Når Martin Sveinsvoll er ferdig på jobb, begynner seks timars jobbing med å byggja eige fly

Fly: På arbeid blir det mykje stein og graving, sjølv om det blir mest synfaring på den daglege leiaren i Sola hage og anlegg. På fritida er det presisjonsarbeid, med flybygging. Foto: Privat

50-åringen har i nær tretti år drive eige firma, Sola hage og anlegg. Han kjem frå gard og hadde planar om å bli bonde sjølv, gjekk jordbruksskulen, f...

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 16.01.2019 kl 22:46

50-åringen har i nær tretti år drive eige firma, Sola hage og anlegg. Han kjem frå gard og hadde planar om å bli bonde sjølv, gjekk jordbruksskulen, før han starta eige firma som nittenåring. Likskapen mellom det å vera bonde og driva som anleggsgartnar, er at begge får styra sin eigen kvardag.

I barndommen var det kjekt å driva med gravemaskin og traktor, der han opparbeidde seg ferdigheiter som kom godt med i anleggsbransjen. Han veit ikkje om planen var å driva med det same fram til 50-årsdagen, men det at han har gjort det, syner at han har trivest med arbeidet.

Denne kollasjen har Tone Haugeland, kontormedarbeidar i Sola hage og anlegg, laga, i samband med 50-årsdagen til Martin Sveinsvoll. Foto: Tone Haugeland

Nå er han dagleg leiar og bruker bilen til å dra på synfaring med, heller enn å arbeida som anleggsgartnar sjølv. Bedrifta tek oppdrag for det private (til dømes drenering), har avtalar med å drifta det utvendige på ein del næringsbygg i området og har også kommunale prosjekt.

Sveinsvoll eig heile bedrifta og har åtte kollegaar under seg, akkurat så mange at alle snakkar med alle. Han skryt av arbeidsmiljøet i bedrifta som held til på Klepp stasjon, men som tidlegare har hatt adresse på Ræge. I 2007 var han og Bjelland AS først ute med å reisa bygg på det nye næringsfeltet på kleppsida av Figgjoelva, med Foss-Eikeland i Sandnes kommune på andre sida. Med unntak av to nye fjes i fjor, er dei tilsette ein stabil gjeng, som har jobba saman i mange år.

Martin Sveinsvoll

Alder: 50 år onsdag 16. januar

Yrke: dagleg leiar i Sola hage og anlegg

Sivil status: ugift.

Barn: éi dotter og tre gutar, mellom 18 og 29 år. Eitt barnebarn.

Bustad: Klepp stasjon

Hobbyane tek opp heile fritida

Sjølv om anleggsgartnaren kunne likt godt å driva i hagen, har han ikkje tid til å gjera det på fritida. Éin av hobbyane hans er å driva med eigedom. Dei siste åra har han flytta fleire gongar frå hus han har pussa opp, og så selt. Nå har han busett seg på Klepp stasjon, med kort avstand til arbeidsplassen.

På måndag denne veka starta reisinga av tre einebustader på Orre, som er eit prosjekt Sveinsvoll står bak. Han har også eit oppussingsprosjekt på gang på Klepp. Likevel er det planane om å gjera klart eit mikrofly av typen Jabiru J170 til sommarsesongen, som tek brorparten av fritida.

- Dette er flyet mitt, seier han og viser bilde etter bilde av eit fly som får stadig fleire delar, etter som datoen då bildet vart teke nærmar seg januar 2019.

Eit stort galleri på telefonen til Martin Sveinsvoll dokumenterer eit nitid arbeid med å setja saman delar til sitt eige fly. Foto: Snorre Standish Norheim

- Det å byggja fly er noko eg alltid har hatt lyst til, men aldri hatt tid til. Det var anten nå eller aldri. Eg blir eldre, det var berre å bestemma seg for å gjera det, seier Sveinsvoll.

Han er aktiv i Jæren mikroflyklubb, som har verkstad på Høyland i Time. Der mekkar han og kameraten Helge Njærheim på kvar sitt fly. Når han er ferdig, reknar Sveinsvoll med å ha brukt mellom 500 og 600 timar. Til sommaren har dei planlagt å fly eigenbygde flygemaskinar over Nordsjøen, til Danmark.

- Då veit du kva du flyr, så det er eg ikkje redd for, svarer flybyggjaren, som ikkje skjønner kvifor nokon skulle kunna bekymra seg for akkurat dét.

Aktivt mikroflymiljø

- Det er det eg gjer på heile på fritida, anten byggjer eg fly, eller så er eg ute og flyr, seier Sveinsvoll.
Frå flystriper på Høyland, Ege, Tengesdal, Sør-Reime set medlemmane i Jæren mikroflyklubb av garde, for å dra på turar over Jæren, eller til destinasjonar lenger unna. For eit par kameratar med flylappen og kvar sitt fly til rådvelde, ligg ikkje Ekstremsportveko i Voss lenger unna enn éin time i fly, ein tur som tek omtrent seks gongar så lang tid i bil.

Fram til nå har han foke i eit fly han eig saman med fleire andre. Jubileumspresangen til seg sjølv, er eit fly han rår over sjølv. Framleis ventar lange dagar i verkstadhallen, men målet er klart.

- Nå er det full rulle med eige fly, så det håper eg at det er klart til sommaren.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...