Nå kan du endeleg overnatta på Kvassheim fyr

Førsteetasjen er i støypt betong. Resten av huset er kledd med sementbaserte plater, som liknar eternittplatene på den gamle, rivne assistentbustaden. Foto: Snorre Standish Norheim

Assistentbustaden frå andre verdskrig vart riven for eitt år sidan. Nå er ein vakrare kopi reist på Kvassheim, med sengeplass til tolv personar.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Lenge var eit utmatta rolag på veg sørover frå Nordkapp, dei einaste overnattingsgjestane til Jæren friluftsråd, på fyret der dei overtok drifta i 2004. Sjølv om mange har spurt om å få overnatta, er det hittil berre roarane som har møtt opne dører. Men frå og med neste månad vil alle som vil, kunna låna ei seng i assistentbustaden på Kvassheim.

Tysdag føremiddag er ein delegasjon frå friluftsrådet på plass for å ordna med innreiinga. Mariann A. Vølstad står i kjøkkenet og merkar kjøkkenutstyr, ei arbeidsoppgåve som kjem i tillegg til å koordinera drifta alle av friluftsrådets publikumssenter, inkludert å halda kontroll med utleige. Ei internettløysing for å reservera assistentbustaden er under ferdigstilling, og vil i første omgang opna for at grupper kan leiga huset, med eller utan leige av uthus.

Nestleiar i Jæren friluftsråd, Ingun Haukedal stryk eit ullteppe ho fann i assistentbustaden før han vart riven. Bygget frå andre verdskrig er rive og bygt opp att, med same stil og fotavtrykk. Haukedal tok vare på teppet i håp om å kunna bruka det som veggpryd, når nybygget stod klart. Etter å ha stroke ferdig, får ho hjelp av oppsynsmann Øivind Anda til å hengja det opp.

- Det er litt stas at det låg i huset her då me overtok. Eg veit ikkje eingong om Fyr- og merkevesenet finst meir, seier ho.

– Eg er sjukt fornøgd med det teppet, altså, seier Ingun Haukedal. Foto: Snorre Standish Norheim

Sengjeplass til tolv

I kjellaretasjen, vendt ut mot gardsrommet, ligg eit personalrom og eit døgnope, universelt tilpassa toalett. Toalettet er drifta med støtte frå prosjektet Nasjonale turistvegar. Personalrommet har eit lite bad, skrivebordsplass, trådlaust nett og skal få bord og stolar, slik at verten kan trekkja seg unna under matpausen sin.

Inne i assistentbustaden, i første etasje, ligg eitt av to universelt tilpassa bad. Eit vaskerom gjev overnattingsgjestar med skitne klede, moglegheit til å vaska kleda sine. Ei ytterdør i vaskerommet leier ut til ein overbygd passasje, der våtdrakter og anna tøy kan hengjast opp på solide krokar. Ei brannbilraud vindeltrapp snor seg opp to etasjar, medan heisen for rullestolbrukarar stoppar i andre etasje.

Kryssfiner er brukt på veggar, tak og kjøkken. Foto: Snorre Standish Norheim

Det store, opne kjøkkenet i andre etasje, har utsikt over hamna. Det er utført i kryssfiner, eit material som går att i alle veggar og tak, i det fullsprinkla huset. I karnappet på langsida som vender mot havet, er det bygt ein djup sitjebenk. Midt på golvet står eit kjøkkenbord med plass til alle overnattingsgjestane.

Veggane på badet i andre etasje er i gul linoleum, medan det i første etasje er raudt. Ein annan skilnad er at det ikkje er frosta glas i vindauget. Utsikta frå badet var for flott til å stengjast ute.

Kvassheim fyrstasjon

  • Består av fyrmeisterbustaden med fyrlykt, maskinhuset, assistentbustaden, uthuset og Ingermanlandbygget (som husar giggen frå eit stort russisk linjeskip).
  • Formell opning av assistentbustaden blir 8. februar, med ope hus for publikum 10. februar.
  • Friluftsfyret er ein del av opplevingstilbodet i «Nasjonal turistveg Jæren».
  • Arkitekt for rehabiliteringa av assistentbustaden er Live Gram i arkitektkontoret Schjelderup & Gram.
  • Jæren Friluftsråd har ansvaret for ombygging av fyret til et informasjons- og friluftssenter.
  • Kvassheim fyr vart overført frå Kystverket til Miljødirektoratet i 2004.

Sengjeplass til tolv

Soverommet i andre etasje er tilpassa rullestolbrukarar, med snusirkel. Her er det to sengjeplassar. I etasjen over, er det to soverom, i kvar ende av huset. Rommet som vender ut mot hamna, har to senger. Det største soverommet i assistentbustaden, har fire senger. For å få plass både til pipeløpet og sengjeplassar, er kneveggen lågare på den eine sida av rommet. Sengene på sida med lågast knevegg, ligg nesten nede på golvet.

- Det er eit bitte lite hus, så det gjeld å utnytta plassen, seier Haukedal.

Med unntak av nattlamper, er soveromma klare. Sengene er ikkje reia opp, fordi det er lagt opp til at gjestane har med eige sengetøy.

– Det er nesten sånn det vil sjå ut for gjestane når dei kjem, seier Ingun Haukeland, kort tid før assistentbustad er ferdigstilt. Foto: Snorre Standish Norheim

I trapperommet mellom soveromma i øvste etasje, skal det plasserast to lenestolar og eit lite bibliotek. Her er skråtaket erstatta av fem store glasruter. Leseplassen er nesten på nivå med fyrtårnet, og gjev ei framifrå utsikt over Kvassheim og Jærhavet.

Den observante lesar vil så langt ha talt åtte sengjeplassar. For å koma til dei fire siste, må ein utandørs.

Spesialtilpassa løysingar

– Eg har ikkje vore med så sånt «småpottel før». Det er mykje å læra av han, seier tømrarlærling Jorunn Sandvik, om makkeren Eirik Høyland. Foto: Snorre Standish Norheim

I uthuset festar Eirik Høyland og tømrarlærling Jorunn Sandvik (18), stigen på éi av to køyesenger. Ingun Haukedal skryt av kor slankt uttrykket vart, då det viser seg at stigen også skal halda senga oppe, utan ekstra støtte. Sjølv vil han ikkje skryta av jobben som er gjort, men Haukedal seier han har vore svært dyktig, og dessutan tolmodig når dei har kome med endringsforslag.

Ei spesialinnretning måtte lagast av eit røyr i lokala til Jens Gerlach Sørensen på Bryne, for å få bøygd lista i trappeoppgangen. Foto: Snorre Standish Norheim

Overalt er det stadbygde løysingar, frå sengene, til kjøkkenfrontane og lista som er dampa og bøygd, og som i første etasje av assistentbustaden, formar ein halv sirkel i den runde trappeoppgangen. Arbeidet med uthuset er innspurten av eit langvarig arbeid. Når tømrarane frå Jens Gerlach Sørensen pakkar saman utstyret, er siste steg i ein langtidsplan for den freda eigedommen fullført.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...