Arne Madland braut ikkje lova

Arne Madland er Frp sin gruppeleiar i Klepp kommunestyre. Dette bildet er frå eit møte i formannskapet. Foto: Åge Bjørnevik

Klepp kommune har lagt vekk saka mot den lokale Frp-toppen, men vurderer framleis gebyr til leigetakaren etter ulovleg overnatting i forretningsbygg.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 15.05.2019 kl 20:22

– Eg synest det er heilt hinsides, heile greia, seier Madland til Jærbladet.

– Eg har ei rolle i samfunnet der eg må vera ryddig. Eg påpeika med ein gong at det ikkje er eigar, men leigetakar, som har ansvaret. No, seks månader etter, får eg to linjer om at saka er lagt bort, seier Madland.

Vekte merksemd

At forretningsbygget til Frp sin gruppeleiar i Klepp kommunestyre var brukt til ulovlig overnatting – og at Klepp kommune sende varsel om gebyr – vart medieoppslag både i Jærbladet og Stavanger Aftenblad.

– Denne saka har hengt ved meg i eit halvt år. Eg hadde i det minste venta at Klepp kommune skulle forklara kva vurderingar dei har gjort, og beklaga at dei urettmessig har sett meg i denne situasjonen. Grunnen dei gav til at dei starta saka med gebyr, var at eg har leigd ut bygg før og burde kjenna regelverket. Det er direkte feil at eg har leigd ut bygg før. Men er rett at eg kjenner regelverket, og eg hadde allereie gitt dei beskjed om at eg ikkje var rett adressat for undersøkingane deira, seier Madland, som no vurderer å gå til søksmål mot Klepp kommune.

Bakgrunn

Ulovleg overnatting i forretningsbygg

  • Rogaland Brann og Redning IKS var 13. november på tilsyn i Jærvegen 528 på Kleppe, etter tips om at eit rom i andre etasje i forretningsbygget var teke i bruk til overnatting.
  • Klepp kommune sende veka etter brev til huseigar Arne Madland, og fekk raskt svar om at han ikkje kjende til den ulovlege overnattinga, og at leigetakaren her hadde teke seg til rette.
  • 1. februar sende Klepp kommune «forhåndsvarsel om overtredelsesgebyr» til Madland. Grunngjevinga var at han har vore uaktsam fordi han har leigd ut bygg før og burde kjenna regelverket. Madland svara at han ikkje har leigd ut bygg før, og at han ikkje var kjent med overnattinga, som er i strid med leigeavtalen. 20. februar sende Klepp kommune gebyrvarsel til leigetakaren.
  • Kommunen har no avslutta gebyrsaka mot Arne Madland. Gebyrsaka mot leigetakaren jobbar dei med framleis.

– Ikkje grunn til å beklaga

Kommunalsjef for lokal utvikling i Klepp, Trine Eide Fossmark, seier at saka for deira del starta då dei vart varsla etter Rogaland Brann og Redning sitt tilsyn på eigedommen i november i fjor.

– Då var det naturleg for oss å ta kontakt med huseigar. Ut frå opplysningane me då fekk, valte me å senda varsel om overtredelsesgebyr. Ved slike gebyr er det krav til at ein visste eller burde ha visst at eigedommen var brukt i strid med det han er godkjend for. Kommunen må også kunna bevisa at det er slik, seier Fossmark.

– Ut frå dei opplysingane me har fått inn, kunne me ikkje bevisa at det er grunnlag for å gje gebyr til huseigar. Derfor har me no sendt brev om at me ikkje ser grunn til å forfølgja saka vidare, og at ulovlegheitsoppfølginga er avslutta for hans del, seier Fossmark.

Fossmark seier at ho ikkje kan sjå at kommunen burde beklaga overfor Arne Madland, men at dei gjerne kunne ha gjeve ei meir utdjupande forklaring i brevet der dei legg vekk saka – sjølv om det berre var snakk om eit førehandsvarsel.

I dette forretningsbygget i Klepp sentrum avdekka Rogaland Brann og Redning i november at nokon overnatta – i strid med godkjenninga for eigedommen. Foto: Åge Bjørnevik

– Arne Madland seier at han vurderer søksmål mot Klepp kommune. Kva er din kommentar til det?

– Me har behandla Madland likt som alle andre. Me har teke opp ei sak til undersøking, i tråd med reglane i plan- og bygningslova og forvaltningslova, og lagt vekk saka fordi me ikkje har grunnlag for å forfølgja henne vidare. Eg kan ikkje sjå at dette gjev grunnlag for søksmål, seier Fossmark.

Jobbar vidare med leigetakaren

Fossmark stadfestar at Klepp kommune framleis jobbar med saka mot leigetakaren.

Leigetakaren har engasjert advokat, som i sin korrespondanse med Klepp kommune har bestride ein del av dei faktiske opplysingane i Rogaland Brann og Redning sin rapport. Han har mellom anna peika på at rommet ikkje har vore brukt til varig opphald.
Firmaet som har leigekontrakten med Arne Madland, har for øvrig leigd vidare ein del av eigedommen til andre.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...