Reagerer på intern rektor-utlysing

Bore skule får ny rektor til sommaren, når Reidar Harberg – som snart rundar 68 år – går av med pensjon.

Utdanningsforbundet ved Bore skule ønskjer ekstern utlysing av rektorstillinga, og forlenga søknadsfrist. Det får dei ikkje.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

2. januar skreiv klubben ved Bore skule brev til kommunalsjef Trond Roy Pedersen med ønskje om ein ryddig prosess.

– Å lysa ut ei leiarstilling ved ein stor skule i ei intern utlysing, er ein veldig spesiell måte å gjera det på. Det er spesielt når ein kommunalsjef og hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet må i drøftingar for å koma fram til eit kompromiss om korleis ei leiarstilling skal lysast ut. Klubben ved skulen fryktar at kompetente søkjarar i kommunen vel å ikkje søkja på stillinga på grunn av måten dette er blitt gjort på, heiter det i brevet, som er underteikna av klubbleiaren i Utdanningsforbundet, Hilde Malmin Kimo.

– Ein kan gjennom å lesa Jærbladet 27.12.17 få inntrykk av at kommunalsjefen allereie har bestemt kven som skal tilsetjast som ny rektor ved Bore skule frå 01.08.18, heiter det vidare.

To skular blir ein

Rektorstillinga ved Bore skule blir ledig frå neste skuleår, når Reidar Harberg (67) går av med pensjon etter over 30 år som rektor.

Jærbladet skreiv 27. desember om kompromisset mellom kommunalsjefen og den hovudtillitsvalde i Utdanningsforbundet når Harberg sin etterfølgjar no skal på plass. Kommunalsjefen ville i utgangspunktet tilby stillinga ved Bore skule til Vasshus-rektor Mette Johnsen Monge. Utdanningsforbundet ville i utgangspunktet ha ekstern utlysing. Kompromisset blei ei intern utlysing i Klepp kommune.

Kommunestyret har vedtatt at Vasshus skule skal leggjast ned sommaren 2019, og alle elevane skal overførast til Bore skule. Allereie frå komande skuleår skal dei to skulane ha felles administrasjon.

– Ønskjer ryddig prosess

Ifølgje brevet kom utlysinga til alle tilsette i skulen tysdag 2. januar, etter oppfording frå tilsette.

– Dette synest klubben er altfor seint når søknadsfristen er 10.01.18. Ein ønskjer at fristen vert forlenga, og at stillinga vert lyst ut eksternt. Klubben på Bore ønskjer ein profesjonell og ryddig prosess i denne tilsettinga, der ein viser respekt overfor tilsette i skulen. Ein ryddig prosess vil òg gjera det lettare for den som vert tilsett som rektor ved skulen å vita at ein fekk stillinga fordi ein var den best kvalifiserte søkjaren, avsluttar klubben i brevet.

Også foreldrerådets arbeidsutval (FAU) ved Bore skule har sendt brev til kommunalsjefen, slik dei varsla i Jærbladets artikkel 27. desember. Argumentasjonen frå FAU samanfell i stor grad med argumentasjonen frå klubben i Utdanningsforbundet.

Held fast på intern utlysing

Kommunalsjef Trond Roy Pedersen i Klepp held fast på kompromiss-løysinga om intern utlysing, og sende mandag svar til Utdanningsforbundet og FAU ved Bore skule.

- Det er vanleg å lysa ut ledige rektorstillingar offentleg i Klepp kommune. Men unntak kan vurderast. Til dømes gjeld det overtallige som følgje av rasjonaliseringstiltak, slik det er for rektorstillinga på Bore skule, skriv Pedersen.

Han viser til at arbeidsmiljølova har reglar for handtering av tilsette ved driftsinnskrenkingar eller rasjonaliseringstiltak. Arbeidsgjevar står ikkje fritt til å byta ut arbeidstakarar dersom ei ny stilling i vesentleg grad er vidareføring av ei nedlagt stilling. Slik situasjonen er, meiner han at rektor ved Vasshus skule vil kunna hevda eit såkalla rettskrav på stillinga.

Alle dei tilsette ved Vasshus skule får førsterett ved tilsetting i nye faste lærarstillingar i Klepp denne våren. Samstundes kjem dei til å få permisjon frå den nye jobben, slik at dei kan halda fram med å jobba på Vasshus til nedlegginga neste år, utan å frykta for å bli ståande utan jobb etterpå.

– Ikkje meir me kan gjera

På Bore skule tar tillitsvald Hilde Malmin Kimo svaret til etterretning.

– Me gav uttrykk for vårt syn, og skulle sjølvsagt ønskt at me fekk gjennomslag. Men løysinga som er valt, er innføre lovverket, og då er det ikkje meir me kan gjera, seier Kimo.

Ho understrekar også at innspelet frå klubben på Bore ikkje er meint som kritikk av den hovudtillitsvalde i Utdanningsforbundet i Klepp.

– Slik situasjonen var, måtte ho inngå eit kompromiss. Me likar ikkje at ho måtte det, men forstår at det blei som det blei.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...