollega undra oss på om det kunne vere ein av våre elevar den frustrerte bestemora skreiv om. Det triste er at det veit me ikkje heilt sikkert. Det kan vere - det kunne vore, for eg trur alle som jobbar i skulen kjenner desse elevane. Dei som hatar skulen.

I opplæringslova heiter det at me skal fremje helse, trivsel og læring. Sett på spissen betyr det at kvar dag på skulen skal gjere deg litt friskare, litt gladare og litt meir kunnskapsfull - og det skal vertfall ikkje gå motsett veg.

Dersom skulen skal vere for alle, skal dette gjelde alle elevar, og det veit me at det ikkje gjer. Dei store og vedvarande utfordringane i skulen handlar om at me ikkje klarer å skape innanforskap, å hindre fråfall og å inkludere, utdanne og danne alle.

Utdanningspolitikken tilbake til etterkrigstida har hatt som mål å jamna ut ulikskapar. Einskapsskulen var, og er kongstanken i dette - Alle skal ha dei same moglegheitene til å gjera frie val uavhengig av kva «tre» du kjem av. Kvifor er me då der at ulikskapane i samfunnet berre aukar? Kva er det som paradoksalt nok fører til at fleire elevar opplever å ikkje høyra til?

Det finnast allereie mykje forsking som forsøker å gje svar, og dei siste åra har fleire utval utnemnd av regjeringa samla og presentert forsking som skal hjelpe oss å møte desse utfordringane.

Dersom me - heilt på ekte, likar born og vaksne me treff som lærarar, og skuleleiarar, så vil det merkast!

Me har hatt utval som har sett på korleis me skal jobbe mot mobbing, inkludere dei med høgt læringspotensial, skape ein skule for framtida, legge betre til rette for dei med ulike lærevanskar og jamne ut forskjellar mellom skuleprestasjonane til gutar og jenter. Alle utvala gjev råd som vil forme skulepolitikken dei kommande åra, men det tek nok ei stund før råda er gjeldande praksis i skulen - og sjølv då veit ein ikkje om tiltaka vil gje ønska effekt.

Det kan tenkjast at om ti og tjue år, så har me fortsett ungar som hatar skulen, for det som er så vanskeleg med skuleforsking, og skulepolitikk for den saks skuld, er at det er svært vanskeleg å vite kva som faktisk har effekt. Der finnast alt for mange faktorar som påverkar læringsmiljøet til den enkelte elev. Det betyr sjølvsagt ikkje at me skal bli passive, og gje opp.

Eg meiner bestemt at me skal prøve noko nytt kvar einaste dag - for det største sviket er når me gjer opp.

Så kva kan ein gjere no? Korleis kan eg - som lærar eller skuleleiar, sørge for at fleire og fleire ungar kjem heim og seier «Eg har det bra». For meg seier Jens Bjørneboe det aller best, om å vere lærar: «Dette er lærerens egentlige fag: Å like elever. Å være glad i dem. Han skal være glad i pene barn og stygge barn, i flinke barn og dumme barn, i dovne barn og flittige barn, i snille barn og i slemme barn. Og er han ikke glad i barn, da må han lære det.

For selvfølgelig kan det læres, det som alt annet. Hans gjerning er å omgås hele, levende barn, og ikke bare hoder. Derfor krever lærerkallet av ham at han også selv skal møte frem som helt og levende menneske, ikke bare som et noe større hode. Så enkelt, og så vanskelig, er det å være lærer».

Så kva kan ein gjere no? Korleis kan eg - som lærar eller skuleleiar, sørge for at fleire og fleire ungar kjem heim og seier «Eg har det bra»?

Eg vil utvide dette til å gjelde dei føresette som kjem til oss med deira frustrasjonar. - Me må ha respekt for den tilliten me faktisk er gjevne. Dei overlét oss ansvaret for det kjæraste, og me må møte det ansvaret med audmjukheit. Dersom me - heilt på ekte, likar born og vaksne me treff som lærarar, og skuleleiarar, så vil det merkast! Og det vil til og med smitte!

Dersom me, med heile vårt vesen, klarer å seie «Å, så glad eg er for å sjå deg!», så har elevane som hatar skulen ein mindre grunn for hatet sitt.

I tillegg, så ønskjer eg at fram til dei kloke utvalas råd er praksis, at eg at me kan få høyre råd frå dei som faktisk er nærast å kunne gje råd; Eg ønskjer å høyre frå dei borna og føresette som ikkje har kjent at skulen er for dei, og eg ønskjer å høyre kva dei meiner skal til for å skape ein inkluderande skule. Dei råda vil eg ta med meg i oppdraget mitt, som består i å skapa ein skule for alle - ein elev om gongen.

Så lett, og så vanskeleg.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...