Nå skal politikarane på Stortinget læra av Hå kommune

– Me ønsker å vera mykje ute i felten, fortel Margit Askeland, leiar for Hå PPT. Attmed Askeland sit Waldemar Pettersen, kommunalsjef for opplæring og kultur. Med ryggen til sit (t.v.) Tone Elin Berge (Hå Ap), Torstein Tvedt Solberg og Karen-Elise Gilje Fossen, hovudtillitsvalt for Utdanningsforbundet i Hå. Foto: Nils-Ove Støbakk

– Resten av landet bør sjå til PPT i Hå, seier Torstein Tvedt Solberg (Ap).

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

I 2018 leverte ei regjeringsoppnemnt ekspertgruppe, leia av professor Thomas Nordahl, ein rapport med namnet «Inkluderende fellesskap for barn og unge». Nordahl-utvalet konkluderte mellom anna med at 80 prosent av årsverka i pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) går med til å skriva sakkyndige rapportar. I tillegg får rundt 60 prosent av elevane i grunnskulen hjelp av ufaglærte assistentar, og for mykje av hjelpa føregår utanfor klasserommet.

– Kort oppsummert kan ein seia at det var ein knusande rapport, seier stortingspolitikar Torstein Tvedt Solberg (Ap).

Rapporten til Nordahl-utvalet er nå ute til høyring. I løpet av hausten skal regjeringa legga fram ei stortingsmelding om tidleg innsats.

– Før det må me læra litt og høyra på dei som får det til, forklarer Tvedt Solberg, som sit i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.

Godt samspel i kvardagen

Nå er han på besøk hjå Hå PPT, i nyoppussa og praktiske lokale der Vigre skule tidlegare heldt til. Ap-politikaren frå Stavanger vil nemleg læra av dei beste – og då må han tydelegvis til Hå.

– Eg har møtt personar som har sagt at dei som har skrive vurderinga ikkje hadde møtt ungen eingong. Det var ikkje i Hå, understrekar Karen-Elise Gilje Fossen, hovudtillitsvalt for Utdanningsforbundet i Hå.

Gilje Fossen har sjølv lang erfaring som lærar. Ho fortel at PPT i Hå får veldig positive tilbakemeldingar frå barnehagane og skulane i kommunen.

– Det er eit godt samspel. Dei PPT-tilsette er så ofte ute i skulane at det blir ein naturleg del av kvardagen, fortel ho.

Null ventetid

I haust hadde Utdanningsforbundet ei samling i Stavanger for tillitsvalde. Der kom Gilje Fossen i kontakt med Tvedt Solberg, og inviterte Ap-politikaren på besøk til Hå.

– Men Utdanningsforbundet er partipolitisk uavhengige, understrekar ho.

– Så me har invitert Roy Steffensen òg.

Frp-politikaren Steffensen er leiar for utdannings- og forskingskomiteen, og sjølv om han ikkje har tatt turen ennå så har han altså ein ståande invitasjon til å koma til Vigre. Og om han ikkje tek turen sjølv, kan komiteleiaren i alle fall få ein solid rapport frå kollegaen i Arbeidarpartiet.

– Det er tydeleg at ein lokalt har prioritert PPT, slik at dei er nok folk med ei breidde i kompetanse. Det er avgjerande for dei gode resultata dei viser. Her er det null ventetid og eigne dedikerte PPT-tilsette som har ansvar for sine skular og barnehagar, seier Tvedt Solberg etter besøket i Hå.

– Hovudmålet for ei nasjonal reform av spesialundervisning må vera å få fagfolka ut frå kontora og til klasseromma. Då bør resten av landet berre sjå til Hå. Her har dei knekt den koden, slår han fast.

Mykje ute i felten

Ifølge Torstein Tvedt Solberg har Stortinget nå ei historisk moglegheit til å gjera noko med spesialundervisning på landsbasis. Det vil Margit Askeland, leiar for Hå PPT, gjerne bidra til.

– Profilen vår er at me ønsker å vera mykje ute i felten. På skulane og barnehagane, fortel Askeland.

– Kongstanken min er at ved å styrka den ordinære undervisninga, skal færre ha behov for spesialundervisning. Me må ha undervisning som er så vid at me kanskje ikkje treng spesialundervisning, forklarer ho.

PPT i Hå prioriterer å vera ute i felten og innhenta opplysningar.

– Der kan me òg driva rettleiing på lågare terskel – direkte inn mot dei som underviser, seier Askeland.

I løpet av eit skuleår er det mange problemstillingar som dukkar opp. I Hå har det mellom anna vore fokus på skulevegring, lesekurs og matematikkprosjekt.

– Det er utruleg mykje me kan gjera. Så er det viktig at bestillingane blir gode, og at me har ein dialog. Me kjem ikkje ovanfrå og ned og seier at slik skal det vera, poengterer Askeland, som samtidig er tydeleg på det er viktig med solid kompetanse på kontoret. For å få arbeid ved PPT i Hå er det eit krav om minimum mastergradsutdanning. Mange har erfaring frå arbeid i skule og barnehage.

– Me sviktar for mange barn

Karen-Elise Gilje Fossen peikar òg på tidleg innsats og fokus på å unngå stigmatisering ved at enkeltelevar får mykje ekstra merksemd i skulekvardagen.

– Eg tenker at PPT i Hå har nokre verktøy som politikarane kan ta med i denne prosessen, seier ho.

Det er Torstein Tvedt Solberg heilt einig i.

– Det er utruleg viktig for meg å besøka dei plassane i landet der ein får dette til. Rapporten til Nordahl-utvalet viser at me i dag sviktar for mange barn, og om me lærer av det Hå får til kan me hjelpa endå fleire.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...