Vil samarbeida om pakkeløysingar for turistane

Jonas Skrettingland heldt presentasjonen «Politisk vilje til å satse på næring i vekst». Foto: Snorre Standish Norheim

Jonas Skrettingland vil vera gjestmild, men også tena pengar på besøkande. Ved å samarbeida om pakkeløysingar skal det lokale næringslivet gjera det lettare å vera turist på Jæren. Det skal gje fleire reisedøgn og meir lukrative turistar.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 25.11.2018 kl 15:01

«Saman er vi stein, kvar for oss er vi sand.» Hå-ordførar Jonas Skrettingland tydde til eit ordtak frå Madagaskar, der han har vore misjonær, for å setja ord på behovet for å arbeida saman og på tvers av grenser, for å auka verdiskapinga i det lokale reiselivet. Fredag tok han på seg rolla som ambassadør for Jæren og innleia til workshop-møte på konferansesenteret Vidsyn, på toppen av høghuset på Bryne.

Næringssjefane i Klepp, Time og Hå stod bak møtet, saman med Elisabeth Saupstad, direktør i Region Stavanger. Dei vel 70 påmelde deltakarane kom frå lokale kulturinstitusjonar, overnattings- og opplevingsstader, interessegrupper og andre delar av næringslivet, men òg frå det offentlege.

Reidar Hebnes orienterte om bysyklane som kjem neste år. Talet på kommunar med syklar i regionen, går frå 4 til 12. Han nytta integralrekning for å fortelja om alle reisene som ladestasjonar for sykkel opna for, mellom tettstadene på Jæren. Foto: Snorre Standish Norheim

Turistvideoen om Jæren som rulla før Jonas Skrettingland begynte å snakka, handla om ein surfar frå Austlandet, som prata om omskifteleg vêr og flott lys. Sjølv heldt han fram med å snakka om Jærkysten, levande landbruk og lågheier - ting han sa at alle i lokalet var klar over, og fullstendig samde om.

Kort om: Workshopmøte om turisme Jæren

  • Arrangementet «Bli med å utforme framtidens reiseliv på Jæren» vart halde fredag 23. november, i høghuset på Bryne.
  • Pilotprosjektet er sett i gang av kommunane Klepp, Time og Hå, saman med Region Stavanger.
  • Målet er auka turisme og auka verdiskaping på Jæren.

Oppgåva til deltakarane, etter eit 45 minutt lang opningsprogram, var å gå saman i grupper og finna ut korleis dei kunne lokka utanfor Jæren til å feriera her: «Del erfaringer, få inspirasjon, hva skal til, hvordan skal Jæren posisjonere seg ute i den store verden - og hvordan kan du bidra til det?»

Verda er marknaden

På borda framfor deltakarane, låg det store kart over Jæren. Den eine plansjen til Elisabeth Saupstad, i Region Stavanger, var eit verdskart, som minte deltakarane om kva som var marknaden deira.

Kart over Jæren, på konferansen om framtidas reiseliv på Jæren. Foto: Snorre Standish Norheim

- Når kundane seier dei vil «til Skandinavia», betyr kommunegrenser lite, sa ho.

Rallarvegen var i grunnen ikkje meir enn ein grussti, peika Elisabeth Saupstad på, før det lokale næringslivet la til rette for

opplevingsturisme, med komplette pakker for overnatting, mat og sykkelutleige. Ideen er at ferdige pakker gjev fleire reisedøgn, og dermed auka verdiskaping.

- Føremålet med denne workshopen er å ta neste steg i utviklinga av turismen på Jæren, sa næringssjef i Time, Reidar Hebnes.

- Nokon vil sikkert seia at dei har høyrt det før, men nå skal fokuset vera på korleis me skal marknadsføra oss, ikkje på organisering. Kva er det på Jæren som kan seljast? Då ber me om hjelp frå dei som har klart det.

Før workshopane begynte, fortalde grundaren bak Outdoorlife Norway, Johannes Apron, om korleis han gjekk frå å driva eit enkeltmannsføretak, til å utvikla ei heilårsbedrift som dreg folk frå heile verda, for å oppleva Lysefjorden.
berre

Går etter pengane

- Me liker at det kjem framande til gards og steller godt med dei som kjem. Men me har ikkje tenkt på dei som kjem, som inntektskjelder, som kan henta pengar til Jæren, sa Jonas Skrettingland.

Elisabeth Saupstad poengerte at reiseliv var verdas raskast veksande næring. Ho sa at reiselivet kjem til å bli «ekstremt viktig» i åra som kjem, og at målet for regionen var å dobla talet på reisedøgn, frå 1.9 millionar i år, i løpet av 5 knappe år. Jæren skulle «bløma», sa Saupstad, men då måtte det lokale næringslivet ta gjestebrillene på.

Opplevingssegmentet blir viktig å utvikla, ifølgje Elisabeth Saupstad i Region Stavanger. Foto: Snorre Standish Norheim

Skrettingland viste til eit tal frå 2016, då turistnæringa i Norge omsette for 42,8 milliarder, og sa at altfor lite hamna på jærske hender. I 2019 kjem det opp ei politisk sak i Klepp, Time og Hå, om å skipa eit utviklingsselskap for turisme. Parallelt går eit arbeid om å profilera jærmålarane, samstundes satsar Nasjonale turistvegar på strekninga Bore-Brusand.

- Me skal ikkje berre ta i mot framande på Jæren. Me skal utnytta dei bitte litt, sa Skrettingland i slutten av sitt innlegg.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...