Forblåst terapi

I denne kroken kan Marit Hetland kose seg med ein kaffikopp utan å fryse i vinden. Saltråk og vindkast er den store utfordringa i denne hagen. Foto: Jofrid Å. Lawrence

I ein hage full av vind er Marit Hetland fungerande gartnar og anleggsarbeidar. Hagearbeid er terapi.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

– Som lita jente forstod eg aldri kvifor mor skulle ha så mange blomar, no har eg vorte verre sjølv, seier Hetland.

Ho kjem frå ei slekt av hagefolk, grøne fingrar ligg i genane. Etter at ho mista mannen for mange år sidan har hagen vorte terapi. Blomane og trea har vorte fleire. Alt gjer ho sjølv på sin eigen måte.

Lun krok

Viss ho sit i ro, finn du henne anten i drivhuset eller i hjørna inn til huset. Der er det lunt og godt.

– Du ser korleis trea ser ut.
Ho peikar i retning trea i ytterkant av hagen, brune blader og skeive stammar. Vindskjerming er eit stikkord i denne hagen.

– Det fungerer ikkje så godt. Hjørnet på terassen vart aldri slik me hadde planlagt, det bles alltid der, seier Hetland.
Vind og saltråk får likevel ikkje skremme henne ut av hagen. I drivhuset kan ho sitje med strikketøyet og ein kaffikopp, då får ho kjensla av å vere ute i hagen, men frys ikkje.

Lett

Heilt innerst i gata, gøymt bak huset, ligg hagen med den irrgrøne plenen. Det ikkje vanskeleg å halde plenen slik, ifølgje Hetland.

– Det er berre å gjødsle godt, og klippe ofte. No klypper eg plenen to gonger i veka, seier ho.
Dermed meiner Hetland at det det ikkje er eit kunststykke i det heile, snarare eit spørsmål om å gidde. Tidlegare var det ein gammaldags klyppar utan motor som gjorde jobben. Då klypte ho plenen annan kvar dag, men då ungane vart eldre og skulle klyppe, måtte den gamle vikje for ein med motor.

– Eg har noko eg kan trykkje inn slik at klypparen går av seg sjølv, men det brukar eg aldri, seier Hetland.

Ho liker trim, og får ikkje for lite av det. Sykling og turar i skog og mark likar ho godt, men tykkjer det er godt å bruke seg litt i hagen òg.

– Her har eg lødd stein som eg har henta sjølv. Alt gjer eg på gamle måten, med hand. Det er berre å ta tida til hjelp.

Gradvis

Hagen har gradvis teke form, ho har putla med han sidan 1980. Litt her og litt der gjennom mange år gir sjel og minner. Små detaljar, krukker ho har fått med seg heim frå turar og buskar som ein gong berre var ein liten avleggjar.

– Det er eit sop i hop. Eg er ikkje slik at eg tenkjer så mykje over fargar og slikt. Eg liker alle fargar, det blir fint, seier Hetland.

Staudar er det mange av på Orre. Ho som regjerer i denne hagen tykkjer det er greitt at dei kjem opp år etter år. Dei fleste har ho fått av mora.

– Mor selte staudar på sine gamle dagar, berre som ein hobby då, seier Hetland.
Ein busk med kvite blomar vekkjer minner. Utanfor barndomsheimen på Vigrestad hadde dei ein heil hekk av slike buskar. Det er fleire ting som vekkjer minner i hagen.

– Det treet kjøpte eg og den eine sonen etter eit tannlegebesøk. Han hadde ingen hol og då skulle me kjøpe noko. Så vart det null hull-treet, seier Hetland.

Like attmed står det eit spesielt tre. Det har og ein historie knytt til same sonen, men den er hemmeleg.
Hetland har fem barn og sju barnebarn. Då er det godt å ha hage med lekehytte og trampoline hjå ho bestemor.

Utsikten

Utsikten er Hetland særleg nøgd med. Det er fri sikt på baksida av huset, ingen naboar. I hjørnet nærast kyrkja er det bygd ein levegg av brunt tre. Det to vindauge i veggen, og dei er viktige.

– Det er viktig for meg å kunne sjå kyrkja, seier Hetland.

Der har ho ein liten bijobb som kyrkjetenar i helger. Det har vore god hjelp i å kunne vase seg vekk litt i hagen på ein dårleg dag.

Selskap

Ein kvit rampete sak sprett rundt i hagen. Etter eit par rundar er ho ikkje så kvit lenger.

– Sjå på deg, din skitgris, seier Hetland.
Ho smiler, leiker og skjenner litt. Det var barna som kom med hunden, meinte visst at det kunne vere godt selskap for mora.

– Viss du ikkje kan oppfører deg, skal eg setje deg opp i eit tre.
Den litle kvite ballen fyk rundt over alt, men det er faktisk mykje selskap i den firbeinte må Hetland innrømme. Dei to koser seg i hagen.
Ho er glad i den store hagen og huset, håpet er at helsa held lenge slik at ho kan nyte dette i mange år framover.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...