Neste år kan desse vie deg i Høghuset eller på Borestranda

Hå-ordførar Jonas Skrettingland (t.v.), Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese og Time-ordførar Reinert Kverneland skal ta over ansvaret for borgarleg vigsle på Jæren. Foto: Hans-Peter Schemeitat / Trine Selvikvåg / Åge Bjørnevik

Frå 1. januar må gifteklare par gå til rådhuset i staden for tingretten.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

– Eg er så klar som eg kan bli, ler Time-ordførar Reinert Kverneland.

Stortinget har vedtatt lovendringar i ekteskapslova, noko som mellom anna inneber at myndigheit til å utføre borgarleg vigsle blir overført frå domstolane til kommunane. Det er enno ikkje fastsett når lovendringane skal tre i kraft, men planen til regjeringa er at det skal skje frå 1. januar 2018.

Barne- og likestillingsdepartementet opplyser at frå nyttår må alle norske kommunar vere klare til å ta imot brudepar som ønskjer å gifte seg borgarleg. Og før dei nye reglane trer i kraft, må kvar enkelt kommune avklare kven som skal kunne utføre vigslane – og kvar det skal vere mogleg å inngå ekteskap.

Ordførar og varaordførar er automatisk godkjende som vigslarar etter lova, så er det opp til kommunestyra om andre kommunalt tilsette eller folkevalde òg skal kunne vie ektepar.

Time-ordføraren fortel at det truleg blir snakk om rundt 20 vigsler i året per jærkommune.

– Og det skal nok ordførar og varaordførar klare. Så bør me kanskje ha med ein eller to tilsette på rådhuset, som reserve.

Erfaring som prest

I Hå kommune bør det i alle fall ikkje vere høgt stressnivå på ordførarkontoret på grunn av lovendringa. Ordførar Jonas Skrettingland er utdanna teolog, har bakgrunn som misjonær – og har til og med fungert som vikarprest.

– Så eg har faktisk via folk før, fortel han.

I utgangspunktet tenkjer ordføraren at han sjølv og varaordførar Mons Skrettingland vil kunne dekke behovet i kommunen.

– Eg veit at Mons er klar. Nå må me jo sjå kor stort omfang dette får, men eg har all grunn til å tru at ordførar og varaordførar klarer dette.

Skeptisk Klepp-ordførar

Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese seier at ho er forberedt å på gjere det ho får beskjed om frå Stortinget og regjeringa.

– Men eg synest at dette er noko tull, medgir ho.

– Når me stiller til val som folkevalde, er det ikkje for å vie folk. Det er for å lage betre skule og eldreomsorg, mellom anna. Så eg synest dette er ganske på sidelinja av det som bør vere folkevalde sine oppgåver.

Likevel understrekar ordføraren at alle er velkomne – også likekjønna par.

– Kven kjem til å utføre vigslene i din kommune?

– Me har ikkje landa det enno. Det er mange oppgåver som ligg på ordførar og varaordførar, og me har ikkje så stor varaordførarstilling heller, så det er mykje som er fylt opp allereie. Så me må nok finne løysingar på dette og kor tid me er tilgjengelege, seier Braut Nese.

Ut i naturen?

Vigsle i kommunal regi skal vere gratis for kommunen sine eigne innbyggjarar, samt for personar som ikkje er busette i Noreg. Om ein kommune opnar for at vigsler kan skje utanfor kommunen sine ordinære lokale, utover ordinære opningstider eller for brudefolk som ikkje er busette i kommunen, kan kommunen krevje å få dekt meirkostnadane.

– Det er ein del som må avgjerast – mellom anna opningstider og lokale. For dette kan jo ikkje skje på eit vanleg kontor. Me må kanskje finne eit skikkelig seremonirom, seier Reinert Kverneland.

– For min del synst eg det er greitt å ha det i kontortida i utgangspunktet, men eg kan kanskje stille opp nokre laurdagar dersom det passar.

Kverneland ser ikkje vekk frå at det kan bli bryllaupsoppdrag i for eksempel Høghuset eller ved Mølledammen.

– Eg ser ingen problem med å stille opp i lokalmiljøet, om det er ein hyggeleg plass. Men eg har ikkje snakka med varaordføraren eller dei tilsette enno. Me har blitt einige om å setje oss saman og lage ei sak på dette til første kommunestyremøtet etter ferien.

Òg i Hå og Klepp vil endringane i ekteskapslova bli eit politisk tema over sommaren. Så får tida vise om Jonas Skrettingland blir å sjå som offentleg vigselmann på Jærmuseet, eller om Ane Mari Braut Nese blir vigselkvinne på Borestranda ein fin sommardag i 2018.

– Me har jo ikkje diskutert dette i det heile tatt, men det er viktig å få ei fin og høgtideleg ramme rundt dette. Så me vil nok leggje vekt på å få ei fin ramme rundt ekteskapsinngåinga – og då kan det godt hende at det ikkje er ordførarkontoret som er plassen, seier Skrettingland.

– Dette går bra

Alle tre ordførarane meiner uansett det er viktig at det blir ei god oppleving for alle som kjem til rådhuset og vil gifte seg.

– Men dette går bra, understrekar Reinert Kverneland.

– Du mister ikkje nattesøvnen framover, altså?

– Nei, nei. Når Stortinget har bestemt dette, så gjer eg det! Så godt eg kan – etter fattig evne, ler han.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...