Neste skuleår kan bli det siste for Vasshus

Vasshus skule kan bli nedlagt frå hausten 2018. (Arkivfoto: Åge Bjørnevik)

Klepp vil overføra både elevar og lærarar til Bore skule frå hausten 2018.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

– Me kjem til å føreslå å framskunda overflyttinga, stadfestar kommunalsjef Trond Roy Pedersen overfor Jærbladet.

4. mai kjem saka opp for politikarane i hovudutval for skule og barnehage. Formelt sett skal dei vedta ei høyring om nedlegging av grendeskulane Vasshus og Horpestad.

Det er breitt politisk fleirtal i Klepp for å leggja ned dei to skulane når den nye barneskulen på Kleppe står ferdig, men ifølgje lova må det haldast ei formell høyring der folk i krinsen får seia sitt før politikarane kan gjera endeleg vedtak om nedlegging.

For Horpestad sin del er det snakk om nedlegging når den nye skulen er klar. For Vasshus kjem det forslag om nedlegging allereie frå hausten 2018.

Uroa for dei tilsette

Alle dei rundt 50 elevane ved Vasshus skule kan plasserast inn i eksisterande klassar på Bore. Dermed er det rom for å innlemma Vasshus-elevane i Bore skule utan å auka talet på klassar.

Den viktigaste grunnen til at kommunalsjefen no vil framskunda flyttinga, er signal om uro for framtida blant dei tilsette.

– Ved ei nedlegging har alle tilsette har rett på ny stilling i Klepp kommune, men ein har ikkje garantiar for kva skule ein får jobb på. Dermed ser me ein klår risiko for at dei tilsette begynner å søkja seg bort, og at det kan bli vanskeleg å rekruttera kvalifisert personale til å ta over. No vil me tilby alle dei tilsette på Vasshus å bli med elevane over til Bore frå skulestart 2018, dersom dei ønskjer det. Ved å ta vekk uroa for framtida, håpar me at dei tilsette skal bli ståande i stillingane sine, seier Pedersen.

I slutten av mai godkjende kommunestyret rammene for tilbygg og idrettshall ved Bore skule. Byggjearbeida skal etter planen vera ferdige ved årsskiftet 2018/2019, men kommunalsjefen meiner det skal gå greitt å innlemma Vasshus-elevane i Bore skule eit halvt år før tilbygget er ferdig.

På Vasshus er planen å bruka lokala til barnehage. Det er allereie barnehage i bygget.

Neppe ny mobilisering

I Vasshus-krinsen har foreldra dei siste åra tatt fleire kampar for å berga skulen. Massemobiliseringa i 2010 gjorde at politikarane gjekk mot rådmannen sitt forslag om å leggja ned skulen. I 2014 kom det forslag om å slå saman skulane Vasshus og Bore, og la alle 1.- og 2. klassingane gå i Vasshus sine lokale. Også det spareforslaget blei nedstemt etter at foreldra mobiliserte.

No er FAU-leiar Ingvar Kjøllesdal meir i tvil om det blir ei ny massemobilisering, sidan politikarane allereie har gitt så sterke signal om at nedlegginga kjem.

– Me har fått ei munnleg orientering om kva kommunalsjefen tenkjer, men har ikkje sett noko forslag svart på kvitt enno. Dette er ei sak FAU naturlegvis kjem til å sjå på når ho kjem. Før det er det ikkje så lett å gje fleire svar, seier Kjøllesdal.

Ventar på ny skule

Det er framleis uvisst når den nye barneskulen på Kleppe kan stå ferdig. Tomta som det politiske fleirtalet har peika på, ligg mellom BMX-banen og Kleppeloen – på landbrukssida av jordverngrensa. For ikkje å bruka tid og krefter på planar som kan bli stoppa, har Klepp-politikarane bede fylkespolitikarane om ei prinsippavklaring på om det er aktuelt å opna for bygging på tomta.

Den nye skulen kjem til å frigjera plass på Bore skule og Kleppe skule, sidan ein del av begge krinsane skal overførast dit. Etter planen skal Horpestad skule leggjast ned. Dei fleste elevane derfrå skal etter planen også til den nye skulen på Kleppe, men for enkelte blir det meir naturleg å gå til Orre eller Bore.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...