No kjem elektroniske medisinboksar til jærsk eldreomsorg

Torsdag møttest rundt 80 representantar for jærkommunane på Bryne for å få informasjon og opplæring. På bildet er prosjektleiarane Beth S. Holm (framme t.v.) og Solveig Økland. Bak frå venstre kommunekoordinatorane Eva Tone Fosse (Time), Bertha Johanne Fjelde Sivertsen (Gjesdal), Beate Fundingsland Skaraas (Hå) og Eric Adolfsen (Klepp). Foto: Åge Bjørnevik

Dei seier frå når det er på tide å ta medisin, og varslar dersom medisinen ikkje vert teken ut. Dei elektroniske boksane skal spara heimesjukepleia for arbeid.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

– Me begynner i det små, for både tilsette og brukarar må lærast opp, seier Beth S. Holm, ein av to prosjektleiarar i det såkalla Sør-Rogalandsprosjektet, der 14 kommunar har gått saman om å satsa på velferdsteknologi.

Medisineringsstøtte er eitt av to område dei jobbar med i prosjektet. Ein rammeavtale var ute på anbod på slutten av fjoråret, og det er inngått avtale med to leverandørar av utstyr. No vert dei første elektroniske medisindispenserane rulla ut på Jæren.

Kjører rundt i stor skala

Til dagleg er Beth S. Holm tilsett i Klepp kommune. Som i andre kommunar kjører heimesjukepleia i dag rundt for å dela ut medisinar til folk. Dette skjer i stor skala, og er svært ressurskrevjande.

– Eg vil anslå at heimesjukepleia i Klepp har medisinansvar for i alle fall 150 personar. Kanskje startar me no i første omgang med medisindispenserar til 20-30 av desse, men etter kvart vert det fleire, seier Holm.

Også i framtida skal mange få medisinane av sjukepleiarar som kjem på besøk. Teknologien passar ikkje for alle, og bruken må tilpassast individuelt i kvart tilfelle, understrekar Holm.

Medisindispenserane varslar med lyd og lys når det er på tide å ta medisinen, og sørgjer for å dosera ut dei rette medisinane i rett mengd. Dersom medisinen berre vert liggjande, går det ein alarm – anten til heimesjukepleia eller til pårørande.

Her er ein variant av medisindispenserane som no kjem til Jæren.
 Foto: Åge Bjørnevik

– Har gode erfaringar

I Sola, Haugesund og Stavanger har dei allereie prøvd ut elektroniske medisindispenserar ei stund. Ifølgje den andre prosjektleiaren for velferdsteknologi i Sør-Rogland, Solveig Økland, har dei gode erfaringar.

– Me ser at medisindispenserane frigjer ressursar, og dermed kan heimesjukepleiarane bruka tida si på dei som faktisk treng hjelp, seier Økland, som har sin base i Sola kommune.

Bak prosjektet ligg det eit stort alvor; eldrebølgja. Det vert stadig fleire eldre som treng hjelp, og kommunane kan ikkje auka budsjetta i same farten. Dermed må dei løysa ting meir effektivt og sørgja for at flest mogeleg kan klara seg lengst mogeleg i eigen heim.

– Me kan ikkje venta å stadig få tilført nye ressursar for å møta eldrebølgja. Me er nøydde til å ta i bruk ny teknologi og jobba smartare, slår Økland fast.

Ho trekkjer også fram fordelar for den enkelte .

– Mange av innbyggjarane klarar fint å ta medisinane sine sjølv, men treng kanskje litt hjelp til å halda styr på dei. I staden for å sitja heime og venta på at heimesjukepleia skal koma med medisinen, kan dei no leggja sine eigne planar. Dei får rett og slett ein friare kvardag. Me har også sett at bruken av medisindispenserar gjev folk ei god kjensle av meistring. Den sjølvtilliten kan overførast til andre område, seier Økland.

Oppstart i går

Torsdag var representantar frå Klepp, Time, Hå og Gjesdal samla til oppstartsmøte på Bryne – for å møta dei to leverandørane og få opplæring i den nye teknologien.

Kor mange dispenserar som skal ut, og kor raskt det skal skje, er opp til kvar enkelt kommune. Dei leasar utstyret og dekkar kostnaden over dei kommunale driftsbudsjetta.

Framleis skal Sør-Rogalandprosjektet ha eit auge med utviklinga innan medisineringsstøtte. I tillegg får dei no tid til å setja større fart på satsingsområde nummer to; digitalt tilsyn, som mellom anna handlar om å ta i bruk ulike sensor- og alarmsystem som eit supplement til å ha tilsette til stades.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...