Næringslivet heldt pep-talk for dei unge i Klepp

Blomsterkvasten-eigar og Klepp Næringsforeining-leiar Veronica Årsvold var engasjert i møtet med ungdomsskuleelevane. Foto: Åge Bjørnevik

Veronica Årsvold i Klepp Næringsforening er godt nøgd med mogelegheitsdagen, der næringslivet møtte 9.-klassingane i kommunen.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

– Me har lært at me ikkje må gje opp, men halda ut og jobba, seier Lina Sunde, 9.-klassing på Klepp ungdomsskule.

Den uttalen fell sikkert i god jord hos arrangørane av mogelegheitsdagen i Klepp. For det er nett det som var målet: å visa dei unge at det finst mange jobbar, også i heimkommunen, og at det er opp til dei unge sjølve, haldningane dei viser og innsatsen dei legg ned.

– Fint å starta i 9. klasse

Det er torsdag og snart lunsj. 9.-klassingane frå Klepp ungdomsskule har vore innom alle dei ni standane på Klepp rådhus og Jærhagen. Dei har hatt ein halv skuledag der Klepp Næringsforening – i tett samarbeid med Klepp kommune – har invitert alle 9.-klassingane i kommunen i for å treffa små og store bedrifter og folk som jobbar der.

Elevane Synne Hebo (til høgre), Bahara Noori og Lina Sunde frå Klepp ungdomsskule i samtale med fabrikkdirektør Martin Mildestveit i Øglænd System. Foto: Åge Bjørnevik

– Eg har lært mykje, både om kva utdanningar det går an å ta, og om at det finst mange mogelegheiter her i Klepp, seier Synne Hebo.

Ho synest det er fint at dei har fått denne runden allereie no i 9. klasse.

– Det er berre eitt år til me skal søkja på vidaregåande, så det er godt at me begynner å tenkja på det no, slår ho fast. Sjølv synest ho at Jæren Sparebank sin stand var aller mest spennande, medan venninna Line Sunde syntest Blomsterkvasten sin stand var aller best.

At 30 prosent av dei unge i Klepp ikkje fullfører ungdomsskulen, synest Synne og Line er veldig mange. Sjølv kjenner dei ingen som har droppa ut, men dei har høyrt at det er flest gutar. Dei har likevel vanskeleg for å tru at 30 prosent av dei som dei går på skulen saman med, ikkje skal klara å fullføra vidaregåande.

Veit lite om framtida

Men korleis er det å gå i 9. klasse – og stå framføre store val – i ei tid med nedgangstider og mange utan arbeid. Er det skummelt?

– Ja, det er litt skummelt, innrømmer Synne.

– Det er så mykje å velja mellom, og me anar jo ikkje om det blir bruk for det yrket og den utdanninga me vel i framtida, seier ho.

– Men det er spennande òg. Det er blitt mange fleire mogelegheiter enn tidlegare, legg ho til.

– Trivsel er det viktigaste

På Blomsterkvasten sin stand snakkar gründer Veronica Årsvold engasjert til ei lita gruppe ungdommar. Hovudbodskapen frå blomsterdekoratøren og butikkeigaren er å ha gode haldingar, leggja ned ein innsats og ikkje minst velja noko ein har interesse for.

– Å finna noko ein trivst med, er kanskje det aller viktigaste, seier Årsvold.

Ho er styreleiar i Klepp Næringsforening og dermed ei viktig brikke i utviklinga av mogelegheitsdagen, som i år blei arrangert for aller første gong. Etter ein halv dag er styreleiaren svært nøgd, og ho håpar at dette kan bli eit fast, årleg tilbod til 9.-klassingane i Klepp.

– Me må dra lasset i lag, skal me få ned fråfallet frå vidaregåande i Klepp, seier Årsvold.
Av den grunn har det vore viktig for Klepp Næringsforening å trekkja inn foreldra. Tirsdag kveld var det foreldrekveld med same tema, og 140 menneske stilte.

– Foreldra er viktigast

– Utan draghjelp frå foreldra, er betyr det nesten ingenting kva me i Klepp kommune, skulen eller næringslivet gjer. Foreldra spelar den aller viktigaste rolla, seier Sigurd Aukland, assisterande kommunalsjef for skule i Klepp.

Hans inntrykk er at elevane har hatt stort utbytte av programmet, der først og fremst blir fokusert på haldningar og mogelegheiter, i staden for at bedriftene skal presentera seg sjølve.

– Elevane lyttar nok på ein annan måte når næringslivsleiarane snakkar med dei enn når læraren eller foreldra gjer det, seier Aukland.

– Ønskjer å rekruttera

Øglænd System på Øksnavad er ei av bedriftene som stilte med eigen stand. Fabrikkdirektør Martin Mildestveit hadde med seg både ein av dei fem lærlingane i bedrifta og andre tilsette. Han har opplevd elevane som lydhøyre og interesserte.

– Det er kjekt å sjå at dei engasjerer seg, seier Mildestveit.
For Øglænd System har det stor verdi å vera med på eit slikt treff, meiner han.

– Me er generelt opptatt av dei unge. Me ønskjer å rekruttera framtidige lærlingar, men også til ingeniørar har me spennande jobbar, seier fabrikkdirektøren, og viser til forskings- og nyskapingsprisen bedrifta fekk tidlegare i veka.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...