Frustrerte fedrar slår eit slag for den opne barnehagen på Bryne

Bernt-Kristian Nerland (t.v.) er glad for at han blei kjend med Hallvard Bokn Eikeland gjennom Brynelunden opne barnehage. Her leikar dei to fedrane saman med Madelen (snart 3), Amanda (1) og Frida (snart 3). Foto: Nils-Ove Støbakk

– Det er viktig at politikarane veit at dette òg har ein dimensjon for far som er heime, seier Hallvard Bokn Eikeland.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Rådmannen i Time kommune føreslår å legga ned Brynelunden opne barnehage for å spara 0,6 millionar i år og 1,8 millionar frå 2020. Det får trebarnsfaren på Bryne til å protestera.

– Eg tenker at det er eit veldig lett kutt, for det er vanskeleg å måla effekten av ein open barnehage, seier Eikeland.

– Og så er det jo ikkje lovpålagt å ha, skyt kameraten Bernt-Kristian Nerland inn.

Likevel håpar dei at politikarane ser verdien av å ha dette tilbodet, og at dei prioriterer å halda Brynelunden open òg i framtida.

Stadig fleire menn

Første gong Eikeland nytta seg av den opne barnehagen var hausten 2010. Då var det få menn som gjekk der, og han fekk beskjed om at han måtte koma på tysdag – for då var det éin annan mann der.

Frå hausten 2016 til sommaren 2017 var Eikeland heime i ni månader med yngstejenta Frida.

– Då var det sikkert fem-seks menn kvar gong, fortel han.

Gjennom den opne barnehagen vart han mellom anna kjend med Nerland, som hadde pappapermisjon for å vera heime med Madelen – som er fire dagar yngre enn Frida.

– Me blei ein god gjeng, og så kom det fleire til etter kvart, seier dei to fedrane.

Bernt-Kristian Nerland opplevde dagane i Brynelunden som verdifull kompetanseheving då han var fersk pappa for tre år sidan. Nå er han i pappaperm for andre gong og møter trufast opp på det kommunale tilbodet. Foto: Nils-Ove Støbakk

– Alltid nokon som har det verre

Nå er Nerland heime i permisjon for andre gong, med eitt år gamle Amanda. Han er ein aktiv brukar av den opne barnehagen, og er som regel innom alle dei fire dagane i veka tilbodet har ope; måndag, tysdag, torsdag og fredag.

Vanlegvis er det sju til ti menn der.

– Det er ein god arena for å få vennar – både kvinner og menn. Og med ungar på omtrent same alder, som er i nokolunde same fase, forklarer han.

– Brynelunden er ein plass der du kan vera deg sjølv. Du kan seia at du er trøytt, så får du sympati. Og det er alltid nokon som har det verre, ler tobarnsfaren.

– Ja, det har vore enormt bra å ha ein plass der du kan møta andre og snakka om alt mogleg – frå bleiar til fotball, seier Eikeland.

Har lært mykje frå dei tilsette

Sist veke var det over 40 ungar og meir enn 30 vaksne som nytta seg av tilbodet om open barnehage.

– Me er ein god gjeng, slår Nerland fast.

Han er full av lovord om både dei tilsette i den opne barnehagen og dei andre foreldra som går der fast.

– I 2016 var eg nybakt pappa. Eg hadde jo ikkje peiling, fortel han.

Den ferske faren opplevde dagane i Brynelunden som kompetanseheving. Mellom anna fekk han nyttige innspel frå dei tilsette.

– Og så fekk eg mange gode tips frå dei som eg blei venn med. Og Madelen blei meir trygg av å vera rundt andre folk.

– Viss ikkje fedrane har dette tilbodet, blir det nok meir krevjande å ha permisjon, seier Hallvard Bokn Eikeland. Foto: Nils-Ove Støbakk

Får utvida nettverket

Både Eikeland og Nerland har opplevd den opne barnehagen som ein mjuk overgang til vanleg barnehage.

– Det er jo ein del av dei same songane, og dei får øva seg på å vera i samling, forklarer Eikeland.

Begge to trur det blir mykje meir tungvint å vera pappa i permisjon utan dette tilbodet. Dei meiner det er sunt å treffa nye folk på ein nøytral arena.

– Om du hadde laga eit nettverk sjølv, hadde det du kanskje valt fleire som var meir lik deg sjølv. Det er ikkje sikkert me to hadde blitt kjende med kvarandre, seier 40-åringen Eikeland til den ti år yngre kameraten.

– Meir krevjande utan

Hallvard Bokn Eikeland og Bernt-Kristian Nerland opplever at det er få tilbod til menn som er heime med barn. Medan damene har barselgrupper, er det ikkje noko liknande tilbod for fedrane.

Begge to ser på open barnehage som eit viktig likestillingstilbod for menn.

– Og utviklinga frå 2010 til nå viser jo at menn i Time set pris på dette tilbodet, seier Eikeland.

– For min del var eg heime i ni månader. Viss ikkje fedrane har dette tilbodet, blir det nok meir krevjande å ha permisjon. Då blir du gåande meir åleine. Det er ikkje alle som klarer å bygga nettverk sjølv, påpeikar han.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...