83 lærarar sluttar innan få år

SNART PENSJONISTAR: Bodil Haukland (t.v) og Turid Time er på veg ut av skulen. Foto: Jorunn Erga Steinsland

Ein av 10 lærarar på Jæren er over 60 år. Turid Time og Bodil Haukland er to av dei.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 11.03.2019 kl 09:06

- For få lærarstudentar og lærarnorm vil til saman gjera rekrutteringa krevjande i åra som kjem, slår ein rapport om jærskulen fast.

- Glad i jobben

Klepp er den kommunen på Jæren som har klart flest lærarar i den eldste enden.

Ein av dei eldste er Bodil Haukland, som er lærar på Bore skule. Ho blir 66 år i haust og har bestemt at ho nå er klar til å avslutta ei lang og god yrkeskarriere. I september blir ho pensjonist.

- Eg er utruleg glad i jobben min. Eg føler det er ein viktig jobb og så får me så mykje igjen. Det er rett og slett magisk å få læra ungar å lesa og sjå at du kan hjelpa dei til å forstå noko nytt, smiler den erfarne læraren, som i år er kontaktlærar i 4. klasse.

Ved sida av sit Turid Time. Ho er lærar på Klepp ungdomsskule og blir 63 år i år. Time er kontaktlærar i 9. klasse. Ho har arbeidd som lærar i 38 år - alle på ungdomsskular.

- Lærer noko nytt heile tida

Begge damene trekkjer fram gode kollegaer og eit godt og lærande vaksenmiljø som ein av grunnane til at dei trivst så godt.

- Som lærar må du hengja med. Du må heile tida læra noko nytt. Eg trur det er med på å halda deg ung, seier Haukland.

Time nikkar.

- Det er slutt med det lukka klasserommet. Før kunne du jobba meir for deg sjølv, nå er det mykje meir samarbeid og det meiner eg er mykje betre, seier Time og trekkjer også fram endringane dei teknologiske hjelpemidla fører med seg.

- Det har blitt fantastisk med ipad. Det fungerer veldig godt på ungdomsskulen, seier ho.

- Ja, det er eit veldig godt hjelpemiddel, skyt Haukland inn frå sida, men innrømmer gjerne at det har vore ei bratt læringskurve.

- Status og løn er viktig

Medan Haukland blir pensjonist allereie i år, har Time bestemt seg for at 2021 blir året for henne. Dette er same året som dei som arbeider med rekruttering i skulen fryktar.

I 2021 vil færre bli uteksaminert frå lærarutdanningane grunna ei omlegging i utdanninga frå fire til fem år. I tillegg er det dei komande åra fleire som vil gå av med pensjon.

Time og Haukland trur mykje praksis vil gjera nye lærarar godt rusta til å koma inn i skulen og ønskja å bli verande, då dei vil vera meir klar over kva dei går til. I dag er det mange med lærarutdanning som har valt å jobba i andre yrke.

- Eg trur også at status og lønn er viktig når det gjeld rekruttering, seier Haukland.

Time er klar på at ho meiner det koker ned til ein ting.

- Det dreier seg om fire bokstavar: lønn, enkelt og greitt. Du får ikkje dei beste folka viss du ikkje betaler, meiner ho.

Dei to meiner også det er litt for lite fokus på læraren som leiar.

- Som lærar må du vera ein god leiar. Viss du ikkje kan klasseleiing, går det ikkje. Du står på ein scene kvar einaste dag, seier Haukland.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...