Silje Sandanger har sett tonar til diktet «Ein heim»

Diktet «Ein heim», som Helge Torvund skreiv etter at Sunniva Ødegård på Varhaug vart drepen, er tonesett.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 15.05.2019 kl 12:50

Det er artisten Silje Sandanger som har komponert musikken og som framfører songen.

- Håpet er at nettopp denne melodien og teksten vera ei lindring for nokon som treng det. Eg vil at songen skal vera ein heim for dei som har behov for å kjenna at dei høyrer til ein stad, seier Silje Sandanger til Jærbladet.

Treng trøyst

Songen vart sloppen på Spotify onsdag 8. mai.

Silje Sandanger seier at rettssaka etter Varhaug-drapet som startar den 15. mai, vil skapa nye behov for trøyst.

- Sjølv er eg overtydd om at denne songen vil møta nokon av dei som treng trøyst der dei er, seier Sandanger.

Formulerte det diktet han sakna

I etterkant av den tragiske hendinga på Varhaug i fjor sommar, der 13 år gamle Sunniva Ødegård mista livet og ein då 17 år gammal gut vart sikta for drapet, ville Hå kommune gjera noko for å samla bygda og byggja opp samhaldet.

Kommunen kalla inn til eit folkemøte på plassen ved rådhuset og inviterte ulike organisasjonar til å halda talar og appellar.

Prest, musikar og songar vart invitert, og Helge Torvund vart spurt om å koma og lesa dikt.

- Eg tenkte meg om, og takka ja til det, glad for at poesien på denne måten vart verdsett i ein krisesituasjon, slik den ofte vert. Men i prosessen med å velja ut kva eg skulle lesa, opplevde eg at det var noko som mangla. Eg mangla noko som eg gjerne skulle ha lese opp og gjerne villa ha formidla, som ennå ikkje var skrive, verken av meg eller av andre. Ein av dagane før folkemøtet, etter å ha kvilt godt ut på benken, sette eg meg brått opp og formulerte det diktet eg sakna, fortel Helge Torvund.

Rørande tilbakemeldingar

Diktet «Ein heim» byrjar med setninga: «Eg vil at dette diktet skal vera ein heim».

- Etter at eg hadde lese det for dei 1500 frammøtte på Varhaug, fekk eg veldig mange sterke og rørande tilbakemeldingar. Og nokre spurte om dei kunne få ein kopi av diktet, for dei følte at dei trong å ha det i tida som kom, fortel Torvund.

Ein respons han ikkje hadde venta seg, kom først i desember.

Helge Torvund skreiv diktet «Ein heim» til samlinga på Varhaug etter at Sunniva Ødegård var drepen. Silje Sandanger har tonesett diktet, og songen vart sloppen på Spotify 8. mai. Foto: Frode Ueland

- På ein kveld som Ogna scene arrangerte for å setja fokus på min forfattarskap, framførte Silje Sandanger fleire av mine dikt saman med komponist og musikar Lars Ole Bergersen. Silje Sandanger presenterte også sin versjon av diktet «Ein heim» til eigenkomponert musikk. Framføringa var så sterk og rørande at me var mange som vart stumme og stille. Nydeleg melodi og inderleg innlevd framføring, fortel Torvund.

- Gav meg orda mine attende

Torvund takka artisten med å seia at denne songen skulle han svært, svært gjerne ha ønska var spelt inn i eit studio, slik at han kunne høyra han igjen og igjen.

- Og nå er det gjort. Nå er den her. Songen som famna meg inn og gav meg orda mine attende. Songen som skapte ein heim, eit vern, - for ei stund, seier Torvund.

- Gje vidare det eg har fått

Artisten Silje Sandanger syng i gravferder og bryllaup, primært for å famna gleda i feiringa og sorga i tapet.

- Livet treng både feirast og sørgjast, og mi musikalske gåve er å både gje tilbake og gje vidare det eg sjølv har fått. Det handlar både om stor glede og djup sorg og det å kjenna seg igjen i andres glede og sorg, seier Silje Sandanger.

Songen «Ein Heim» er spelt inn hjå Jørgen Manke i Skambra Studio.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...