Når bomsaka kjem opp att, kjem Klepp-ordføraren til å stemma nei

Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese erklærer Utbyggingspakke Jæren for død. Ho kjem sjølv til å snu frå ja til nei når saka kjem opp att i Klepp kommunestyre. Alt tydar på at det vert nei-fleirtal. Foto: Åge Bjørnevik

– Bompakken var død då Time Arbeidarparti snudde. Eg kan ikkje halda kunstig liv i han lenger, seier Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese (H). Ho får følgje av fleire partikollegaer når ho no går frå ja til nei.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 14.05.2019 kl 12:26

I går kveld – ei veke etter at Klepp kommunestyre sa ja med knappast mogeleg fleirtal (16-15) – vart det kjend at Klepp-politikarene får bomsaka til ny behandling. No fortel ordførar Ane Mari Braut Nese at ho kjem til å skifta side når saka skal opp att i eit ekstraordinært møte i kommunestyret 27. mai

– Eg vel allereie no å seia at eg kjem til å stemma nei, seier Nese til Jærbladet.

– No som dette har surra i Klepp i ei veke, er der ikkje ro. Det skrale fleirtalet i Klepp toler ikkje ein ny runde med justeringar av pakken, legg ordføraren til.

Gruppeleiaren i Høgre (lenger nede i denne saka) og varaordføraren er blant dei som slår følgje frå ja til nei. Dermed tydar alt no på at det blir stort fleirtal i Klepp for nei, og at det ikkje blir ein ny bompakke på Jæren.

Spela ei aktiv rolle i nabokommunen

Dagen etter at Klepp sa ja, gjorde Time kommunestyre ei større endring i Utbyggingspakke Jæren, etter eit døgn med mykje politisk dramatikk. Eit medlemsmøte i Time Ap bestemte at heile kommunestyregruppa skulle seia nei til Utbyggingspakke Jæren dersom dei ikkje fekk gjennomslag for å flytta ein bom frå Arne Garborgs veg aust for Bryne til Haugland. Då ville det vore eit klårt nei-fleirtal i Time kommunestyre.

Det enda med at Time, med 17 mot 10 stemmer, gjekk inn for å seia ja - og flytta bommen frå Bryne til Haugland. Flyttinga vil ifølgje fylkessamferdselssjefen føra til at inntektspotensialet i bompakken vert redusert med rundt 230 millionar kroner.

Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese var i tett dialog med det politiske miljøet i Time gjennom dagen då kommunestyret i nabokommunen skulle avgjera bomsaka.

– Eg gjorde dei Time merksame på at dei kunne redda pakken sist tysdag. Pakken var død etter at Time Ap hadde snudd frå ja til nei.
Eg viste dei at det var mogeleg å flytta bommen frå Arne Garborgs veg til Haugland, slik Time Ap hadde føreslått i formannskapet. Eg fekk avklart hos vår administrasjon at det ville redusera inntektene med 223 millionar kroner. Det kunne me kutta i Time sine gang- og sykkelvegprosjekt, forklarar Nese.

– Fylkeskommunen avklarte at dette framleis ville reknast som lokalpolitisk semje. Då eg gjorde dei Time merksame på dette, valde dei denne løysinga, sidan Ap då ville vera med og sikra fleirtal for pakken. Eg ser det slik at eg har drive med kunstig åndedrett på pakken i ei veke. For pakken var i praksis død tysdag føremiddag, etter at Time Ap hadde snudd, legg Klepp-ordføraren til.

– Kan ikkje halda kunstig liv i han lenger

– Dette har gjeve oss i Klepp sjansen til å diskutera om me framleis vil vera med på pakken slik han er no. Denne sjansen hadde me ikkje hatt om Time Ap stemde nei, seier Nese, som altså signaliserer at ho kjem til å gå frå ja til nei.

– Pakken var død då Time Ap snudde. Eg kan ikkje halda kunstig liv i han lenger. Eg let han gå, seier Klepp-ordføraren.

Glede i nei-leiren

Både i Klepp Frp og i Klepp Ap, som stemde samla mot Utbyggingspakke Jæren, er nøgde med den nye utviklinga i saka. Dei to partigruppene hadde måndag kveld eit felles møte for å diskutera korleis dei kunne få til ein ny runde i Klepp kommunestyret om bomsaka. Rundt møteslutt kom meldinga om at ordføraren kallar inn til ekstraordinært kommunestyremøte 27. mai.

– Det har vore veldig mykje uro rundt denne saka den siste veka. At ordføraren no seier at ho kjem til å seia nei, kjem overraskande, men er veldig gledeleg, seier Arne Madland, gruppeleiar i Frp.

Frp og Ap meiner at føresetnadane for Klepp sitt første vedtak vart totalt endra då Time gjorde sitt vedtak.

– Når dei vel å ta såpass mykje pengar ut, så er det ikkje den same pakken lenger. Med det skjøre fleirtalet som var i Klepp, er det berre rett og rimeleg at kommunestyret får saka til ny behandling, seier Madland.

– Har de diskutert Klepp-ordføraren si rolle i det vedtaket som Time gjorde?

– Ja, det har me. Eg må seia at me er overgidde over at ho skulle vera rådgjevar for nabokommunen. Då ho informerte oss om dette, var det endå ein god grunn til å få saka opp att i Klepp kommunestyre, seier Madland.

Ap sin gruppeleiar, Sigmund Rolfsen, stadfestar at hans gruppe også reagerte på Klepp-ordføraren sin påverknad av saka i Time. Jærbladet var i kontakt med Rolfsen før det vart kjend at Ane Mari Braut Nese har snudd og no vil stemma nei til Utbyggingspakke Jæren.

Større skepsis i Høgre

Høgre sin gruppeleiar, Vidar Haugland, slår fast at fleire i hans gruppe kjem til å slå følgje med Ane Mari og stemma nei – inkludert han sjølv.

– Me har ikkje behandla dette formelt i gruppa, men på møtet me hadde i går kveld var det fleire som gav uttrykk for at ulempene med bompakken er større no. I Høgre har me brukt mykje tid på denne saka, og diskuterte oss i første runde fram til eit felles ja – som nokon av oss støtta meir heilhjarta enn andre. Det er fordelar og ulempar med Utbyggingspakke Jæren, og det er inga tvil om at ulempene er større no, med dei endringane Time gjorde – både for pakken som heilskap og for belastninga for kleppsbuen samanlikna med belastninga for timebuen, seier Haugland.

– Personleg var eg blant dei som var tydelegast på at me burde gå for pakken i første runde. No kjem eg til å slå følgje med Ane Mari og stemma nei, og eg trur fort at resten av Høgre-gruppa kjem til å gjera det same, utan at eg veit det sikkert. Når det no går mot nei til Utbyggingspakke Jæren, går me sjølvsagt også glipp av fordelane. Det er særleg synd for folk på Orstad og Kvernaland, som har problem med mykje trafikk i dag, og som kjem til å få endå større problem med trafikk i åra som kjem, seier Haugland.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...