Vil ha Haugtussa-veke

Veslemøy (Gerd Elin Birkeland) i dansen med Jon (Quyen Nguyen), under ei tidlegare oppsetting. Foto: Anne Berit Hatlem

I utkast til ny kulturplan blir Haugtussaveka lansert, i tillegg til Garborgdagar. Men er det marknad for to festivalar om Arne Garborg?

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 20.01.2019 kl 16:14

Ei veke i januar markerer Garborgdagar kvart år den store forfattarens fødselsdag, 25. januar, med føredrag, debattar, høgtlesingar og konsertar på Bryne. Arrangørar er Time kommune, Nasjonalt Garborgsenter, foreininga Snakk!, Time historielag, Time mållag og Jæren senioruniversitet.

I utkast til ny kulturplan for perioden 2019-2027, som vart sendt på høyring i november, har Time kommune lansert endå ein garborgfestival. Haugtussaveka skal vera eitt av kommunens tre «kulturelle fyrtårnprosjekt», saman med nye Storstova og «kulturstiar», med kunstverk utplasserte i jærsk natur.

Ambisjonen med Haugtussaveka er å løfta arven etter Arne Garborg vidare, med eit mål om nasjonal merksemd og deltaking. Det sentrale elementet i satsinga skal vera teaterførestillinga om Veslemøy, som vart oppført første gong i 2008, og deretter i 2011. I 2014 vart det klart at kommunen ikkje hadde råd til å arrangera spelet på ny, og såg etter private arrangørar. I 2015 vart spelet skrinlagt.

Kvart fjerde år?

Ifølgje planutkastet siktar kommunen på å arrangera Haugtussaveka kvart fjerde år. Det skal arbeidast fram eit breitt program med utgangspunkt i den kjende diktsyklusen og livsverket til Arne og Hulda Garborg, og skal engasjera og gje utfordringar til det lokale kulturlivet. Kommunen skal også søkja samarbeid med profesjonelle, regionale og nasjonale aktørar, ved teater, akademia og frilandsmiljø.

I første omgang må det opprettast eit forprosjekt. Så langt legg planane opp til opplesingar og bokbad med aktuelle forfattarar, debattar, konsertar, sceneproduksjonar, i tillegg til turar i jærsk natur. Mykje av dette vil publikum kunna oppleva allereie, under Garborgdagar, som tjuvstartar sundag med høgtlesing av «Den bortkomne faderen».

Les om kva som skjer under Garborgdagar i år: Hyller Garborg med høytlesing og hardrock

Garborgsenteret er gira

- Eg synest det er kjempepositivt at Time kommune ønskjer å bruka og ta tilbake Garborg i profileringa av kommunen, seier Inger Undheim i Nasjonalt Garborgsenter.

Undheim seier kommunen har vore i dialog med forfattarsenteret, og minner om at ideen om ei satsing på Haugtussa ikkje er ny. Ved å skalera opp satsinga, trur Undheim at Haugtussaveka har potensial til å nå turistar, ikkje berre dei som bur distriktet. Eitt døme på potensialet i diktsyklusen om Veslemøy, er suksessen skodespelaren Ane Dahl Torp har hatt med å setja det opp på Det norske teateret.

- I Haugtussa får du skildra Jæren i vêr og vind, med naturfenomen. Det er ganske magisk å stå oppe på Høg-Jæren og sjå. Du veit jo aldri korleis vêret er. Medan du står der oppe og er med på arrangementet, så skiftar vêret og speler av og til i takt med det som skjer på scena, seier Inger Undheim. Foto: Arkivfoto.

- Me har jo lyst til å visa fram Jæren i all si prakt, og få fram at dette faktisk er ein plass å koma og oppleva. Då er det at eg meiner Haugtussa har den x-faktoren som skal til, for det er verkeleg eitt av dei verka til Garborg som framleis lever i beste velgåande, over heile landet.

- Naturleg å slå saman med Garborgdagar

- Det kan godt vera at me, reint praktisk, finn at det ikkje er nokon god idé å ha ei stor veke i januar, og så ei stor i august eller starten av september. Eg vil seia at det er naturleg å sjå det året det er Haugtussaveka, så flyttar me garborgfeiringa. Då får du ikkje Garborgdagar i januar på den vanlege måten, seier Inger Undheim.

Garborgdagar først og fremst har eit lokalt publikum, som kan gå heim etter arrangementa er over, medan det av klimatiske årsaker er vanskeleg å lokka turistar til Jæren, i kalde januar. Ho legg til at ho ikkje har drøfta ei slik samanslåing med nokon.

- Først må ein utgreia om dette er mogleg å få til. Men alt i alt synest eg det er enormt gledeleg at kommunen viser eit slikt initiativ, og på mange måtar forpliktar seg til å la Haugtussa og Garborg vera ein av våre kultureksportartiklar.

Næringsforeininga undrar seg

I sitt innspel til kulturplan er ressursgruppa Bryne kultur og festivalar, organisert under Bryne næringsforeining, tydelege på dei ikkje ønskjer nyvinninga Haugtussaveka velkommen:

«Garborgdagar er allereie på folkemunne og Haugtussadagar vil stå i vegen for ei videreutvikling av desse. Time kommune bør ikkje setja i gang nye store prosjekt, men heller styrka dei som allereie finst. Time kommune bør ikkje setja i gang nye store prosjekt, men heller styrka dei som allereie finst. Kommunene bør trekka inn lokale aktørar og støtta, styrka og tilretteleggja for dei som allereie skaper, ikkje vera dei som skaper.»

Christian Stabel, leiar for Bryne næringsforening, seier til Jærbladet at innspelet baserer seg på at den nye festivalen kjem i tillegg til Garborgdagar. Han vil ikkje spekulera i ei eventuell samanslåing, sidan det ikkje er det som er skildra i kulturplanen, men trur det vil vera praktisk vanskeleg å byggja opp Garborgdagar til å bli ein god festival, dersom tidspunktet for arrangementet ikkje ligg fast frå år til år.

Christian Stabel er leiar av Bryne næringsforening. Foto: Trine Selvikvåg

- Sats på Garborgdagane og Livsgledefestivalen

Han er usikker på om det er marknad for endå ei veke om forfattaren Arne Garborg. Hovudbekymringa er pengane på kulturbudsjettet blir smurde tynt utover, med den konsekvensen at potensialet i eksisterande konsept ikkje blir utnytta.

- Det er tøft at dei vågar å tenkja stort, men eg veit ikkje om det er det me treng. Det finst berre ei viss mengd pengar, og det er tale om store summar.

- Me er opptekne av å få mest ut av pengane, og då er det Garborgdagane og Livsgledefestivalen som bør satsast på. Dei er små, men veldig flotte festivalar, men med for få folk. Me bør fokusera på dei, i staden for å starta noko nytt.

I innspelet til kommunen, skriv næringsforeininga at ønskjer å byggja dei to festivalane opp til eit regionalt nivå. Christian Stabel forklarer at ressursgruppa med regionalt nivå meiner ein festival på storleik med Potetfestivalen og Jærdagen, og meiner at berre Gladmaten er av nasjonal storleik, i Rogaland.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...